Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Dei første kommunelegane

Strand kommune har vel alltid vore noko for seg sjølv. I alle fall har det mange gonger vore vanskeleg å få fatt i legar og å få dei til å bli verande. I juni 1898 blei Johannes Sætre tilsett som den første kommunelegen i Strand, men alt i mars året etter sa han opp og reiste. Den første legebustaden blei reist på Tau rundt 1910. Då Samuel Vinje som var kommunelege frå 1911 til 1916, drog frå Strand fekk kommunen ikkje interesserte søkjarar sjølv om Stålverket sa seg villig til å yta 4000 kroner i tillegg til fri legebustad.

Frå først av heldt distrikslegen til på Judaberg i Finnøy. Men i 1915 blei Høgfjord legedistrikt som omfatta Strand, Forsand og Høle, oppretta. Distriktslegen skulle bu på Meling, og doktorbustaden blei sett opp på Lerang og stod ferdig i 1917. Det var eit staseleg hus, men trekkfullt. I 1936 blei doktorbustaden på Meling flytta til Forsand.

 Doktorbustaden paa meling

 Doktorbustaden på Lerang

 

Folk frå Strand måtte såleis enten reisa til Meling eller til Stavanger. Mange måtte også nytta båt for å komma til Meling då det ennå ikkje var veg til Botne. Stålverket var ikkje nøgd med denne ordninga og tilsette eigen lege. Harboe, som han heitte, blei verande til 1923. I åra etterpå blei det gjort fleire forsøk på å få distriktslegen til å flytta frå Meling til Jørpeland, men det lukkast ikkje. Fagforeinga på Stålverket og Strand Arbeiderparti engasjerte seg også for å få ei ordning på kommunelegespørsmålet. Det blei vist til at etter at ein skadd stålverkarbeidar blei sendt til Stavanger etter at ei større blodåre var overskoren, hadde doktoren sagt at han ville vore død før han kom til Stavanger om det var pulsåra som var overskoren.

Frå 1.1.1931 blei så Otto Hagemann tilsett som kommunelege i Strand, og kommunen bygde ny legebustad på Jørpeland.

 

 Doktorbustaden p Jrpeland

Doktorbustaden på Jørpeland

 

Referansar:

Soga um Strand av Holger Barkved

Bygdebok for Strand 1870 -1940 av Jan Alsvik

Marit Skjold , Facebook 24.3.2021

https://www.legeforeningen.no/.../trude-johnsen-norges.../

Joomla templates by a4joomla