|
Sagn 2
Huldreliv
Det budde huldre i Lusabergknuten. Dei heldt ofte eit svært rabalder. Ei tid hadde Barka stølane sine like ved vestsida av denne knuten. Men huldrene heldt ofte slikt leven at det var ikkje råd å halda ut. Så vart stølane revne og bygde opp att lenger vest i heia, omlag der fellesfjaset står no. I mørke haustnetter dreiv huldrene og treska i Lusabergknuten. Folk felte slik av disse huldrene at det var sjeldan nokon torde ferdast over denne heia utan ved høgljos dag. Eg tala med ein eldre mann frå Førland. Han hadde ofte høyrt tale om treskinga i Lusabergknuten. Heilt oppe i mogen alder bestemte han seg for å undersøkja dette. Ein sein haustkveld gjekk han opp i heia og la seg til å lyda etter ved denne knuten. Han fekk ikkje høyra noko så lenge han låg der. Han høyrdest helst skuffa ut. Så la han til: Eg var nok for seint ute. Huldrene var der ikkje meir.
Me høyrde jamt om huldrer som heldt til både her og der, mest på kvar garden. Det vart fortalt eit utal soger om dei. Mange folk felte mykje og mest på dei stadane der huldrene heldt til. Dei kunne fela mest livet av seg, som dei sa. Ein slik stad var m.a. Fullshammar på Førland. Der høyrde dei ofte huldrene. Verst var det med barnegråten. Ofte trudde ein det var gråt frå menneskebarn, som huldrene hadde tjuvbytta til seg. Småbarn måtte alltid ha stål liggjande i vogga, i alle høve før dei var døypte. Elles kunne huldra koma og tjuvbytta barnet. Dei var alltid slie etter menneskebarn, for dei var mykje vakrare. Det var stor sorg når mora fann huldrebarnet i vogga istaden for sitt eige. Det var lita råd å gjera med det. Det einaste som kunne hjelpa var å pryla huldrebarnet ofte og sterkt. Då var det ikkje alltid huldremora kunne halda ut å høyra barnet sitt gråta så sterkt. Så gildt kunne henda at ho då kom og bytta barna om att. Eit huldrebarn som var bytta med eit menneskebarn vart kalla bytting. Eg kjende ein mann, nokre år eldre enn meg sjølv, som mora trudde var bytting.
Vart ho arg på guten, kalla ho han gjerne for bytting.
Den verste plassen for huldre i Strand var Trodlahauane i Tjøstheimlia. Dei ligg ned til bygdevegen. Skulle ein til eller frå Bjørheimsbygd, laut ein framom desse hauane. Ein kunne ro vatnet, men då laut ein også halda seg langt frå sørsida. Det har vare mange soger om hende i Trodlahauane. Dei skal ikkje takast med her, men litt om korleis innstillinga kunne vera til trua på huldra. Far min, P.O. Barkved var ein av direktørane i Sparebanken. Han hadde ofte bankerend med for folk Bjørheimsbygda. Etter arbeidet i banken, kom han ofte seint heim om kveldane. Ein slik kveld sat ei kona inne i stova hjå oss og venta på far som skulle koma med bankoppgjeret hennar. Eg kan berre minnast at ho i samtalen kom til å seia: I kveld kunne ingen ha fått meg til å gå framom Trodlahauane om dei hadde vilja betala meg med heile Bjørheimsbygda.
Huldrene var ofte mange i talet. Såleis var det ei hulder på Tau som heitte Tove. Ho skulle telja systrene sine:
Tove skulle telja:
Snart sjuti telja:
2 i Helja (Helgøy)
2 i Bryne
4 sankar gull i skrin
5 blinde standande i berg
6 på Sanne (i Håland)
7 på Lanne (på bylandet)
8 i øye smøye (i Fister)
9 i Neredal (Daudungeheimen)
10 i Tedrefjell (Tadr - Tastad)
17 hadde ho heime
        
Jøssanghingsten og Bamsen
Torgeir Bjørnaraa i «Lørdagskvelden» 1. mai, 25/6 1920, fra Strandhogg 1-1985

Ei god hestehistorie skulle vel strandafolket tåla oppunder jul? Forteljinga som fylgjer er nok på kant med sanninga på fleire punkt. Hesten, som det her er tale om, var neppe så heroisk som forteljaren vil ha oss til å tru. Rett nok skulle det ha vore ein hest på Jøssang som merkte seg ut. Men at det var slike dimensjonar over han som stykket gjev inntrykk av, er det ingen grann til å rekna med. Med dette in mente tør det likevel stå fast at det i det minste er ei artig soge, så god lesnad.
Paa Jøssang i Ryfylke hadde de en hingst, som var noget mer end vanlig klok og djerv. Bjørnen var tit ute efter fæet i den tiden og syntes særlig at ha lagt sin elsk paa hesterne. Han syntes rimeligvis det smakte mere av «sport» at jage dem end nogen stakkars gjeter eller sauer.
Det var helst om nætterne han var ute. Og den kloke hingsten brukte derfor at samle de andre hestene i grænden hver kveld i en flok. Og flokken holdt sig paa et sted, hvor der var fri utsigt til alle kanter og derfor ikke saa let for bjørnen at gaa til angrep.
En nat hændte det allikevel, at udyret fik tak i en unghest, som hadde lagt sig et stykke fra de andre. Men hesten skrek høit da den kjendte bjørnetænderne og klørne i sig, og saa kom hingsten som en stormvind og satte ret paa. Han bet først efter bjørnen. Men bjørnen slog med den ene lappen mens han holdt unghesten med den andre, rispet ham i halsen med klørne. Saa braasnudde hingsten og spændte med begge bakbenene, og den ene traf bjørnen i skallen, saa han stupte bevistløs. Og saa slap unghesten undav den gangen, uten at ha faat noget større mén.
Men bjørnen var en «slagbjørn» av rette slaget og gav ikke op hestejagten for saa litet som en bevistløshet. Harmen over uheldet tirret ham tvertom op.
«Brr-umm!» sa han. «Faar jeg bare denne hornpotede mennesketrællen under labben eller tænderne engang til, saa skal han ikke slippe saa let som sidst!» Og han deiset til mosetuere, så de føk, slængte store kam-pestener omkring sig, rispet trælægger med tænderne og vred alentykke bjørker som vidjer med labberne. Og han snek sig efter hingsten og lurte paa ham i dage og uker. Og tilslut fik han anledning til at komme ind paa den og hoppe op paa ryggen hans, før han viste av nogen ting.
Angrepet kom saa braat og uventet, at hesten blev rent vetskræmt og satte paa sprang med den uhyggelige rytter, som klænget sig fast med klør og tænder i hals og ryg. Nedover skogen og hjemover mot gaarden bar det, for hesten syntes at kjende paa sig, at der maate hjælpen være at finde. Ind paa tunet kom han i susende firsprang og fræste og ildknegget og skrek. Og folk kom ut og saa hvad som stod paa.
Men kvindfolkene blev mest vetskræmte, og en kone som var hjemme hadde ikke andre vaaben at ta til end en øks og staur og vaaket sig ikke indpaa. Omkring på tunet og rundt i husene gik det vilde løpet. Hesten bykste og ristet og kastet sig og satte avsted i travende firsprang. Men like litet hjalp det. Bjørnen hang som en borre og boret klør og tænder dypere og dypere ind.
Og da hesten endelig skjønte, at han ikke kunde faa hjælpen der han ventet at finde den, satte han tilskogs igjen.
Men nu rendte han ind i de tætteste skogsnarene og under trær med lave og sterke grener. Bjørnen fik slag paa slag, brummet og brølte - men holdt fast. Tilslut tok det allikevel for haardt paa ham. Og saa slap han taket med den ene labben for at hake sig fast med den anden. Men saa rykket den ogsaa kjæften løs, og tilslut blev han sopt i marken saa det sang.
Og da hesten nu var kvit rytteren sin, saa satte han igjen paa sprang hjem. Og nu fik han hjælp. Han slap ind i stalden og blev forbundet og stellet. Og han kom sig igjen, endda han var frygtelig oprevet.
Bjørnen hadde sandsynligvis faat nok av gampejagt. For hestene der i grænden fik være i fred en lang tid fremover.
Torgeir Bjørnaraa
        
Huldresegner, spøkeri og offerhandlinger i Ryfylke
Fra Rogalands Historielag Aarshefte 1928.
Klikk på bilde
|