Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

November

Primstaven for november

November tyder 9. månad og var det i den gamle romerske kalendaren, men i den norrøne tidsrekninga, var han slutten på Gørrmånad og 2/3 av neste, som dei kalla Ylir eller Jylir. Dette meiner dei skal koma av Jol eller jul, og som skulle vera førebuinga til den eigentlege julemånaden Mørsugr. Dette heidne julenamnet finn me også hjå gotarane. Dei hadde Jiulis.

Primstaven, som ofte er nemd, var som ei evigvarande almenak, og slik me kjenner han, er han bygt på den julianske kalendaren og kom til i den katolske tida. Men det er mangt som tyder på at me hadde einslags primstav også i den heidne tida. Me veit heller ikkje visst kva tid primstaven kom i bruk hjå oss. Men i elleve hundre talet finn me noko, som i det minste kan tenkjast har hatt innverknad på han. I 1152 vart kardinalbiskop, Nicolaus frå Albano i Italia sendt av paven til Norden for å ordna med dei kyrkjelege tilhøva. Han kom først til Noreg og skipa same året erkebispestolen i Nidaros. Den svenske vitskapsmannen, Brate, seier at truleg var kalendaren noko av det han ordna med. Han ville spreida kunnskapane om dei kyrkjelege høgtidene ut til folket, og så har han flytta den Julianske kalendaren over til ein stav med runeteikn, som folk skyna betre enn dei latinske bokstavane.

I gamal tid var det ei heilag plikt for dei som åtte og skyna primstaven og ta han med seg der folk var samla til “kross og kyrkja” som det heitte, og då seia dei kor lenge det var til neste fest og merkedag og lesa opp dei gamle vers og ordtak som høyrde merkedagen til. Almogen samla seg då kring denne vismannen, på same måten som islendingane samla seg kring sine frodir menn på Alltinget.

På primstaven finn me for denne månaden avmerka 5 messedagar, og den 1. dagen i månaden heldt dei helgo-messa. Ho var ein minnefest for alle helgenane og er ofte merka med eit brett med mange kors,  eller det kan vera ein kvelvd båt. Det siste skulle minna om at då skulle seglbåten vera lagt på land og kvelvd for vinteren. Dei gamle tala ofte om helgomesse-flaumen som dei kunne venta: Det heitte om han at kom han ikkje då, venta han med vinteren og kom om våren. No skulle vinteren vera komen, og i eit lite vers heite det: Kom eg ikkje med vinternatt skridande, og heller ikkje ved førebod glidande, så kjem eg no med helgamess ridande.

Tornekronefesten vart høgtida den 9. Det var ein minne fest om at ei torn av Jesu tornekrans kom til Noreg 9. november 1274. Ho vart under stor høgtid sett opp i Apostelkyrkja i Bergen.

Den ellevte november heldt dei Mortensmessa, til minne om St. Martin, biskop Tours. Denne dagen skulle dei eta grisesteik eller gåsesteik, og det siste er godt kjent hjå oss, for alle kjenner til Mortensgåsa. Dei sa at for fantane var dagen ei like stor høgtid som jul. Dagen er merka med ei gås. I den tida skulle bjørnen gå i hi og liggja til Marimess (25 mars), og difor kalla sume henne for bjørnekvelden. Dei gamle sa om bjørnen Inga Bjørnekveldnatt ute og inga marimesse inne. Om veret heitte det at klår Mortensdag gjev streng vinter, men regna det, ville det halda på å regna i 50 dagar.

Den 21. november kalla dei Jomfru Maria sin presentasjonsdag. Det var ein fest til minne om at ho den dagen av foreldra Joachim og Anna vart ført inn i kyrkja.

Den 23. heldt dei Klementsmessa, til minne om pave Klement, som døydde som martyr i året 110 e.Kr. Dagen er merka med ei kyrkja, og her kalla dei han oftast Klement Kyrkjebyggjar. Namnet Clemet tyder den blide, men namnelikskapen gjorde at dei gamle oversatte det til klemma eller klypa, og difor kalla sume han for Klement Klyp i fu. Det skulle tyda at då måtte dei ta til å spara på maten til barna, så  julematen skulle smaka så mykje betre. Dagen vart også  kalla Klement, sauekjær, avdi sauene då tok til å laupa. I denne tida kunne dei venta Gnallefrosten.

Karensmessa vart halden den 25., til minne om Katherina frå Aleksandria, som leid martyrdøden, men først etterat ho var rulla i eit hjul med skarpe knivar. Dette hjulet har ført til at dei hjå oss kalla henne Kari med rokken, og dei sa at ho spann veikar til juleljosa, og det heitte at klårt ver på Karimessa gjev vakre juleljos, men elles var dagen ein merkedag for dårleg ver. Dagen er oftast merka med eit hjul,  men kan også vera ei mjølbøra. med tre rom. Det siste merket skulle tyda at då måtte mjølet til supa, graut og brød vera kome i børa.

Siste dagen i månaden vart det halde messa til minne om apostelen Andreas, og difor er dagen merka med det såkalla Andreaskorset. Det er eit kors som ligg på skrå, slik at to av krosstreka ligg nedpå. Dagen kan også vera merka med ein fiskekrok, og han skulle minna om at det var tida til å tenkja på julefisken, men han kan også vera merka med ei revesaks, og ho skulle venteleg minna om at det var tida for å setja henne opp. Det heitte også at då var tida inne til å setja emningstre til tørk for bruk neste vinter. I ei gamal almanak, finn eg dette vesle verset for november:

Frosten maler blom på rute.
Det er kaldt og friskt der ute.
Skøyteisen ligg der blank,
guten står på ski så rank

 

 

Joomla templates by a4joomla