.

 
 




 
 

Gygrå i Marshove

Fra : Soga um Strand av Holger  Barkved.


I Marshove budde det ei gygr. Ho var so stor at hælen hennar syner i Nagklubben og tærne i Idsetangane. På Tau var det i den tid ein gamal heidensk kultusplass. Olav Haraldson kom ein gong dit og skulde gjera ende på heidenskapet. Han kom i land på Tauravågen, men gygra sette etter han. Skipet til Olav for som kjent like godt over land som på sjøen. Han tok då upp over heida, og merket etter skipskjølen syner den dag i dag. Plassen heiter no Kjøldal. Men aust for Amdal stod det reist ein steinkross, og denne kom ikkje gygra frarnum. Olav stogga i Voster, og til minne um dette vart det seinare bygt ei kyrkja som vart vigd til Heilag Olav.

Då Teobaldus tok til å reisa Kristkyrkja i Stavanger, var gygra i Marshove so pågåande at Teobaldus selde seg for å få fred medan han bygde. Kunde han gjetta kven som skulde koma og henta han, skulde han sleppa fri. Men tida gjekk, og han kunde ingen ting segja. Dagen fyrr han skulde verta henta, gjekk han og grunna. Medan han gjekk over eit berg, høyrde han barnegråt, og so song med brummande røyst:

«Ro ro, liden kind! (Lite barn.)
i mårå kjerne fæle finn (den vonde)
far din me sol å måne (dei heidenske merke)
te båne.»

Soleis fekk han greida på kva han skulde svara (fæle finn), og dermed var han fri. Risen og gygra tok då upp kampen mot sjølvaste krossmerket og kyrkjeklokkone. Dei tok på å kasta stein. Den fyrste var på storleik som eit vanlegt hus. Den fall ned på Bergaland.


11
Kongsteinen på Bergeland sett fra Breivatnet. (Dreyer bok)

Den andre var langt større. Den fall ned tett ved kyrkja og slo eit stort hol i jorda. Dette rann sidan fullt med vatn. Det heiter no Breiavatnet. Då tok gygra seg hardt på tak, reiv laust eit stort fjellstykke or Marshove og vassa ut over Hidle­fjorden. Men då ho var kome halvveges, vart ljoden av kyrkje­klokkone for sterk for henne so ho laut sleppa steinen. Han ligg der midt i fjorden og heiter Horje. Merket etter klypen hennar syner den dag i dag. Ho rymde då inn over land og upp mot Tysdalsvatnet, og ho seig meir og meir saman. Då sa ho:

«Tog eg hart i ebne
myste tonge stein,
kjorkjeklokkedn skar meg
jubt i merg og bein.
Hidlefjoren meg gjekk te kne,
men i Tysdalspytten der sok eg ne.»

Kannikkane i Stavanger vilde ikkje at ho skulde koma attende. Dei stengde då vegen for henne med to store krossar i fjellet. Når snøen har smelta på fjellet, ligg han att i krossane, og dei syner klårt ned over mot Bjørheimsbygda. Fjellet heiter no Krossen. Men gygra kom seg upp på skreppa si. (No Skreppeneset på nordre sida av Tysdalsvatnet.)
«Der ga hu seg te spøda på reib av berg å stein å sad å ruga på hevn.
Verre blei 'u kjorkjefolkje te mein.»

Merket etter handteinen hennar syner den dag i dag, og gjette­grytene er vida kjende. Uppe på fjellet syner merket etter bak­enden hennar. Der er no to vatn. Men best som ho sat der og spann på gann, ringde det med klokkone i Vosterkyrkja.

Gygra skvatt til og hoppa over vatnet til den staden der Longabergvatnet er no. Der syner endå merket etter den skeive stortåa hennar. Endeleg hadde ho spunne reipet ferdigt og tok ut over heia. Men so ringde det i den vesle Barkakyrkja, og gygra sokk då meir og meir ihop. Ho vilde då prøva og koma seg over til den gamle ting­plassen på Idse. Men ho stod ikkje botn. Ho laut grunna upp. Men ho fortok seg på ein stor stein og knikka ryggen. Steinen er å sjå den dag i dag, og brua ho tok til å byggja, heiter Jetnabrunå. Gygra sjølv minka syrgjeleg inn og ho laut gå i berg for godt. Berre ein og annan gongen, når det er retteleg myrkt, torer ho å kika fram, og då er det ikkje heilt trygt å ferdast der for folk. Gygra vert no nemnt Barkatrollet.

Andre gygrer

Tillegg: Sagn om Gygrer som satte seg imot kristningen i landet finnes det flere steder. Flere av grunnelementene i historien er de samme. Et eksempel kan være Gygra som ville stengja Hardangerfjorden: Den tid Heilag-Olav for kring i landet og kristna folket og bygde kyrkjer, var det ei gygr som ville stengja Hardangerfjorden for han. Ho tok ei stor øy utmed havet og drog med seg inn i Kvinnheradsfjorden. Der slitna øya av på to stader der no Kalvsund og Mjørnasund er.

Med det same rauk gygra baklengs bort i Neslia, og der syner enno setet etter henne i berget.

Då vart ho sint og tok utetter høgaste øya og skulle sjå kva som var på ferde. Ho skjøna då at alt strevet hennar var til fånyttes, og i sinne skreidde ho seg ned over Skorpegavelen og hoppa tvers over Storsundet mellom Skorpo og Uskedalen og opp på bergheiane. Der tok ho ein stor stein og grytte han bortover Skorpefjella, og her kan ein sjå han den dag i dag.

Fra Abel Segleim, 50 aar i Anton Espeland: Segn og Soge fraa Hordaland, 1933.

Et annet eksempel fra Ringerike: En gang kom Olav den hellige til gården Stein og ville bygge en kirke der. En gygr, det vil si en trollkvinne, sa at før Olav hadde bygd kirken, skulle hun ha lagt en steinbro over hele fjorden. Olav svarte da at dersom gygra virkelig greide det, skulle han love ikke å bygge kirken. Men før gygra var halvferdig, hørte hun klokkeklang fra gården, og se der stod kirken ferdig! Hun ble vill av raseri, fór opp på den største toppen på Krokskogen, kalt Gyrihaugen, og hev svære steiner mot kirken. Men hun klarte ikke å treffe. Da ble hun rasende, rev av seg lårbeinet og kastet det mot kirken. Det havnet i en myr bak kirken, og der ligger det og stinker den dag i dag.

Slike historier baserer seg på den motstand som fantes i den hedenske befolkningen i kristningsperioden, samtidig som kirkens menn, ofte Olav den Hellige, ble tillagt overnaturlige evner for å overstråle den eldre tidens sagnfigurer. En gygre er en kvinnelig gigant/kjempe, en Jotne (Jötnar), eller Rise (Risi), også kalt Bergrise. Den moderne varianten har utviklet seg til det vi idag kaller Troll, og en kan altså derfor idag kalle en Gygre en Trollkvinne.

HS

 

hovedsidetilbaketopp

Huldresogor


Huldrefolket var ofte å sjå fyrr i tida. Dei var nedætta frå Adam, men ikkje frå Eva. I bibelen vantar me ei av Mosebøkene. Denne har paven gøymt. Der står fortalt at Adam fyrst hadde ei kona som heitte Lilia. Med henne hadde han mange born. Surne av desse var uvanleg vene, medan andre var ljote. Dette lika ikkje Adam.

Ein dag kom Vårherre og spurde Adam um han skulde få sjå borna hans. Adam synte han berre dei ljote. «Har du ikkje fleire?» sa Vårherre. «Nei,» svara Adam. «Vel», sa Vårherre, «dei som er dulde ska verta te huldre.» Ein kan elles sjå det av vår bibel og at Adam hadde vore gift ein gong fyrr. For då han fekk Eva, sa han: «Denne gongen er det bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt.» Han trong ikkje ha sagt denne gongen um han ikkje hadde havt ei kona fyrr.  

1

Det er berre eit par år sidan det livde folk i Strand som fortalde at dei hadde set huldrer. Ein av desse fortalde: «Eg kom gåande langs med nordre sida på Åsvatnet. Då vart eg var ein liten gut som gjekk på austre sida av vatnet og fiska. Guten såg ut til å vera uvanleg fin. Då eg nærma meg han, var det som han sko vore sokken i jorda.

Ein annan fortalde at han kom gåande upp Jørpelandsdalen. Han skulde eit ærend til Furunes. Han var ikkje fælen, og fint måneskin var det. «Best det var, såg eg tolv små menneskje framfyre meg. Dei var alle gråklædde. Eg skunna på og vilde nå dei, for eg kom ikkje på noko gale, men so med ein gong var alle burte.»

Frå Furunes, Foto Aleksander Jøssang.

 

Ei gamal kona fortalde at ho tente på Vaula i ungdomen. I den tida såg dei ein ljoske i Bjørkeneset å segja kvar einaste kveld. Der bur ikkje folk, so anna enn underjordiske kunde det ikkje vera. «Men me var so van med det at me tykte det var 'kje meir enn som tilhøyrde,» sa ho.

Elles var det mange stader det var utrutt.  Men verste plassen var likevel Trodlahaugane midt millom Tjøstheim og Vaula. Mange rare ting har folk set der. Ein gong tok trolla der ei livande gjenta or røyk stova på Vaula; Folk høyrde ho ropa um hjelp, men dei kunde ikkje berga henne. - På Idsal var det ei tid so mykje huldrefolk at dei fann på å skjota dei ut av øya. Dei måtte då halda byrsa bak ryggen og skjota bakover. Såg dei den vegen dei skaut, kom hagla attende. Der var so mange huldrer at dei rodde to fullsette båtar over Idsalsundet. Dei tok bu i bakken på austsida.

hovedsidetilbaketopp

Kalbergstuten


I Svinesmarka høyrde dei ofte Kalbergstuten. Når dei var ute og kosta på kyrne, svara han som ei vanleg ku, og på det vis lokka han folk mot seg. Ein mann fortalde at han trudde «ikkje de bøss på heila slåså. Men ein gong eg gjekk frå Erlandsdalen te Svines, fekk eg sjå det va sant. Eg var vel feien eg kom meg te Svines me live. - Koss han såg ud, seie du. Jog, farr, han såg ud så ein gris framme og så ein stud bag.»

hovedsidetilbaketopp

Sjøormen


Ein gong hadde sjøormen lagt seg til i ldsalsundet. Av og til tok han seg ein tur ut i fjorden. Då rokk han frå Oanes til Høle. Folk var so livande redde at dei torte ikkje koma på sjøen. Det gjekk av ni vikor utan preik på Høle, for strandapresten kunde ikkje koma over fjorden. Men so var det ein gong presten og skjuss­folka hans hadde krøkt seg langs landet og kom fram til Høle. Då vart det preika, og presten bad frå stolen at Vårherre måtte senda hjelp. Då kom det ein havhest same dagen. Då presten kom til ldsalsundet på heimvegen, var heile sundet fullt av blod. Men sjø­ormen var burte, og ingen har set han sidan.

hovedsidetilbaketopp

Løysa og binda Hinmannen


Ein gong var presten og preika på Høle. Best han stod på preikestolen, kjende han at det var noko gale heime. Han gjorde seg snøgt ferdig og bad skjussfolka ro alt dei orka. Då han kom burt under Strandalandet, såg han at det rann ein strid bekk nedover, og den bekken fanst elles ikkje til.

Det hadde seg slik at prestefrua tykte det vart noko langsamt heime, og so hadde ho funne seg ei bok. Det høvde seg soleis at det var Svarteboka ho hadde funne, og der hadde ho kome til å lesa eit stykke som handla um å løysa og binda. Best som ho sat og las, kom Hinmannen og spurde kva ho vilde. Frua visste vel at det var inga moro å ha den karen gåande laus, for då kom han til å ta henne. Ho laut skaffa han arbeid til mannen kom heim. Det var um hausten, og det stod fullt av kornstaur på alle åkrane. Desse fekk han bod um å bera heim. Men det var gjort på ein augne­blink. So fekk han bod um å ausa tom Prestetjørna. Det gjekk med dagen, men tjørna er kolande djup, so det hefte nok meir enn han hadde etla. Han var ferdig straks fyrr presten kom. Etterpå hadde prestefrua sett han til å bera solskinn inn på myrkekammeret i eit heresold. Det greidde han ikkje. Han var åt og gret då presten kom. Då vart det ei hard tretta med dei. Presten svara godt for seg og heldt på og mana. Etterkvart folna Hinmannen burt, so han visste ingen ting å svara. Presten tok ein syl og stakk gjenom golvet, og der laut styggemannen ned. Sidan har han ikkje synt seg der i garden.

hovedsidetilbaketopp

Ei kyrkjesegn

11
Voster ca. 1910

Det er fyrr fortalt um Vosterkyrkja som brann upp. Det var fyrst tanken å byggja kyrkja uppatt på same staden. Timberet var hogge, og mykje av det var flota over vatnet. Men ein kom ikkje lenger, kva no grunnen kunde vera. Tanken var då å byggja ei kyrkja midt i sokna. Ei tid tenkte dei på Vastveit, men det vart berre eit lite kapell inn i bygda. Men so fortel segna at dei fann ein stor timberflåte rekande ut for Hidle. Men timberet var så samanstuva at dei greidde ikkje løysa det. Då kom dei på at dei skuld e lova å byggja kyrkja av det, og då losna det.

Dei tok då på å byggja på ein flate uppe i Vaulelia som heiter Kjorkjesponen. Dei hadde lagt eit umfar, men um natta vart alt øydelagt. Då dei kom og skulde ta til um morgonen, fann dei ikkje att korkje grunn eller timber. Det var trolla i Trodlahaugane som hadde fått det vekk. Dei vilde ikkje ha noko ringjing kloss inn på livet. Seinare fann dei timberet att på Strand. Der vart kyrkja bygt.

hovedsidetilbaketopp

Vitormen


Der dei kvite revebjøllone veks, var det fyrr ein orm som dei kalla vitormen. Han hadde ein raud kam etter ryggen. Koka dei denne ormen, flaut det tri feitkulor upp på søet. Kvar av desse kulone hadde ei sers evne. Ei av dei kunde gjera eit menneskje framsynt, ei kunde gjeva evne til å lækja, og den tridje kunde gjera ein kunnig til å bruka gann.

I Ugelid tente der ei gjenta som dei kalla Blanka-Dorte. Kona i huset hadde ein gong funne ein vit orm og hadde koka han. Ho gjekk sa ut i fjaset, og i medan stod gryta inne så søet skuld e kolna. Då kona kom innatt, sa Dorte at ho kunde fortelja korleis den kalven dei venta, kom til å sjå ut. Kona svara berre: «Å, har du nå vare der og.»

Det fanst sume som var trollkunnige. Og denne kunsta kunde dei nytta på mange måtar. Soleis var det ei kona på Tau som sette ein trenagle inn i veggen. Av denne kunde ho få so mykje mjølk som ho vilde. Men var ho altfor strid, rann det reine blodet or spenane åt kyrne på grannegardane.

hovedsidetilbaketopp

Skrømt

På Tau spøkte det ved den gamle brua ved bedehuset. Folk hadde sett en mann som hoppet i elva. det var flere av møllearbeiderne som gikk over brua om morgenen da det var lyst, men om kvelden når det var mørkt torde de aldri gå den veien hjem. Da gikk de heller en stor omvei.

I kvamaheia spøkte det også. Der satt det en mann i veien på en hidler ved Ommundshålå. Det var mange som ikke torde gå den veien i mørke netter.

Bestefar til Tore Langeland hadde fraktefartøy. De seilte på Nord Norge med steintøy. Den turen tok nesten et år. De la båten i Alsvika og gikk over Kvam på vei hjem. En gang så han huldra i grønn stakk, han ville fange henne men hun smatt unna. Når han trodde han hadde tak i henne  kolliderte han med en kornstakk. Huldra var nok rask til beins og visste å sno seg unna. Til slutt ga han opp.

På Tjøstheim ved Trodlahauene steilte hestene hviss de skulle kjøre forbi om natten i 12 tiden. Det var mye skrømt ut og gikk der om natta.

hovedsidetilbaketopp

Svines Bjørnen

Bjørnen i Strand

To år etter den store skrubbejakta vart den siste bjørnen i Strand drepen. Han sette livet til i sjølvskotet på Svines. Det var truleg i Svinesmarkene han heldt seg lengst. På Svines hadde dei i 1803 ei sjelden bryllaupsoppleving. 2. pinsedag vart Tore Svines vigd med Inga Gøysa i Høle kyrkja. Då brudefylgje etter denne høgtida var komne heim til Svines og sat ved middagsbordet, høyrde dei eit skot oppe frå lia. Dei skyna straks kva som var hendt. Det var bjørnen som hadde gått i sjølvskotet.

Det vart slutt med bordskikken. Alle sprang frå bordet, tok staurar og stokkar og sprang mot skogen. Kvinnene var også huga vera med, men dette fekk dei ikkje lov til. Dersom bjørnen var skadeskutt, kunne han vera livsfarleg. Bjørnen var daud. Dei batt føtene saman, stakk ein lang staur imellom og bar han i eit jublande tog ned til bryllaupsgarden. Så kunne fylgjet setja seg til bryllaupsbordet att.

Den best kjende bjørnesoga me har i Strand er truleg ei frå Ugelid. Ei jente skulle ein kveld gå frå Tau opp til Ugelid. Oppe i lia kom ein bjørn over henne, slo henne i svime, men utan å skadå henne meir. Det låg mykje ris kringom etter skoghogst. Bjørnen tok til å bera ris og breia over henne. Nett då kom to mann framom på vegen frå Amdal. Dei jaga bjørnen bort og berga jenta heim til Ugelid.

hovedsidetilbaketopp

Legedom i kyrkja:

Det var stor legekraft i somt av det kyrkja åtte. Best i så måte var altervinen. Den kunne lega mest alle sjukdomar, men ikkje helsott. Ho høyrde lagnaden til, og mot den var det inga råd.

Altervinen må ha vore ettersøkt, for det vart sett strenge forbod mot å ta eller gje bort altervin. Det som kunne skrapast av kyrkjeklokkene var god medisin. Det var også eit godt middel mot kjærleikssorg. Den eine kyrkjeklokka i Vosterkyrkja vart etter brannen hengt opp i Strand kyrkja. Det vart fortalt meg at den eine sida til slutt vart tynn skrapa. Ho fall sidan ned og måtte støypast omatt.

Knut Strand fortalte etter ein gamal granne. Hoveddøra i den gamle kyrkja hadde mange bokstavar innskorne.
Det skulle vera namnebokstavane for folk som på den måten søkte hjelp i sjukdomar eller anna vondt. Det var også innslegne mange tenner. Det heitte å vera mest barnetenner. Dette skulle vera til hjelp mot tannverk. Ein neve mold frå vigd kyrkjegardsjord  skulle vera beste  medisinen mot husdyrsjukdomar.

Nøkkaberget

I nedre delen av Korsvatnet ligg Nøkkaberget. Der heldt nøkken til. Det har levd folk på Tau heilt inn i dette hundreåret, som i fullt alvor kunne fortelja om han og hadde sett han.

Skulestyrar Amund Salvesen dreiv amtskulen i Strand i eit av åra kring århundreskifte. Han fortalde meg om ei kone på Tau som den gongen var over nitti år. Ho hadde fortalt Salvesen om nøkken. Ho såg han ofte og stelte vel med han. Han såg ut som ein lågvaksen mann og gjekk kledd i svart stutbukse og raud stutt-trøye. På hovudet hadde han svart hatt med vid brem. Han hadde fast tilhald om nettene i eit lite hus på garden hennar. Der sette ho  kvar kveld inn mat til han. Om dagane sat han på Nøkkaberget. Han gjekk aldri den vanlege vegen til og frå garden men hadde ein eigen veg, som berre han bruka. Ho rekna han  som fast gjest på garden, men av og til kunne han også overnatta i Ugelid.

Kongar i Strand

På Tau budde ein gong ein konge som heitte Geirmund. Han låg i strid med ein konge som budde på Talje. For å sikra seg og folket bygden han ei borg på Borgåsen. Han sette også opp ei vaktstove på Rossåsen. Ei jente som heitte Gon stod eingong vakt der. Då vart ho drept, og etter henne heiter lia Gonlia.

På Holta budde ein konge som heitte Grim. Han rådde over Bjørheimsbygd. Han kom opp i hard strid med Geirmund på Tau. Slaget stod i Skredalen. Der fall begge kongane. Taurakongen vart gravlagt i Skredalen, men Holtakongen vart lagt ned under åssom sidan fekk namnet Grimsåsen. Då dei hadde hatt utskiftning  på Nerhus og det skulle setjast opp skiftegard, braut dei opp ei grav under Grimsåsen. Hellene bruka dei i steingarden. Dette skulle vore grava til kong Grim på Holta.

Harald Hårfagre hadde hovudgarden sin på Mosterøy. Men han hadde mange gardar i Ryfylke, m.a. Liland på Tau. Det var meir som ein sikringsgard han kunne røma til dersom det trongst. Det er ikkje sikre merke etter nokon kongsgard på Liland. Me har difor lite å halda oss til. Men vegen frå Liland og nedover til Taugardane vart lenge kalla kongsvegen. Kanskje kan dette støtta sagnet litt. Seinare skulle Eirik Blodøkse ha overteke denne garden.

Eirik Blodøkse fall i eit stort slag i England. Han vart gravlagt der. Eirik budde i York saman med kona og sønene sine. Dei var for unge til å vera med på herferda. Sidan flytta dei heim til Noreg. Men så fortel sagnet at då grov dei også opp Eirik og førte han med seg. Han vart då gravlagt sør for Tau, på ein stad som sidan vart kalla Eriksanden. Det var planen å reisa ein bauta over han. Men steinen ligg opp frå Sandvika den dag i dag. Det er ein mekteg stein, 10,5 m lang 1,5 m breid og 0,5 m tjukk. Det vart mykje strid mellom Eiriksønene og det skulle vera grunnen til at steinen ikkje vart reist. Om ikkje denne segna har med sanninga å gjera, så veit me visst at det har budd mange mektege menn i Tau-området. Men diverre har det vore herja stygt med desse fornminna, så me vil aldri meir få noko godt bilete av dette.

Trollpakk på Idsal

Tollef Thormodsen Botne, seinare Idsal, var leiglending på Idsal. Han døydde i 1860. Lenge var han mykje plaga av trollpakk som romsterte på bruket. Det var helst i løa dei heldt til og laga eit svare leven så det ikkje var fred å få. Til slutt vart Tollev så lei av denne styren at han tok børsa for å jaga dei bort. Han gjekk kring løa og sende skot på skot inn i løemurane. Dette vart  for heitt for trollpakket. Dei lovde då å flytta bort frå bruket på dei vilkår at Tollev skulle gjeva dei ein ny stad å slå seg ned..

På Idsal ville han ikkje ha dei meir, men lova dei friplass i Fåråsen (Furuåsen) inne mot Erlandsdalen. Der har dei fått leva i fred og etter som det vert fortalt, held dei til der enno. Kanskje bråkar dei ved nattetider like mykje som før, men det skakkar ingen, for Fåråsen ligg langt frå folk. Dei som hastar forbi i bil  kan ikkje høyra noko i bilbråket. Neste gong du fer framom ved nattetider, rår eg deg til å stagga og lyda etter. Kanskje kan du ei kort tid få leva deg inn i fortida då troll, tussar og heile hera av underjordiske var klar røyndom. Dei gamle hadde i dette trass alt ein rikdom, ein gamal arv me har mista.

Sjøormen og havhesten

Sjøormen og havhesten var ikkje vidare vener. Stundom jaga havhesten sjøormen inn i fjordane og la seg sjølv på vakt utfor så ikkje sjøormen kunne røma. Slik bar det til at ein sjøorm vart dreven inn mot Høgsfjorden. Der la han seg til i mange veker og var så lang og kjempestor at han stengde alle sund. Folk kunne ikkje ferdast på sjøen. Ved Hølekyrkja var det messefall fleire gonger fordi strandapresten ikkje kunne møta fram til aneks kyrkja. Folk ergra seg mykje over dette, og det vart bede i kyrkjene om at Vår Herre måtte senda havhesten innover og fria folket ut.

Så ein dag kom den veldige havhesten innover og møtte sjøormen. Det vart eit yeldig basketak og sjøen stod ei tid i kok og rek. Då havhesten fekk overtaket låg sjøen att som blod. Havhesten storma ut mot havet att og folket gledde seg over fridomen.
Ei liknande hending gjekk føre seg ved Hjelmeland. Der vart  bakstetaket like stort. Sjøormen vart drepen og rek i land. Der vart han liggjande og rotna og forpesta bygde i lange tider. Havhesten gjekk heller ikkje skadelaus ut or kampen. Kva skade han fekk, veit ingen. Men sjøormen må ha bite av han eine hoven. Han rek i land i Hjelmelandsvågen og bonden på Sæbø tok seg av han og bruka han i mange år som mjøl kar.

Ulven

Bjørnen var det største rovdyret. Likevel frykta dei ulven meir. Stundom kunne han koma i store skreider. Når folket høyrde at ei slik var ventande, kunne dei samla seg og freista skremma dei bort. Ulven var så lumsk, luren og uhyggeleg at folk våga helst ikkje å nemna han med rette namnet. Dei bruka å seia at der han er nemd er han stemd. Difor vart han ofte kalla gråbein. Det er truleg av den grunn me har så få ulvenamn i Strand.

Laurentsa Nerhus i Bjørheimsbygd kunne fortelja mykje om ulven, endå ho berre var småjente då han heldt til på garden. Ho kunne minnast at han på kalde vinternetter sat oppe på bakken bak husa og hylte uhyggeleg. Ein gong kom han ned til geitehuset. Det stod berre 20-30 meter frå røykstova dei budde i. Der grov han ut nokre steinar i den dårlege grunnmuren og kraup inn i huset. Det vart vill remjing mellom geitene. Folk sprang til for å berga, men då dei kom inn i huset låg 7 geiter daude på tufta.

Laurentsa fortalde at ho i 12-års alderen laut gjeta sauene langt borte i lia ved Holane. Men det var ikkje nok at ho skulle gjeta sauene. Ho skulle også nytta tida til å skjera lyng, som vart bruka til for. Difor gjekk ho med ein sigd i handa. Rett som det var såg ho ein ulv som var i ferd med å ta ka ein feit gjeldsau ho hadde i flokken. Eg hadde ikkje anna å gjere, fortalte ho, enn å freista jaga udyret bort. Heldigvis hadde eg sigden å berga meg med. Eg sprang imot ulven og hakka i lufta med sigden - og trur du ikkje han rømde.

På Leite var ulven nærsøkjen. Gamle Anders Leite, bestefar til Anders som sit på garden no, har fortalt. Han hadde fått eit lam for å gjeta. Det gjekk ofte litt for seg sjølv. Ein dag kom det en og gav seg i kast med lammet. Anders sprang til og fekk berga det. Ei tid sleit de i kvar sin ende på lammet. Anders dengde ulven i hovudet med treskoen og skreik fælt. Ulven laut sleppa taket og rømde bort. Kona til Anders har fortalt at ho eingong møtte ein ulv som stod mot henne og flekte tenner. Ein gong såg dei frå husa ein morgan 18 ulvar som rekte etter einannan i ein flokk opp ved Langaberg.

Gamle Halvard Langeland hadde vare i Bygda på ein auksjon. På heimvegen over heia høyrde han først ein ulv hylte ute på heia. Straks etter var det ein som svara inne i Hamrane, at om ikkje lenge vart det eit heilt ulvekor. Halvard hadde ikkje anna å bera på enn ei vevskei han hadde kjøpt på auksjonen, og han drygde ikkje ut tida på heimvegen.

Ein annan sørbygdamann gjekk ein gong over same heia. Han bar på ei kipa full av småsei og hadde ein gutunge med. Guten var ganske lei av seg. Oppe på heia gav han seg til å gaula. Faren advara han mot dette, for ulvane kunne koma. Lenger inne på heia ser dei først ein ulv koma etter seg. Mannen og sonen skunda på best dei kunne, men ulven tok inn på dei. Straks etter ser dei at det var fleire ulvar i lag. Mannen kasta då ut ein sei for å sinka dei noko. Dei skunda på det beste dei kunne, men ulvane vart berre meir nærsøkne. Meir fisk måtte kastast ut. Ulvane slost litt kvar gong om maten. Mannen og sonen hans sprang for livet og kom velberga heim. Men det fanst ikkje fisk att i kipa.

Pål Førland mista ein ver tredje juledag. Ulven var komen inn i sauehuset og det vart vill røra. Då Pål kom til for å hjelpa, var også ulven skremt. Han bykste over ein ver. Veren fekk sjokk og daua. På Sedberg var ein ulv så nærgåande at han tok mat i bislaget på eit hus. Truleg var det eit fiskeknippe som var hengt opp der.

Johs. Rørheim fortalte etter mora, som budde i Tøgje. Bestemora hennar hadde vore på Rossøya for å handla. Ho gjekk over isen. På heimvegen såg ho tre ulvar som var på veg inn mot fastlandet. Ho var svært spent på om dei ville gå inn til Tøgje. Dei gjekk opp på fjellet nærare Alsvik.

4. mars 1854 hadde dei organisert eit stort lag for å driva ulven ut. Alle vaksne menn laut møta. Var det nokon som ikkje ville vera med, skulle dei betala 2 ort og 12 skilling i mulkt. Men skrubben kom att og dei laut ut på nytt. Peder Holane fortalte at faren, Per, etter denne drifta fekk to ulvungar til å leika med. Dei vart for dyre å halda på og måtte straks avlivast.

Den siste og store skrubbejakta gjekk føre seg 17. august 1857. Då var det med folk frå Lyse, Strand, Ardal, Fister og Hjelmeland. Dei gjekk manngard, huja, skreik, skaut og jaga skrubben føre seg inn gjennom heiane. Då kom han ikkje att til Strand. Kanskje var det giftåtene til Pilt-Ola som sidan tok knekken på han.

Svartedauen

Segna fortel at Svartedauen for svært hardt fram i Strand.

Det  heitte at tre dagar etter at sotta var komen til Botsfjorden, låg det ni likbåtar i Barkavika. Det var kyrkjegard eller gravstad på Barka i dei tider. Vidare heitte det at det vart att ein mann på Barka og ei kone i Asen. Dei gifte seg sidan saman.

På Tungland levde att ei jente. Ho heitte Ingrid. I nordre Strand rauk det berre or tre skorsteinar. Det var på Tau, Nerhus og Geitaskjer.

Mange gardar vart liggjande øyde. Så seint som i 1567 var dette tilfelle  med Vatland, Tveit, Nes, Langeland, Tungland, Jøssang og Botne.

Varsel om død

Det var så mange slag varsel folk trudde på. Her skal det berre takast med nokre som varsla død. Eg minnest kor sterkt inntrykk dei gjorde på oss som barn. Endå om me ikkje trudde så sterkt på dei, hadde dei likevel grave seg sterkt inn i sinnet. Dersom me såg halmstubbar eller anna liggja i kross på golvet, spådde det dødande.

Mest endå verre var det dersom hunden la seg langs golvfjølene og med hovudet mot døra. Det varsla at det skulle berast ut lik. Dersom kattugla gol i nærleiken av husa, var det eit ille varsel. Sette ho seg til å gala på husmønet, varsla det sikker død.

Det gjorde eit sterkt inntrykk på meg då eg ein kveld skulle fylgja ein annan gut eit stykke på vegen heim. Me hadde fylt lommane med søteple for å ha noko å gnava på etter vegen.

På vegen like ovanom ein gard, sat ei kattugle i eit tre og gol. Me våga ikkje gå framom henne, og ho såg ikkje ut til å vera redd oss. Me kasta søteple mot henne for å få ho bort. Endeleg skjedde det, men då var eg så redd at eg torde ikkje fylgja lenger. Me sprang heim kvar til seg fortast me kunne. Det gjorde ikkje saka betre at straks etter døydde mannen på garden der kattugla sat og gol.

Fekk ein høyra veggjasmeden syngja i tømmerveggen var det eit ille varsel. Eg kan enno minnast at eg som ganske liten gut låg sjuk ei natt og ikkje fekk sova. Då fekk eg høyra veggjasmeden spela og syngja. Det var ikkje det grann hyggeleg.

Når  nokon fortalte at dei hadde høyrt liksongtonar frå den eller hin kanten, var det mest som ein kunne få skjelten. Det hendte fleire gonger dei høyrde liksongtonar frå Fullshammar på Førland. Ein gamal mann som hadde høyrt dette fleire ganger sa at det var eit sikkert varsel for at det straks skulle liggja lik i Dalen. Dei sa at varselet hadde slege til.

Såg ein nåljos (dødsljos) (St. Elms ild, som det heiter fysikkbøkene) varsla det død. Ofte synte han seg i mastetoppane og gjerne før eit uver. Seinare har dei funne eit naturleg samanhang ved dette. Eit sterkt uver var ein fare på sjøen. Eit fartøy kunne forlisa og gå ned og då fylgde oftast dødsulukker med. Eit vardøgr varsla også oftast død. Alt dette fekk ein som førevarsel - og folk gjekk i otte. At det ikkje vert teke med meir om varsel, kjem av at det er så stort kapittel at alt ikkje kan takast med. Elles ville det berre verta sunnrive.

Oskereia (Åsgårdreia)

Åsgårdsreia rir gjennom luften. Maleri av Peter Nicolai Arbo (1831-1892)

I mørke vinternetter, helst ved juletider, kunne ein venta oskereia. Det var eit tog av ville vette som rei gjennom lufta på svarte, skummande hestar. Først høyrde ein ho som ein svak sus langt borte. Lyden og bråket auka på til nærare ho kom. Då ho for over hus ringla det i bjeller og seletøy. Det var rop og ville låtar, og rabalderet var så sterkt at husa skalv. Folk måtte snarast råd krassa seg og lesa Fader vor. Heldt ein seg ikkje inne, kunne ein verta riven med, og ein såg dei aldri meir. På Vaula fekk ho tak i ei jente. I all larmen høyrde folk ho ropa og skreik, men ingen kunne hjelpa. Leia bar mot Lekvam. På Tau fekk Oksereia tak i ein mann. Det var ikkje fast nok og. Andre fekk rive han laus.

For å verje seg mot Oskereia vart det sett tjørekrossar på fjasdørene. Over inngangsdørene til stovehusa vart det slegne opp hestesko, helst med saumane i. Klas Tau fortaide han kunne minnast fjosdørene på Tau med tjørekrossar. No er det truleg ingen att i Strand som har  skolve for Oksereia. Då eg var gut, trudde me neppe på desse historiane. Men det var ikkje fritt det sat att ein agg i holdet etter dei.

Tillegg: Ifølge overtroen består Oskereia eller Åsgårdsreia av kvinner og menn som er kommet brått av dage, selvmordere, druknede og ugjerningsmenn. De har ikke gjort noe så galt at de har kvalifisert seg til helvete, men kommer heller ikke inn i himmelen og er derfor dømt til å flakke om til evig tid.

Guro og Sigurd Fåvnesbane skal være ledere av reia, ridende på hestene Skokne og Grane.

Reia var ute spesiellt Lussinatt og julenatt, og hvor de kom, tok de alltid noe med seg. Bare korsets merke på både stuedør og stalldør var vern. Legger en seg ned med armene utstrakt som et kors, skulle en imidlertid være beskyttet mot reia også utendørs.

HS

Siri og Lydek på Kvam

Peter Barkve har skrevet om Seri Flis flere ganger og historiene er ikke helt like. Derfor tar vi med to utgaver. Personene har levd og vi har sjekket opp etterkommere.

Siri og Lydek budde på Kvam. Truleg kom begge frå Holland. Siri skulle vera frå Flisingen, og difor kalla de henne Siri Flis. Ho var ei myndig og nadig kvinne. Det skal vera etter henne slike kvinner sidan har vorte kalla ei flis. Lydek var ein tåleg og stille mann. Det var Siri som rådde og styrte på garden. Ho var også stor og sterk, og ingen fekk seia henne imot. Skal me fara etter det stevet som gjekk om henne, må ho også ha vare tung i matfatet. Her heiter det:

Siri Flis,

på hollandsk vis slakta ein gris,

salta han i sot,

kokte han i kål,

åt han opp i eit mål.

Så tok ho ei dugeleg brennevinsskål

og bante på at ho var' kje halvmett.

Ein gong kom ein fin ferdamann til Kvam. Han sat til hest og hadde eit utifrå vent sølvstaup i hendene. Lydek var bydd ein drykk. Han tok mot staupet, men ante fare og torde ikkje drikka. Så vakkert staup hadde han ikkje sett og ville gjerne ha det. Difor kasta han seg på hesten sin, som straks la i tansprang nedetter vegen. Lydek tømde staupet bak seg. Innhaldet renn ned over hestebaken og svei sidan håra av. Siri meinte Lydek ville tapa rittet dersom han rei på harde vegen. Difor ropa ho etter han: Ride på åkeren an der Arde (ardaåkeren) og ikkje på vegen den harde. Lydek fekk berga staupet for seg. Men kor det sidan vart av, veit ingen.

Utdrag av segn og soge frå Strand:

Seri Flis.

Fyrste mannen på Tau som me kjenner noko sikkert til, heitte Lydek og var frå  Flisingen. Kona. hans heitte Seri, dei kalla henne Seri Flis.

Eit lite rim um! Seri er velkjent her inne.

Seri frå flis

På hollandsk vis

slakta ein gris

hengde han upp under rot

salta han i sot,

kokte han i kål,

åt han upp i eit mål

So tok ho ei druste brennevinskål,

Og banna på ho var ’kje halvmett.

Ordtaket me brukar om sume kvinnfolk er venteleg mynta på henne, me seier: Ho er ei riktig flis.

I samme stykket har han (P.B) skrevet litt om Seri  og familien hennes:.

Lydek og Seri hadde ei dotter som heitte Kristina. Ho var nok rett ei gullgås, i skiftebreva etter henne er nemnt at ho hadde 200 sylvknappar i ein fløyelsbluse, Kristina vart gift tri gonger, siste gongen med Torstein Ivarson frå Finnøy. Med ham fekk ho ein son, Ivar Torsteinsson. Son hans att vart kalla Torstein Ivarson etter bestefaren.

Torstein Ivarson vart gift med ei gjente frå Høyland som heitte Kristi, og med henne fekk han storgarden Stokka – Eikeland i Høyland; den var på 42 spann landskyld. Sonen deira; Rasmus hadde tri døtre. Ei av døtrene, Kirsti fekk garden på Tau og vart gift med Kristofer Toreson Svines. Kristofer og Kristi fekk to søner, den eine hette Endre og døyde utan born. Den andre er bestefar til Claus Tau som lever enno. (død 1949) Kristi døyde tidleg, og Kristofer vart gift med Gunvor frå Tungland, dei hadde to søner som gjekk til i krigen.

Tunkallen på Amdal

Det var ikkje berre på Barka og Tau dei stelte vel med  haugabonden. På Amdal hadde dei ei eige seng til han i bua. Han var særs kveldsvevd og kravde tidleg ro på garden. Fekk han ikkje det, vart det ikkje greit for nokon. Alle var så redde for å uroa han om kvelden at dei gjekk mest på tærne. Noko vidare arbeid kunne dei ikkje gjera, og tala høgt torde dei ikkje. Det var snautt nok dei torde kviskra.

Så kom det ein skomakar til garden for å stella skorne. Han måtte også ha seng for natta. Men den ledige senga stod også i bua, og der torde ingen liggja. Skomakaren visste at tunkallen hadde senga si der og at han var særs var på svevnen. Dette brydde skomakaren seg ikkje om. Den puslingen ville han ikkje bry seg med. Då han gjekk for å leggja seg, slo han budøra hardt att. Han merka ikkje noko straks, men like før han heldt på å dorma av, byrja levenet. Det vart ei fæl skraping på utveggen. Han tykte det lyddest som nokon stadeg køyrde forbi med eit vedlass og at kvister og greiner heldt på å skrapa langs veggen.

Skomakaren var trøytt og freista lata vera å høyra etter, men skrapinga og romlinga langs veggen auka berre på, og han fekk ikkje blund på augo heile natta. Han fekk truleg angra at han hadde slege så hardt med budøra om kvelden.

 

 
hovedsidetilbaketopp
 
© Strand Historie- og Ættesogelag