Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Skeiseturen

Øyvind Schmidt har skrevet en fornøyelig

historie fra barndommen på Jørpeland.  

 

 

 

Skeiseturen

Øyvind Schmidt

 

 

I femtiårå va det alltid jysla kaldt om vintrane.

Det va bare så vidt det va plass te adle kuldegradene nerøve gradestokken.

 

Itte di fysste frostnettene og før den fysste snøen kom, la det seg blanke stål-is på adle myrpyttane.

Någen skeiste på pyttane inne på Tunglands-myrå og någen sykla heilt inn te Jyssong-myrå, for der va pyttane litt større.

Men ville me ha skikkeligt goe plass te å skeisa på,

så drog me te «Løven».

Dette e ei lidå tjødn bag Tunglandsfjedle.

Itte skuletid og ein snartur innom madstasjonen te na mor så drog me avgårde med skeisene øve akslå.

Klenå og begsømmane hadde eg arva itte bror min.

At bokså og jakken va i lengsta laget

va'kje någe problem.

Ei husmor anno femtitalet med sysagene i skjønnaste orden,fiksa fort det.

Med nye lappar i rauå

fekk bokså ennå ein sjans.

«Det e godt å ha någe å voksa i!»

va mor sitt uslåelige argument kver gong eg fekk någe nytt arvegods fra ein eldre slektning.

 

På den tiå va det normalt å arva ting, så det va 'kje någen så blei egla for det, heldigvis.

 

Men tebage te turen te Løven.

Kor lange tid me brukte opp, det vett eg ikkje.

Det va 'kje så viktigt å veda heller.

TID – ka va nå det for någe?

Me levde akkorat nå

og lot fortid vera fortid

og framtid vera framtid.

Det va nok å veda at me hadde tid nok te å gå opp å skeisa ei lidå stonn før mørknå seig på.

Me va 'kje gamle nok te gå med klokka ennå.

Det fekk me tidligast te kofformasjonen.

Me hadde ei biologiske klokka så va te å stola på.

Den gjekk uden å trekkast opp og uden at fjørå røyg.

 

Eg ska 'kje nekta for at å skeisa på «Løven»

va det stora målet.

Men turen opp va liga viktige.

Og uden at me tenkte på det den gang,

så gjaldt den gode gamle regelen om at:

«Veien e målet»

Langs veien va der mangen isfrosne sølepyttar,

og kver og ein blei udnytta så godt så muligt.

Me tog fart og sklei på begsømmane øve kver einaste ein.

Di lengste sklei me jedna øve fleire gonger.

Og me lagde små konkuransar av alt muligt.

«Se – eg klare å skli øve pytten på ein fod!

Klare du det?»

«Pøh – e det någe.

Eg kan skli øve på ein fod – bagøve – i blindå!»

Sånn konne me udfordra einaen i det uendeliga.

På guttars vis.

Oppøve Selemorkveien la me godt merke te adle tegn på kor kaldt det va.

Små og store steinar hadde krympa i grusen.

Bladene på bjørkå va bytta ud med kvitt rim.

Iskrystallane glimta i fleirfoldige fargar og fasongar.

Istappane hang i forskjellige lengder onna ei berg-ops.

Klare te å plokkas.

Blei me tyste så va det bare å plokka seg ein istapp.

 

«Ser du den foggelen der?» kviskra eg te Trygve.

«E d'ikje ein sporv?» sa 'an.

«Ska me se kem så klare å treff ' 'an?»

Me fant kverrsin stein, sikta godt og fyrte laust.

Den eine steinen suste øve an så fjøra blafra av lofttrykket.

Han blei litt øvegidde trur eg

for 'an va 'kje seine om å letta fra greinå 'an sadd på og forsvant inn i skogen.

''Det va godt me ikkje traff» sa eg.

''Di e jo fine og usjyldige di der fogglane.''

''Men du, ser du det treet så står der borte.

Me plukke ti kongler kver og så ser me kem så treffe flest gonger.''

Eg heiv den fyssta konglå – bom.

Trygve – bom han og.

Itte tesamen tjue kast blei resultatet 6 – 5,

- - te Trygve.

Eg tog tabet med fatning for eg reinte med å slå an på skeise-isen.

''Nei, nå må me 'kje gå her å dridla lenger'' sa eg.

''Nå må me se å komma oss opp te Løven,

eller så får me 'kje tid te å skeisa någe serligt.''

 

Oppe på «Løven» va der ingen voksne så kom å sjekka om isen va tjokke nok.

Me hadde den ekspertisen så sko te for å finna ud av det.

Me prøvde oss fram med å hiva steinar ud på isen.

Fysst ein liden – så ein større.

Viss det ikkje blei hål i isen av den stysste steinen heller, så følte me oss sikre på at me konne gå udpå.

Forsiktigt satte me den eine foden udpå

og så liga forsiktigt fyllte den andre itte.

Så sto me litt og holdt pusten.

Neste trinn va et forsiktig lide hopp

uden å mysta kontakten med isen.

Te slutt hoppte me begge to samtidigt.

Viss me ikkje då heller hørrte at 'an knast,

blei 'an erklært for sikker.

Då va det tid for å snøra på seg skeisene.

Eg hadde et par lengdeløbarar eg sjølsagt hadde arva itte bror min.

Di va 'kje liga skinande og blanke så flunkande nye skeiser,

men di va liga goe for det, sa far.

 

Skeisene blei snørte fast te begsømmane med ler-reimar.

Då va det om å gjørr å strama te så godt me konne.

Ja, det sko vera så pinnstramt at storatånå

t-y-s-s-t-a itte blod.

 

Ittekvert kom det fleire så sko skeisa.

Di kom te «dekka bord».

Isen va jo erklært sikker av oss så kom fysst.

''Hold' an?''

va det ein gluping så sporte inne fra land

mens me sto udpå isen.

Han hadde nettopp fått nye 'Hjallis'-hua.

Med den på håve så følt' an seg litt meir proffe enn di andre.

Han forklarte med videnskabelige innlevelse at loftmodstanden så øyrene forårsagte

blei illiminerte heilt vekk

når 'an skeiste med denne huå.

''Åja'' sa me andre og syns 'an hørrtes jysla øvebevisannes ud.

Han gjekk jo i femte klasse, så 'an visste nok ka 'an snakkt' om.

Me så hadde heimastrikka huer konne nok ikje mål' oss med dette skeisefantomet.

Men uansett kor store tru 'an hadde på huå si, så snoffla 'an å datt liga møje så oss andre.

Huå hadde jaffal ikje posetive innvirkning på balansen.

 

 

Ude på isen lagte me ein passelige ronde med langsider og svingar.

Av å te så såg me kem så konne skeisa fortast rondt.

Då valde me ud han så va flinkast te å tella

te å vera tidtagar.

Han sto og tellde så jevnt han konne fra start te mål.

Det konne vera taktisk lurt å skrøyda litt av an om koss goe 'an va te tella.

Han hadde ein tendens te å tella litt snillare då.

Eg kom i mål på 24 + litt te.Han med 'Hjallis'-huå kom i mål på 37 + litt;

vel å merka med et fall i siste sving.

Det va visst huå så kom i veien for det eina aua så va skyld i det fatala fallet.

Han påsto at 'an hadde vonne viss 'an ikkje hadde dotte.

Han så vant blei kåra te «Løvens konge» og fekk gå eresronde.

 

Av å te hadde me ishåkki-kamp.

Te kølla brakk me av ei grein fra et tre, og pøkken va ein liden isbede.

Når isbeden va udsleden og gått i knas, va det bare å finna ein nye.

To store isklumpar va det så sko te for å laga et tilstrekkeligt mål.

Han med «Hjallis-huå» va ei kløna på skeisene, så derfor blei 'an plasserte i mål.

Me øvetalt' an med å sei at det va den viktigaste spelaren på heila laget.

Me va greie sånn.

 

Adle fekk ein rolle – adle fekk vera med på legen.

Om det så va å sidda på reservebenken.

Me hadde et eige uttrykk for dette:

«Å ver på det grønna»

Det betydde stort sett at du sto på sidelinjå og såg på dei andre, men fekk lov te å vera med sånn innimydlå.

Sånn fekk adle vera med;

ingen blei satt udenfor.

Det va kjekt å gå på skeiser på «Løven».

Her va det goe plass og me konne skeisa på oppdagelsestur langs land og inn i små viker.

Blei me litt trøtte i beinå,

så la me oss på magen og studerte livet onna den speilblanke isen.

 

- - - - - - - - - -

 

Det blei fort mørkt der inne i skogen,

så me måtte se å komma oss ner te Selemorkveien før det blei begmørkt.

Di mest engstelige mødrene kom oss imøte på halv-veien og når me skiltes var adle - - - - -

SAMDE OM AT DET HADDE VORE EIN GILDE TUR ..

 

            ooooooooooOooooooooo

 

 

 

 


 

 

Joomla templates by a4joomla