Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Desember

Primstaven for desember

Desember tyder den 10. månaden. Det var han i den gamle romerske kalendaren, som rekna året frå mars. Men i den gamle norrøne kalendaren er han siste delen av den månaden dei kalla ylir og 2/3 av neste, mårsugr. Mårsugr tyder feitmånaden eller matmånaden, om me vil. Det var i denne månaden dei fekk julehelga, og ho har alltid vore ei mathelg.

Den 4. heldt dei Barbromessa , til minne om ei heilag gjenta, Barbara. Ho var dotter til ein høgvyrd heidninlg, men leid martyrdøden etter at ho vart omvend ved brevveksling med Origines. Hjå oss kalla dei ofte dagen Barbro-døgri. Då heitte det at sola vart borte og kom ikkje att før til Lussi ( 13.) desember. Dagen er på primstaven merka med eit tårn, for det heitte at faren lenka henne i eit tårn. Dagen skulle minna om at då var det tida til å ta til med spøting, spinning og veving til vintraklerne. Fleire ordsrråkk for dagen går ut på kler, slik om desse:

Betre tjukk tråd enn bert lår.
Som du vører kleda, so vører dei deg.
Den som låner kler, vert snart naken.
Og - Vanen kan skifta, men ikkje vetet.

To dagar seinare, den 6., heldt dei Nilsmessa, som var ein minnefest for St. Nicolaus, bisp av Myrea. Det heitte om Nicolaus at han alt i ungdomen redda tre gjenter frå å verta skjemde, ved å kasta tre gullklumpar inn til den fattege faren deira. Dagen er difor merka med tre kuler. I Noreg var det ein fest med dans og drikk, for denne Nilsen stod  høgt hjå dei gamle nordmenn. Det heitte at til den tida kunne dei venta Nils – Skinn - nikar med skinnbraka. Det var han som skulle reia skinna dei skulle ha til sko og styvlar. I norsk folketru er St.Nicolaus den same som Odin, som i dagane før jul reid kringom på ein kvit hest, og dei bruka han å skræma barna med.

8. desember Italia dei Maria Ventedør, eller Maria ventar seg. Men det er feil, og skulle vore Marias undfangelse, for det er nøyakteg ni månader før fødedagen hennar, som var 8. september. Merket er ei kanna, som skulle minna om at då måtte juleølet bryggjast.

13. desember er kjent av dei fleste som Lussi dagen. Mange feirar han som ljosfest, men i Ryfylke har me ein eigen måte å feira Lussi - natta på, som venteleg er mykje eldre, og kan ha opphavet nede i heiden tid. Lussi - natta vart rekna for den lengste i året, og ei gamal herma her, seier om kua ho venta slik på maten at ho riv tre gonger i bandet og sukkar: Å, Lussi - natta, ho er så langt, og får svar frå ei anna som seier : Ja, ho er som to.

Den 21 heldt dei Thommasmessa til minne om apostelen Thomas. Dagen er ofte merka med ei tønna og skulle minna om at ølet måtte heldast over på tønna. Difor kalla dei ofte dagen Thommas Bryggjar, eller Thomas med bøtta. Dette siste sette dei i samanheng med eit tøver som var vanleg på denne tida og som dei kalla Lefsetøyren. På Austlandet kall dei det kakelinna. Den dagen var det vanleg å gå kringom til grannane og smaka på juleølet. Dei drakk Skakebollen, som dei sa, og han var første bollen dei tappa av juleølet.

Den 23. desember var minnedag for den islandske bispen, Thorlak på Holar. Men folk her var meir opptekne med andre ting så nær jul. Dei kalla dagen Vaskarnotta. Då skulle dei med ein langskafta lime sopa vegger og tak i røykstova for dust og dumba før ho vart vaska. Etterpå tok dei eit laug på seg sjølve.

Så kom julafta, og då lyt me merkja oss ein gamal skikk, som gjekk ut på at det var sumt småarbeid som var utsett til den dagen, for dei trudde at det dei gjorde då, ville dei ha særs lukka med. I kveldinga vart alle dører merka med tjørekross, som skulle verna mot alt vondt. Så fekk alle dyre julevisken, som skulle vera ein ekstra godbit. Til festmåltidet åt dei det feitaste på slaktet, og det var ei pligt å drikka så mykje av juleølet at alle vart fulle. Men maten skulle ikkje takst av bordet om kvelden, for han skulle vera svinten å ta om morgonen, før dei gjekk til julemessa, heitte det. Likevel var det kanske mest for huldrene dei let han stå.

Juledagen er på primstaven merka med eit drikkehorn. Ølet var for dei gamle nordmenn ein heilag drikk, og når dei først drakk, hadde dei ofte vondt for å halda måte. Men det heitte i eit vers for dagen: Drikk med måte, syng for Krist som fridde folk frå vonde list.

Det var Håkon den Gode som påla folket å høgtida julehelga, Lenge før han hadde tenkt å kristna landet. Og det var ikkje så vaskeleg å få til. For på den tida var dei gamle nordmenn van med å feira den store midtvintersfesten, vinterblotet. Mange av dei heidne skikkane fylgde med over til den kristne jul, og sume. har me att endå. M.a. hadde dei tidlegare ofra ein gris til guden Frøy, og truleg er det eit minne om det som går att i julegrisen..

I dei stutte utgreiingane om kalendaren og primstaven, har det m.a. kome fram litt av dei vanskane det har vore med tidsrekninga og me har endå ikkje kome fram til ei utrekning som har fått ro over seg. Me må venta at det systemet me har no vert endra.

I 1923 tok Folkeforbundet opp saka, og det kom inn over 500 reform forslag. Det arbeidde med desse i 8 år utan at det vart til noko. Forbundet tok dette oppatt seinare også, men la det bort, I1947 og 1949 kom det op F. N., men begge gongene vart saka i utsett. Dette viser kor vanskeleg saka er, men ho vil ikkje koma til ro før dei vert samde om ein verdenskalendar.

Almenakka, slik me kjenner ho vart først utbreidd i Europa i det 14. hundreåret. I det 15. hundreåret hadde dei vakre handskrevne og handmalte kalenderat,  og frå det 16. hundreåret kom dei trykte almenakkene. Dei hadde mange varsler og råd, som ofte gjekk på rim. Best kjende er dei såkalla Bondepraktika. Dei hadde praktiske opplysningar for bonden, men dei var oversatte frå tysk, og høvde ikkje alltid hjå oss. Det var primstaven som var best innarbeidd, og dei heldt på han lenge. I avstengde bygdar var han i bruk til ned i førre hundreåret, og sumt går att enda. No har mange teke til å nya han opp, og i mange heimar finn me han i form av utkrota trestavar eller sauma på ty. Men skal ein læra å bruka han, lyt ein ha ein nøkkel, for mange av dei gamle merka er gløymde av dei fleste. Men det er gildt at sume har vorte huga på å gå oppatt fars etter fedrane våre.

 

 

Joomla templates by a4joomla