Treff: 1510

Knut Tungland 1

Det er lenge sidan Ættesogelaget spurde om å få intervjua Knut Tungland, men me drygde for lenge. Han er 90 år og hugsar ikkje så godt lenger. Eg, dottera Marit, lova å skrive ned noko av det han har fortalt. Det kan godt hende eg skriv mykje som ikkje er av interesse, og at eg gløymer noko som er viktig. De får viske bort det som de ikkje treng, og spør om noko de vil ha med. Som de ser, tek eg med noko frå somme av ”røtene” hans. Der er kanskje noko der ein bør ta vare på.

 

LITT OM SOMME FORFEDRAR

Foreldra til far var Sikke Olava , Lava, (l878) og Nils Tungland (l869). Olava var født på garden Åsen på Heia. Det er den garden som ligg lengst mot nord. Då Olava var ung, tente ho på ein gard på Tau. Mange år seinare kom der ein mann heim frå Amerika. Han sa han ville sjå ungane til ho som bar han og to torvsekker heim frå torvmyra. Det var fleire ”slåser” om kor sterk ho var.

 Knut Tungland 2

 

 

Far hennar, Tore Olson, blei dregen frå Årdal til Hengjane ved Lysefjorden i eit trau då han var 1 1/2 år ?, (l832). Tore gifte seg med Adlaug Guttormsdotter frå garden Nes på Heia. Tore og Adlaug budde dei 7 første åra etter at dei gifte seg på Hengjane. Barna Ola Åsen og Serina, er fødde der. Serina blei gift med Ådne Kleven.

 

Kva kunne få foreldra til Tore, Ola Folkeson frå Rygnestad og Siri Toresdotter frå Boremyr, i Årdal, til å ta tre små barn med seg til Hengjane og bu under ein stein der? Det var nok nauda som dreiv dei. Dei to første barna til Ola og Siri er fødde på Boremyra, heime hos foreldra til Siri. Men Ola er fødd på ein husmannsplass under Tveit i Årdal, Utmyrane eller Einermyrane. Når me går frå Tveitebrekkå og den nye vegen opp til Krøys, går me forbi denne plassen. Der var to husmannsplassar, men dei var så små at folk budde berre ei lita stund der medan dei leita etter noko betre. Ola og familien hadde også budd på ein liten plass ved Sagånå innerst i Målandsdalen. På den plassen var ingen barn blitt fødde. Å komma til Hengjane på denne måten, måtte vera så ringt som det kunne vera. Dessutan kom han mest som ein tjuv. Ola spurde ikkje eigaren, Lars Bratteli, om lov til å slå seg ned der. Han blei ikkje bortjaga, men blei husmann under Bratteli. Det viste seg at Ola (l787) kunne lesa og skriva, så han fekk vel noko respekt av den grunn. Johannes Bakken hadde sagt at dei skulle vera så gode på Bakken, men når noko skulle skrivast, måtte dei til Hengjane. Eg har sett både grenseoppgang og skøytte som han har skreve. Dei greidde seg bra på Hengjane. Dei fekk 8 barn, og alle voks opp så nær som ei jente som blei l0 år. I folketeljinga l865 var der 7 vaksne på Hengjane. Det var sonen, skolelærar Ola , som talde ved Lysefjorden.

 Knut Tungland 3

Far til far, Nils Tungland, var fødd på Hinnarholmen, som ligg mellom Jørpeland og Idsø, men han vaks opp i Bringen. Då Nils var ung, var han dreng på ein gard i nordbygda. Naboen spurde om Nils kunne ta ein sau or hefte (skårfeste) for han. Sjølvsagt skulle han hjelpa bonden, og sauen fekk han or heftet. Nils fekk 5 kr. for arbeidet. Men mannen som han var dreng hos, tok pengane frå han for det var han Nils arbeidde for. Dette var visstnok på ein sundag.

Som ung var Nils sjømann. Han sigla med fullriggaren Oregon. Dei drog på langfart. Ein gong var dei til Israel. Mannskapet drog inn til Jerusalem, men Nils hadde vakt og måtte vera på båten. Det blei ikkje så lange turar etter at han gifta seg. I l904 sende han kort frå Drammen til dottera Karen på 2 år. Nils hadde gullring i eine øyra. Det var visst vanleg blant sjøfolk å ha øyrering som eit vern mot farar.

Nils fekk kjøpt meir jord av Lars Bjørnsen Tungland (Bjydna Lars). Det var omtrent like stort som det han hadde frå før, og dei grensa til einannan. Så nå var der l0-l2 mål jord med der husa stod. Nils arbeidde seinare på Stålverket.

 

Knut Tungland 4a

Mor til Nils, Kirsten Johansdotter Håhammar, var fødd i Bringen l835 og flytta til Håhammar då ho var l0 år. Kring l870 flyttar ho til Bringen att med mann og barn. Det kan ha vore i løpet av desse 25 åra at det budde ein mann frå Bringen på Barka her. Det er han som har drege Bringen- namnet med seg til Tungland.

Når folk spurde kva far min heitte, visste dei ofte ikkje kven Knut Tungland var, men Knut Bringen kjende dei. Eg lika ikkje Bringen namnet. ”Marit Bringen med hynsaskit på fingen”

 

Far til Kirsten Johansdotter var frå Grimsli, Årdalssida. Eg har høyrt fortalt at i l825 flytta dei et stove frå Grimsli til Håhamar. Den er innebygde i huset der.

 

Far til Nils heitte Knut og var fødd i Førlandslunden. Han blei gift med Sissel Marie Larsdotter frå Hinnarholmen. Dei fekk 2 jenter, Kristine og Laurense. Etter 6 års ekteskap døde Sissel Marie. Knut gifte seg opp att med Ingeborg Halvorsdotter frå Vika ved Jøssang. Då sonen Halvor var l.5 år, døde mora på barselseng. Dei budde på Hinnarholmen då. Knut gifte seg for 3. gong med Kirsten (Kjesti) Johansdotter frå Håhammar. Familien budde endå på Hinnarholmen, og dei fekk dei to første barna der, Berta og Nils. Dei var den siste familien som budde på Hinnarholmen. Håhammar åtte Bringen eller Tunglandsbakken, som det står i papira. Kjesti hadde berre ein bror, så ho arva kanskje eller fekk kjøpt stykket billig (l20 sps). Der var 5-6 mål. Nils var fødd på Hinnarholmen l869 og systera Inger Marie l872 i Bringen. Det var eit lite hus som stod i der. Etterkvart blei det 9 barn, så dei må ha hatt det trongt. Far til far bygde på ei stove, så det blei dobbel så stort, men det var endå lite. Både eg og far er fødde i det huset. Knut på Hinnarholmen var sagemeister på ei sag som stod ved osen av Tunglandselva på Tunglandssida. Den gjekk berre når der var ”overvann”, for Jørpeland Bruk måtte først få det den trong. Ein dag gleid Knut ved sagblad og fekk sagt av seg den eine armen. Han arbeidde i saga etter dette også.

 

SJØRØVARAR

 

Eg har ikkje sett det skreve nokon stad, men dei har fortalt det heime at den første butikken i Strand var på Hinnarholmen. Der var sjørøvarar i den tida. Dei låg utmed byøyane og lurte. Ein dag fekk dei tatt butikkeigaren på Hinnarholmen, og han drukna. I Folk i Strand står der at Thore Hansen og Marie var dei første husmannsfolka på Hinnarholmen. Thore ”fandtes død i søen” i l824. Det var vel han som var butikkeigar. Thore var farfar til Sissel Marie, den første kona til Knut på Hinnarholmen.

 

Far til Knut på Hinnarholmen , Nils Gunnarson (Gunnulvson), kom frå Tinn i Telemark, fann seg kone i Fyljesdalen ved Lysefjorden og slo seg ned i Førlandslunden. l8.ll.l853 hadde Nils Gunnarson (54 år) og Torbjørn Knutsen , Nedre Fjelde (3l år) seg ein bytur. Det står at dei drukna på veg heim frå Stavanger. Tomine Moen (død l967) fortalte at det var sjørøvarar som tok dei. Ho var barnebarnet til Torbjørn Knutsen.

 

Det er fortalt om Isak Ivarsen Jørpelandshagen. (l842-l928). Han var også på veg heim

frå Stavanger. Då kom det to sjørøvarar og ville ta han. Isak rodde så fort at dei greidde ikkje ta inn på han. Då heiv dei kniv, men kniven blei ståande i tofta fram føre Isak. Isak hadde trefot, og han var kanskje derfor blitt ekstra sterk i armane.

 

Dette var i dei gode gamle dagar.

 

BARNDOM

 

Nils og Olava gifta seg i Strand Kyrkje 25.4.1901. Dei budde i Bringen og fekk 5 barn, 4 jenter og ein gut. Karen l902, Aslaug 04, Tora 06, Kristina 09, Knut l9ll. Faren var svær glad for ein gut, og han fortalte at han hadde fått ein vedahoggar.

Aslaug heitte etter mormor si Adlaug, og som var enke og budde i Åsen. Bestemødrer var ofte slik før at dei ville ha eit barnebarn hos seg, og Adlaug ville ha Aslaug. Og slik blei det. Aslaug var fødd i august, men bestemora ville ikkje sleppa henne. Så ho begynte eit år for seint på skulen. Aslaug var alltid ”galen” på at ho ikkje fekk vera heime med foreldre og søsken.

Knut Tungland 4 

Då Tora var i 4 års alderen, blei ho svært sjuk. Ho hadde betennelse eller tuberklar i handa. Ho var på sjukehuset, og dei var redde for at ho skulle døy. Doktoren ville ta handa av henne, men mora nekta. Så kom der ein ny doktor, og han tok ein bit av handa. Tora blei frisk, men ho hadde alltid ei djup dokk i handa. Det hindra henne ikkje i arbeidet. Tora blei enke då ho var 32 år, og ho hadde 4 barn ho skulle forsørgja. Tora vaska i alle år på skulen. Familien budde i Vågen. Når det var kaldt, måtte ho gå tidleg av stad og kveika i omnane på skulen.

 

Eg vil ta med to tre barndomsminne som far har fortalt.

 

Dei skulle ta opp jordeple. Faren spadde og far og mora henta. Så spadde faren fram ein ekstra fin runne og heiv den bort til far. Mora ville egla og treiv eplerunnen. Då tok vippesinnet far, og han heiv ei torve i hodet på mora. Til ”straff” fekk han at han måtte gå til Vågen å handla. ”Det var ei gru dei let oss gå, for det var så stygt bort ved kraftstasjonen. Der var helst berre nokre plankar å gå på, og så bar det ut forbi,” seier far.

 

I l9l5 var der bryllaup på Lauvbakken. Sanna og Georg Nilsen gifta seg. Far var fire år då. Men han seier han hugsar godt korleis han sat ned ved sjøen og venta at båtane skulle komma frå Stranda kyrkja. Mor og far hans ver gjester i bryllaupet. Det er eit fint bilete frå dette selskapet, og me kan sjå at dei bad nokre frå alle gardane på Tungland.

 

Dei første åra på skulen var det berre treskor dei gjekk på, i alle fall gjorde far det. Så det var godt når sommaren kom, og dei fekk springa berrføtte. Far gjekk så lenge han kunne berrføtte om hausten. Eg trur det var kona til Hans Ånå som sa: ”Stakkar, har du ikkje skor du”? Då skjemdes far og fann fram skoa.

 

Ein gong dei var på skulen, skulle dei inn og syngja for ei lærarinne. Dei spente skoa av seg i bislaget. Medan dei var inne, var der ein som såg sitt snitt til å gå ut og hiva alle treskoa i ein haug. Då var det ikkje lett å finna rette para.

 

REINERT OG FASTE

 

Reinert Tungland var enkemann, og alle tre barna hans var også døde. Han gifte seg for 2. gong med Kristina Knutsdotter, og ho var altså halvsyster til far til far. Kristina budde på Hinnarholmen til ho var l6 år. Ho døde i l94l. Far trega slik at han ikkje spurde henne meir ut om livet på holmen. Systera Laurense gifta seg med Bjørn Vegane. Dei og ein liten son reiste til Amerika, men dei høyrde aldrig noko frå dei. Det blei leita etter familien i Amerika då Kristina var død, og arven skulle delas. Men dei var ikkje til å finna.

Far kalla Kristina berre for faste. Det skulle visa seg at ho og Reinert skulle bli til god hjelp for dei. Dei hadde ikkje barn. Reinert selde garden sin til Stålverket. Ragnvald Tungland bur i huset til garden nå. Sjølv bygde Reinert seg hus opp ved riksvegen. Det var ei tid etter at Stålverket hadde overtatt garden at fotballbanen var på marka ned mot sjøen. Det hende at ballen for ut forbi brauta. ”Dei sprang etter ballen så sjøsprøyten stod,” seier far.

 

Huset Reinert og Kristina bygde var ikkje stort, kring 60 kvadrat. Grunnmuren var kilte stein og var 80 cm. tjukk. Det blei brukt finsk materiale i huset, og det har vore sterkt. Då dei la inn straum, sette dei utepæra slik at den lyste inn i gangen. Så slapp dei kosta på seg lys der.

Det var i l9l9 dei dreiv på med grunnmuren, og far til far var med på arbeidet. Dette var like før ei rekke tunge år begynte.

 

TUNGE ÅR

 

Nils var 50 år då han sprang slik etter nokre sauer at han blei dårleg. Han fekk hjarteinfarkt og låg sjuk på soverommet. Tante Kristina var l0 år då, og sa ho var så knytt til faren. Ho tykte det var så fælt å høyra kor vondt han hadde det. Og verre var det å høyra på dei vaksne som sa at han fer nok i neste kavet. Far var 8 år då faren døde.

Løye nok, såg mora seg råd til å kjøpa seg eit fint kråskap etter at ho var blitt enka. Det er svært fint med dragar og andre utskjeringar. Det var Petrus Oftedal i Holmen som laga det før han reiste til Amerika. Skapet kosta l00 kroner. Ho fekk ei fin hylle på kjøpet, men den er diverre godt sundt.

 

Det var på denne tida Spanskå herja som verst. Far blei også sjuk. Naboen spurde korleis det var med han. ”Han har begynt å blø slik naseblod”, fekk han til svar. Det var eit godt teikn, meinte naboen.

I denne tida gjekk mor til far og såg i vindauga om der var nokon stad på Tungland det ikkje rauk i pipa om morgonen. Ho var redd dei hadde fått Spanskå og trong hjelp. Og Olava var villig til å hjelpa.

 

Eldste dottera, Karen, hadde huspost i Oslo. Ei dag kom ho heim sjuk. Ho hadde fått tuberkulose. Far hugsar ho sat i ein stol oppå ”borjå” på baksida av huset i Bringen. Karen var 20 år og dødssjuk. Ho delte ut tinga sine. Far fekk kofferten. Karen blei 2l år. ”Nå må den neste bli meg”, sa mora. Og slik blei det. Året etter (l924) døde mora også.

 

HAUSTING AV TUNGLANDSDALEN

 

Då Olava blei enka, blei det mykje for henne å stå i. Verst var det å sanke nok fôr til dyra. For å spe på høyet, skar dei lyng i Tunglandsdalen. Far fortel at dei gjekk to gonger i veka og skar. Mora gjekk på føremiddagen og så kom han og tante Kristina opp etter skoletid. Mora knepte bør og bar, og barna bar i sekker. Dei gjekk helst i Austra- og Heimra H-liå (Hollia)? og skar. Vegen inn dit går til høgre der bakken på Selemorksvegen begynner før ein tek av og går inn Kalddal. Far seier me går inn Pers-H-liå når me går den vegen opp til Dalpytten, eller Løven som dei seier nå. Eg har sett skreve Pers-hullet, og på ein gard snakka dei om Pers-holet og Eriks-holet. Alle hadde sine teigar dei kunne skjera lyng og hogga ved på. Far trur at dei var dei siste som skar lyng. Mora hadde så mykje syre at suglene berre hang då ho gjekk og skar.

Bøndene hadde ikkje nok brensel heime på gardane sine. Så måtte dei opp på teigane og finna ved. Far viste meg ein gong ei stor turrfuru som hadde vore hans før utskiftinga . Den stod i Austra H-lia, ved Kalddal. Ein gong lånte far handkjerra til Krokhølsmeden og køyrde veden heim. Han fekk tre børar på kjerra. I Bringen skar dei torv på ei ekre som ligg ned ved riksvegen. Me kallar ekra for Myrå endå. Dei la torva til tørk på den breie steingarden som er skilje med ”Voddel”. Men dei trong mykje ved til brenne utan om torva. Opp ved Kaldaltjernet, opp mot Tømmervatnet, ligg Stakkane. Her meiner dei det har stått høystakkar eller lauvstakkar ein gong i tida.

Der var ei stygg ulukke i Tunglandsdalen. Ein gammal mann som hette Torstein Bakken, fall utføre i Dalskarhammaren og slo seg i hel. Han skulle skjera seg ei lyngbør. Dei som bar han heim, tok han inn i huset i Krokhøl. Der barberte dei han før dei bar han heim til huset hans, som stod på ”Voddel” - nær Bingen.

På vegen heim frå Tunglandsdalen hadde dei faste kvileplassar. Det var ein stein som var flat og passeleg høg til å setta børa frå seg på. Far viste meg desse steinane for to-tre år sidan. Dei er blitt flytta på etter at dei bygde om Selemorksvegen. Der var minst 5 kvilestadar før dei var heime. Den siste var i Litla Bjynskaret. Den steinen var ekstra god, og så hadde dei utsyn over Tungland. Bøndene hadde vegrett over Bringen. Dei jaga kyrne opp, og det hende dei mjølka kyrne oppe på skaret. Far seier at kvinnfolka sat på denne gode kvilesteinen og prata og lo så dei høyrde det over heile Tungland.

Tunglandsdalen var ein god beiteplass for både kyr og sauer. Sauene skulle beita lenger opp i fjellet enn kyrne. For å skilja dei, bygde Tunglandsbøndene ein lang steingard. Den begynte ved brua som går over til Selemork. Oppå Bulegbråtet var der ei grind der garden kryste Selemorksvegen. Så gjekk den opp til Longeto i Tunglandsfjellet. Garden gjekk vidare bak fjellet, og den kom ned ved Skjersvikskjeret. Der var mykje sjølvgjert . Denne garden måtte dei sjå over kvar vår. Tungland går inn til bekken i Vigå. Eg hugsar me gjekk dit inn og henta kyrne. Det var vel helst om våren dei gjekk der, for beitet var så tidleg inne i vikane.

 

Dei hausta også skogsbær i Tunglandsdalen og traktene der omkring. Far fortel at dei henta bær og hadde i eit treskrin. Skrinet hadde bua lokk og jarnhandtak på toppen. Dei reiste til torget i Stavanger og selde bæra.

 

Ved eit bratt berg opp forbi Longeto låg Nystølen. Den var truleg i drift i snaue 50 år. Det var Fløysvikbu og Vodlabu som låg der. Folk frå gardane gjekk opp til stølen om kveldane og mjølka dyra. Så låg dei der til neste dag. Om morgonen mjølka dei att og bar heim mjølka. Stølen var i drift fram til ca l900. Far kan hugsa at husa var til nedfalls.

Gamlestølen låg på andre sida av Tunglandsfjellet. Far seier at då han var ute og fiska ved Svinesholmane, såg han den grøne flekken oppi fjellet der Gamlestølen hadde vore. Folk bruka ein snarveg opp til denne stølen som var så bratt og fæl at dyra kunne ikkje gå opp den vegen. Ein dag hende ei stygg ulukke. Ei jente som skulle gå heim frå stølen, snåva då ho kom ut på dei bratte Stegaberga. Ho datt ut forbi berget og slo seg i hel. Smørholken trilla like ned til Skjersvika. Det var visst på grunn av denne ulukka dei bygde Nystølen.

 

Far meiner at Selemorksvegen var mest ny då han var liten. Det var mykje snakk om denne vegen. Selemorkane ville bygge seg veg, og dei ville ha bøndene på Tungland til å vera med å bygga den. Men desse nekta, dei ville ikkje vera med å bygga nokon veg. Vegen blei brukt av folka på Tungland, så det blei ei miss-stemning. Far meiner dei kunne godt ha vore med og bygd den vegen.

 Knut Tungland 9

 

Bruk 4 Voll nærast på biletet. Tvers over vegen ligg folgehuset på "Voddel". Til høgre for "Voddel" ligg Bringen, bruk 7. Der var ikkje veg opp til husa, men der gjekk ein sti langs bekken og vidare opp midt i stykket. Midt på biletet ligg huset til Reinert og faste Kristina Voll. Han selde garden til Staalverket. Gardshusa ligg rett nord mot sjøen frå det nye huset. Fotballbanen låg der nede ved sjøen. Bringen grensar ril Fløysvikgarden bruk nr. 3. Lengst til høgre ligg bruk 1. Far sa alltid Gabrielsgutane om den staden. I skuggen ligg bruk 6, Lauvbakken. I skuggen nærare sjøen budde verja til far, Rasmus Larsen Tungland, bruk 10. Ved sjøen og lenger til venstre enn biletet ligg bruk 9 Vegane og bruk 12 Håhammer.

Huset ved sjøen, nær skuggen, var brødrene Thomas og Sigurd Teodor Fjelde sitt hus. Dei fekk skøyte i 1920. Lenger til høgre ligg småbruket til Bertinius Tungland. Det blei utskilt frå heimegarden hans, Føysvikgarden, i 1926. Ved utskiftingen fekk Bertinius Tungland sin part av Tunglandsholmen (Jørpelandsholmen). Lenger til høgre og ved sjøen ligg huset til Gabriel Tungland. Han fekk skøyte i 1919.

Ved elveosen ligg Staaltun. Dei to våningshusa i nærleiken står på bruk nr. 1. Seinare budde brørne Georg og Ingolf Tungland i kvar sitt hus der. Det var bror deira som dreiv bruk 1. Ole og Berta Erlandsdalen budde der tidlegare. Far snakkar om Erlandshuset.

 

FORELDRELAUS

 

Mor til far følte seg ikkje bra og gjekk til doktor. Ho kom heim og sa at ho hadde fått magekreft, men ho arbeidde som før likevel. Kreft var dødsdom i den tida. På Tau budde ein mann som heitte Claus Winther Tau, men som dei kalla Clas Tau. Han var ein original med nokre spesielle evner. Han kom med noko ho skulle drikka. Clas hadde vunne det fram av nokre plantar. Men livet til Olava stod ikkje til å redda. Ho døde i juli 1924, 46 år gammal. Gravferdfylgjet tok båt til Solbakk, og så gjekk dei der i frå til Strand kyrkje. Det var vel i den tida dei begynte å gravlegga folk på Langeland.

 

Aslaug var 20 år og hadde huspost i Oslo, Tora var l8 år og var nygift, Kristina var l5 år og Knut var 13. Kva skulle det nå bli av garden og ungane. Nokon hadde nemnt på at garden burde seljast som tilleggsjord, men ein bonde hadde sagt at det skulle aldrig skje. Far fekk Rasmus Larsen Tungland til verje, og Kristina fekk morbror sin, Ola Åsen. Ola hadde treft Rasmus i Vågen ein dag. Han spurde om korleis det gjekk med ungane i Bringen. ”Det går utruleg godt,” hadde han fått til svar. Det var far og Kristina som budde i Bringen og dreiv garden. Far overtok garden med skøytte før han var 14 år.

 

 

Sommaren då far var 14 år, sumde han og ein 12 år gammal gut, som var på besøk, frå Tunglandslandet og over til Tunglandsholmen. Dei hadde ikkje båt med. Lars, sonen til verja til far, var ute og fiska. Dei ropa at han måtte koma og henta dei. Rasmus Larsen Tungland var morsk då dei kom i land, og kan skræmde fælt etter dei.

Far måtte gå til verja si når han trong pengar. Ein gong var det ein diskusjon om det nødvendig med sokkeband.

Far blei konfirmert 1925. Han las for presten i Langeland Bedehus, men nokre gonger gjekk dei til Strand. Konfirmasjonen var på Langeland. Presten gjekk rundt og spurde spørsmål. ”Korleis lyder truvedkjenninga”?, var spørsmålet far fekk. Heime hadde systrene laga til eit lite selskap. Dei var berre 4-5 mann utan om dei sjølve. Far fekk ei sylvskei med namn på av ei tante og ein onkel i Stavanger. Det var ikkje vanleg med presangar på konfirmasjonsdagen. Systera, Aslaug, hadde vore svært bestemt på at far skulle ha skikkeleg gode konfirmasjonsklede, for det hadde dei andre fått. Far var liten konfirmant, men han voks og voks og buksene gjekk helst over okla. I militæret var han 189 cm, og det var høgt i den tida. Dei ville ha han i garden, men han ville ikkje for dei måtte vera litt lenger tid der. Han var 7 veker på Evjemoen. Utanom dei vekene har han vore heime i Bringen alltid.

 

Då far og tante Kristina overtok garden, hadde dei 2 kyr og 13-14 sauer, og så hadde dei vel nokre høner. Dei hadde ikkje hest, så dei slo graset med langorv og stuttorv. Høyet bar far inn på ryggen. Det var ikkje så store mengde høy dei fekk i den tida. Seinare lånte han hesten til syskenbarnet sitt, Hallvard Åsen. Hallvard var tidleg ferdig med slotten, så bruka far hesten og hadde den i beite. Men hesten lengta heim. Ein gong rømde den, og me fann den att i Vågen. Høyberginga har forandra seg mykje med åra. Det var til stor hjelp då Maurits Jøssang kjøpte seg ein grå traktor som heiter Gråtass. Bønnene leiga Maurits til å slå graset for seg. Seinare kjøpte far seg ein slags traktor som dei kalla Irus. Dei kunne bruka den som slåmaskin. Då gjekk far og førte slåmaskinen framføre seg. Men han kunne bytte hjul på den og feste på ei kjerre. Nå kunne han sitje å køyre, og i kjerra kunne han ha både høylass og andre tunge ting. Far slo mykje i hagane til folk med slåmaskinen. Den var så lett å komme fram mellom frukt trea med. Når me hadde fått graset i hesjer, gjekk far langs vegen, garden og bekken og slo graset. Andre for etter med rive og hjulbore og hesja det opp. Det var ikkje så mykje for høyet sin del, men det skulle sjå fint ut. Nå når dei brukar to traktorar og legg det i silo, eller som i dei siste åra, ballar graset og legg det i kvite plast ballar, har dei ikkje tid eller ork å pynta opp. Slik er det på alle gardar, trur eg.

 

Då far og tante Kristina overtok arbeidet på garden, var nok Faste og Reinert til hjelp og støtte. Men dei var blitt gamle, kring 70 år. Reinert var stiv og vond av gikt. Han sat krøkte i vedhuset og laga tresko. Reinert og far var mykje ute og fiska, og Reinert viste han alle dei gode fiskestadane.

 

Men det var ikkje slutt på sjukdom og liding endå. Tante Kristina blei sjuk 1 år etter at mora døde. Ho hadde fått Turberkulose. Det var mykje snakk om at det måtte vera systera Karen som hadde smitta henne. Kristina blei sendt til Landeskogen i Setesdalen. Dette kosta pengar, og far tok dei pengar han hadde og gav frå seg. 17. mai kunne han ikkje gå på l7. mai festen, for han hadde ikkje den krona det kosta. Det var vel nå dei sende bod etter tante Aslaug i Oslo. Ho måtte komma heim. Det var vel ikkje så lett for henne å bryta opp. Eg trur ho hadde funne seg ein venn der. Far lika ikkje at Aslaug ikkje kunne mjølka. Han gjekk tidleg ut for å fiska, og så måtte han heim for å mjølka. Kva gjer ein 15-16 åring då? Jo, stenger systera inne fjøset til ho har lært seg det. Kristina kom heim att frisk.

Far selde fisken han fiska. Det hende at ein mann som hadde krambu i Vågen, kom ut på fjorden og kjøpte fisk av han.

 

FAST ARBEID

 

Like etter konfirmasjonen arbeide far hos Krokhølsmeden. ”Eg skal gjera deg til så god smed atte”, sa han. Men smeden talte han til å få seg arbeid på Stålverket. ”Du må gå og masa og masa på dei der nede, og strø litt kløpulver i nakken på dei.”

Då far var l7 år, fekk han seg ein liten jobb på Stålverket. Han skulle vera handlangar for nokre murarar. Ein dag var det slutt på arbeidet, og han var på veg heim. Det var midt på dagen og han møtte svogeren sin, Rudolf Oftedal. Han sa at han måtte gå ned på kaien og spør om å få arbeida ut dagen. Far fekk arbeida, og han kunne komma att neste dag. Nå var eit 50 år langt liv på Stålverket begynt. Far slutta då konkursen kom i l978. Det var tungt arbeid å lossa båtane. Dei unge gutane, som begynte på Stålverket, fekk 50 øre timen. Far fekk 65 øre, for han hadde tyngre arbeid. Etter ei tid fekk han seg arbeid i Sandblåsen. Like før dei skulle gå heim ein dag, tok far seg ein tur på do. Arbeidskameratane hans stansa arbeidet, for dei ville telja kor mange knupplar dei hadde greidd den dagen. Då far kom attende, hadde Graham vore der og sett at dei ikkje arbeidde, og han jaga dei heim. Det var i Grahamstida.

Det kom ein eldre mann bort til far og sa at han måtte komma seg bort frå Sandblåsen, for han ville få silikose av å vera der. Far blei skremd og søkte seg til Valseverket. Dei siste åra var han i Synaravdelinga og såg etter feil på hammarverkstålet før det skulle sendas. Han var heilt åleine med det, og det lika han godt. Far blei tilbydt formannsjobb i Hammarverket, men han takka nei. Der han var, var der ikkje konfliktar av noko slag.

Far hadde nok arbeid i mange feil arbeidsstillingar, og musklane i ryggen ”hovna opp”. Mor måtte massera han når han kom heim frå arbeid. Då han var kring 50 år, gjekk han til massør Paulsen i Stavanger. Han lærte han 10 ryggøvingar, og kvar øving skulle han gjera 10 gonger. Far gjorde desse øvingane i alle år medan kaffien kokte opp om morgonen. Ryggen har vore god sidan. Dei to-tre siste åra har han ikkje tatt alle øvingane.

Eg veit der var tider han lengta bort frå verket. Han kunne tenkt seg ein gard som var stor nok å leva av.

Då han begynte på verket, arbeidde dei til kl. 5, men dei hadde ein time matpause midt på dagen. Far hadde arva ein robåt etter far sin. Den rodde han og nokre arbeidskameratar bort til Tunglandslandet med, og så skunda dei seg heim og åt middag. Etter ein time måtte dei vera på arbeid att. Den nedra Tunglandsbrua var ikkje komen endå. Det blei ein krok å gå opp til den øvra brua. Far blei så van med å kryssa elva på røyret at han hugsa mest ikkje kor han hadde gått etterpå.

 

UNGDOMSTID

 

Det var helst laurdag og sundag at ungdommane gjekk ut for å treffa kvarandre. Ein viktig møte plass var kaien når båten var der. Dei gjekk på dans på Grønnevoll. Ungdomslaget bruka gymnastikksalen på skulen, og dei var mykje der. Dei gjekk også på basarane på Bedehuset og andre stader. Ein kvardag ville far av stad og bada. ”Du er gårdlade”, hadde Reinert sagt til han. Det svei nok, og far har fortalt det mange gonger.

 

GIFT MANN

 

Knut Tungland 13 

På Pinseafta l938 gifta mor og far seg. Det var mor sin 25 års dag. Far var to år eldre. Mor var frå ein gard på Førland, og bryllaupet blei feira der. Ei stygg ulukke sette ein dempar på gleda.

Tre unge gutar hadde drukna i Regnarvatnet nokre dagar tidligare. I alle fall hadde den eine guten kjøpt bryllaupsgåve, og han var bror til beste kameraten til far. Mor og far hadde vore ringforlova kring 2 år. Nå flytta mor heim til far i Bringen. Eg blei fødd like etter at krigen braut ut, og Nils blei fødd like etter at krigen slutta. Mor stelte barna og garden, medan far var på jobb. Huset var gammalt og lite. Der var to stover. Den eine låg me i alle fire. Der var ein lang smal kjøkken og eit kammers. Det var tante Kristina sitt til ho gifte seg. På loftet var der berre bordkledning. Der var kjellar under den eldste stova. Mor fortalde at ein kald vinterdag ho ville vaska kjøkkengolvet, fraus det til is etter som ho vaska. Ho måtte sjølvsagt slutta av. Eg hadde det godt der i dei 10 åra eg budde der.

 

 Knut Tungland 14

 

KRIGEN

 

Krigen var 3 månader gammal då eg blei født. Det var ikkje i den beste tida å setja barn til verda, men eg leid inga naud. Kyrne gav oss mjølk og smør, sauene kjøt og garn, hønsa egg og så hadde me gulrøter og mykje poteter. Mor laga l00 potetkaker to gonger i veka. Me sådde også kveite og fekk det mole. Det var ulovleg, for tyskarane skulle ha det. Mor laga labbar til meg, og dei var gode og varme. Ho sydde sko av garva saueskinn. Ulla vende inn. Denne skoen hang fast i ein lang tjukk strikkesokk. Ein gong hadde eg og ei venninne sprunge til Vågen på labbar. Då skjemdes mor, for labbane var ikkje eit vakkert syn. Eg hugsar best at eg hadde dei på meg i snøen. Det gjekk ikkje. Dei var så glatte, og der var ingen kantar til å ta

imot med. Far hadde ein leist, så han prøvde å fiksa på gamle skor så godt han kunne.

 

 Knut Tungland 15

Far hadde vore med i skyttarlaget før krigen. Då krigen kom, for tyskarane av garde med både gevær og radio. Anders Leite var også med i skyttarlaget. Ein dag spurde han om far ville vera med å ta ned våpen frå eit slepp på Brogarheia i Årdalsheia. Far var ikkje med på sjølva sleppet, men han låg i senga si og høyrde at flyet kom. Det var containerar med ammunisjon og våpen som engelskmennene slepte ned. Dei grov containerane ned i snøen med det same, og så kom der mykje snø. Dei låg 2 meter under snøen, så motstandsfolka måtte gå med lange stakar for å finna dei att. Det var mykje arbeid å føra 2.5 tonn ned til Grimsli. Det kom regn i snøen, så dei gøymde sleppet i ei smie ved Langavatnet ei stund. Det meste låg i ei ur ved Liarvatnet til freden kom.

Der var også sjokolade og kaffi i sleppet. Far grov sin del ned heime i Bringen. Ein kveld ville mor og far prøva litt skikkeleg kaffi. Dei fekk meg i seng og trudde eg sov, men plutseleg stod eg på kjøkken. Eg meinar eg hugsar kor forvirra dei blei. Ein tok seg av meg, og den andre for og gøymde noko. Etter krigen fekk eg sjokolade. Eg skulle få halda naboungane sitt flagg dersom dei fekk sjokolade av meg. Me åtte ikkje flagg i Bringen. Men då me var i Vågen på fredsdagen, gjekk eg og veiva med eit raudt flagg. Mor og far visste ikkje kven som hadde stukke det i handa mi.

Motstandsfolka hadde bestemt seg for at dei ikkje skulle seia noko til konene om sleppet på Brogarheia. Men konene lika ikkje at mennene for på skitur til alle tider. Mor sa til onkel Ole Fjelde Førland, som var ungkar, at han måtte heller finna seg nokre ugifte å gå på tur med. Og Ole berre higra og lo. Det kunne bli farleg med mange ”sure” koner, så dei fann det best å fortelja det til dei.

Etter krigen kom far med nokre fallskjermar. Den eine var så kvit og fin, og den var mest som silke. Mor sydde bluse med puffarmar til meg og skjorte til far av den fallskjermen. Der var også ein raud fallskjerm av simplare kvalitet. Det var snakk om å sy dynetrekk av den, men den farga slik av.

 Knut Tungland 16

 

Tidlegare i krigen blei far og naboen, Olaf Tungland, spurde om å gå rundt på Tungland å høyra kva våpen mennene var opplærde i. Han som dei fekk ordre av, blei tatt av tyskarane

og sat på Grini til krigen var slutt. Far og Olaf gjekk i spenning om tyskarane greidde pressa noko ut or han. Ein dag kom ein arbeidsmann på Stålverket og sa at der gjekk ein mann og spurde etter far og Olaf. Dei burde kanskje rømma. Då far gjekk heim av arbeid, stod mor til Olaf i porten sin og gret. Ho sa det same om mannen som spurde etter dei, og at han måtte rømma. Dette var om våren, og hevda skulle breias. Far breidde og såg seg rundt. Ein framand mann gjekk på vegen. Han gjekk inn mot Jøssang og ut att. ”Den mannen passar nok på meg”, tenkte far. Så kom der ein livspolisagent som far og Olaf hadde teikna forsikring hos. Nå ville han ha dei til å auka den. Far blei så glad at han teikna høgare forsikring enn han hadde tenkt. Mannen på vegen var Mindor Dragsund, far til presten Ingvar Dragsund. Han hadde møter på Bedehuset.

Knut Tungland 17 

 

FRED

 

Endeleg kom freden. Far var ute og sådde gulrøter då han såg dei hadde heist flagg bort på Jørpeland. Han heiv såaren frå seg, og det blei lenge før han sådde resten. Ein nabo kom opp til far, og så for dei opp i fjellet med dynamitt og lunte. Klart at eg også ville vera med, men nei, eg skulle plutseleg ha søndags kleda på meg. ”Kvifor skal eg vera fin?”. ”For det er fred”, sa mor. ”Kva er fred?” ”Der er ikkje krig”. ”Kva er krig ?”. Dette hugsar eg, og eg hugsar ein del frå dei glade mai-dagane. Eg minnes bilane til engelskmennene med alle dei glade barna som fekk sitja på, og at mor sa eg var for liten til å vera med dei. I Krokhøl var der ein mann som tala og tala, og eg hadde ikkje lov å sei eit ord. Talarstolen var nede på sletta, og så sat me i bakken og høyrde på. Endeleg var han ferdig, og folk klappa. Ein mann ved sida av meg, klappa med treskorne. Det tykte eg var rart. Men det eg hugsar best, var at me stod ved Ståltun på Tungland. Folk stod i kø for å henta radioane sine. Dei hadde vore lagra der heile krigen. Det rare med denne køen var at folka gjekk nokre steg fram og så nokre steg tilbake – liksom dei skulle gå i tog. Då me kom heim, tørka far radioen. Radioane var rå etter alle desse åra, og folk var redde dei kunne gå sund. Så sette far på radioen, og ei dame hylte og song. Eg tykte ikkje det var fint.

 

Motstandsfolka fekk uniformer på seg nå. Leikekameratane mine ropte heimefrontsmann etter far, og eg blei lei meg. Eg trudde det var eit skjellsord. Like etter krigen blei heimefrontsmennene send til Flørli ved Lysefjorden for å vakta på kraftstasjonen der. Ein dag stansa dei ein tysk båt som kom inn fjorden. Kapteinen skreik og bar seg. Etter ein telefonsamtale med folk i Stavanger, blei båten sendt ut fjorden att.

Far og Marton Førland blei valt til å reisa til Oslo for å helsa på kongen. ”Kongen vil sjå dei”, sa mor til meg.

 

Nå kom ei lang rekke med gode år for far og for oss andre. I august l945 fekk far sonen Nils. Namnet Nils og Knut har gått i 6 generasjonar.

Krokhølsmeden kom ofte bort etter krigen for å høyra på radio. Ein vinterkveld ropte far meg heim i frå leiken. Eg skulle passa Nils medan dei var i fjøset. Eg drygde nok litt. Då eg kom inn i stova, sat Smeden med Nils i armane. Smeden var svartkledd og skitten, og Nils kvit og fin. Eg stokk, og Krokhølsmeden lo. Ein annan gong var smeden på besøk att. Far hadde vore til fjells, og han fekk suppekjøt til middag. Smeden fekk også suppe. Mor hadde ete middag og tok seg ein kopp kaffi og fløytekake. Smeden sat og lurte. Plutseleg tok han eit kakestykke opp i suppa si. Kunne det vera godt?

 

NYTT HUS

 

Knut Tungland 19

 

Nå når krigen var slutt, skulle det bli nytt hus. Far og onkel Sverre, mannen til tante Kristina, grov ut husgrunnen med spa og hakke. Grus og jordmasse hjula dei ut over åkeren. Grunnmuren blei støypt, og slik stod det lenge. Så ein dag kom far opp vegen, vifta med eit papir og ropte at byggeløyvet var kome. Folk bygde helst med reisverk då, men far ville ha beste sort og det var tømra meinte han. Me måtte venta to år før me kunne bordkle huset og mala og tapetsera inne. Huset måtte siga først. Så huset stod med svart tjærepapp, og me mala opp til min konfirmasjon.

Det gamle huset måtte rivast. Far bygde hønsehus av det. Men av kammerset, som hadde vore tante Kristina sitt, bygde han ei fin leikehytte til meg. Den hadde både ved omn og straum. Den blei mykje brukt både då eg var barn og ungdom.

 

BRU OG VEG

 

Ein dag ropa far oss til vindauga. Me måtte sjå. Ein gul buss køyrde på vegen. Den nye brua til Tungland var ferdig (l953?), og nå kunne bussane køyra til Botne. Lenger gjekk ikkje vegen. Vegen frå den gamle brua gjekk under røyret, og det var for lågt for bussar. Her var ikkje mange bilar etter krigen, og me ungane kjende alle. Når det køyrde ein bil på vegen, ropa me ut namnet på eigaren for å vise dei andre at me kjende bilen. Det var iallefall difor eg gjorde det. Så fekk eg heller tole fliren frå dei andre når eg ropte ut Kveiden i staden for Tveiden når Torleif Tveit kom med lastebilen sin. Dei andre som hadde lastebil var Bertin Heggheim, Sem Vetteland og Aksel Ljungkvist. Den litle grøne lastebilen til Ljungkvist var lett å kjenne. Me kjende dei andre bilane også. Det var den grå doktorbilen, Rønneberg og Tore Svines køyrde vel drosje begge to i den tida. Rønneberg køyrde skolebarna frå Jøssang. Og så var det den lysbrune bilen til Tomas Nygård. Av og til kom Ingvald Rasmusen med stasjonsvogna si full av esker. Han hadde frukt og tobakk butikk i Vågabakken. Me visste at han skulle tømma desse eskene utføre eit berg inn ved Storevik. Det var nok mange andre også som heiv avfall der, men me ungane kalla staden for Ingvaldskrotet. Eg tek meg i at eg brukar det namnet endå om staden. Seinare sa dei Rottetippen. Og der var der mange rotter. Eg og far hadde jaga kyrne inn til vikane. På heimvegen gjekk me ut på eit berg og såg ned på alle rottene i ”Ingvaldskrotet” som gjekk og leita etter mat. Far heiv ein stein ned, og rottene forsvann, men dei kom snart ut att. Av og til tende dei fyr på avfallshaugen og det røykte i mange dagar. Når det var søraustleg trekk, gjekk me og kjende på den sure ringe lukta. Og rottene kom ut til oss på Tungland.

Når ein bil hadde køyrt til Jøssang, visste me at den måtte ut att. Ofte gjekk me til grinda ved Tadreskaret og venta. Det hende me fekk nokre øre når me opna for dei.

I 1938/39 begynte dei å bygge veg frå Jøssang til Botne. Den var ferdig kring l946. Det var vanskeleg å bygga den vegen midt i fjellsida i den tida. Eg hugsar naboen vår, Ole Voll, var med på vegen. Dei bruka hest og kjerre i arbeidet. Ein dag var dei uheldig og fekk ”oga” hesten for langt ut på kanten. Dei arbeidde på høgaste Kleivane då, og både hest og kjerre for nedetter dei bratte berga og ut i sjøen. Heldigvis fall hjula av kjerra. Hesten hadde ikkje slege seg meir enn at den greidde symja med kjerra på slep til land inn ved Botne. Det var ein hest frå Jøssang.

 

Knut Tungland 20

 

UTSKIFTING, SAUER OG KYR

 

Bøndene på Tungland hadde hatt fellesbeite, men like før krigen (1938?) var der utskifting. Far fekk eit stykke utmark som låg rett opp av Bringen. Dette gjerda han seinare inn og hadde som kulturbeite. Han kjøpte gjerdepålar av borstål frå Stålverket, og dei har stått godt. Det tok ei stund før bøndene gjerda inn utmarka si. Det var vanskeleg å få tak i nett. Far hadde alltid hatt sauer, men nå hadde han ikkje fjellbeite til dei. Sauene brukte halda seg i Kalddal og ved Tømmervatnet og traktene der omkring. Far har ofte fortalt om då han var ”sanndrøymt”. Han hadde leita i fleire dagar etter sauene og ikkje funne dei. Ein morgon stod han opp og sa han skulle opp på Longeto i Tunglandsfjellet og henta heim sauene. Og der gjekk dei alle saman. Men nå måtte han slutta av med sauer. Men me hadde kyrne og ofte ein kalv. Separatoren stod i enden på kjøkkenbenken. Ja, så fekk me skumma mjølk og fløyte. Av den sure fløyten kinna me smør. Først hadde me stavkinna, sidan hadde me ei rund trekinne som me sveiva på. Det var helst systrene til far som kom på huset og kjøpte mjølk.

Eg tykte det var fælt når far tok den nyfødde kalven i striesekken og skulle gå til slaktar Marselius Pedersen i Vågabakken med den. Ein gong skapte eg meg slik at far tok kalven or sekken att. Den blei den siste kua vår.

 

SAUER I LYSEHEIA

 

Etter berre nokre få år begynte far med sauer att. Magne Ravnås hadde leigt store område i Lyseheia. Folk fekk ha sauene sine der, og Magne var gjetar for dei. Det var helst bønder frå nordbygda som hadde sauer i Lyseheia. Far kjøpte først 2 sauer og to gimrar. Etter nokre år hadde han vel 20 vinterfora sauer. Det var ikkje lenge før far var med Magne og sanka. Dette var livet for far som likte så godt å gå i fjellet. Då Magne slutta som gjetar, blei det danna sauelag. I l970 åra bygde sauelaget sankarhytte ved Lyngsvatnet i Årdalsheia. Far var med å sanka sauer i ca. 25 år. Dei siste åra kokte han. Ein del av dagen sanka han sauer som ikkje gjekk så langt frå hytta. Det var store gryter med middag som skulle til når ein flokk på opptil 20 holsvoltne sankarar kom heim om kveldane. Dei var så mange når dei frå ”indra heia” kom ut. Dei siste åra far kokte, handla han inn sjølv. Han var ute og fiska fisk for å ha med, og han tok opp poteter or åkeren. Dei gamle sankarane snakkar om far som stod så tidleg opp og dekka bord for dei før dei tok ut om morgonen. Far var 75 år då han var med som sankar for siste gong.

 

Då far begynte med sauer att i kring l950, jaga me sauene like heimanfrå. Far ringde til Ola Leite om han kunne få jaga sauene over garden hans. Og svaret var alltid ja. Vidare gjekk dei til Rotabakken. Der venta dei på drifta som kom frå Bjørheimsbygda. Drifta gjekk over Krossen , vidare inn forbi Regnarknuten. Far sine sauer går helst ved Håhedlerstølen, Fylgjesdalen og Strandvatnet. Etter at det blei veg til Lyngsvatnet, køyrer dei sauene dit og jagar dei til Håhedlervika. Resten trekker sauene sjølv. Nå er skiljegardane ved Lyngsvatnet, før var dei i Bjørheimsbygd.

 

MANNDOMS- OG ALDERDOMS TID

 

Etter krigen hadde far ei lang rekke gode år - så langt eg kan sjå. Syskena til far og mor budde alle på Jørpeland, og me var mykje saman med alle. Foreldra mine hadde stor omgangskrets. Mandolinen, som far kjøpte då han var ung, var i bruk mest kvar dag. Men han spilte berre til husbruk. Far hadde seg ein fjelltur kvar sundag føremiddag. Eg var ofte med på turen, og mor var med av og til. Men om sundag ettermiddag var det fast at me gjekk til bestemor på Førland. Dersom noko kom i vegen, gjekk mor opp ein kvardag, for ho ville besøka mor si ein gong i veka. Kvart år føre jul reiste me og såg om tanten til far i Stavanger. Då hadde me med ein pose egg. Elles var det mykje fisketurar på sjøen, badeturar og fjellturar. Og svarkjelen var med.

Skyttarlaget stod sterkt etter krigen, og far var ivrig med. Då dei bygde det nye skyttarhuset saman med heimarvernet var far formann. Eg og Nils tok våre skular, fekk oss arbeid på Stavanger Staal og budde heime. Me gifta oss med 3 vekers mellomrom, og etter 6-7 år var der 6 barnebarn og 1 barnebarn nokre år seinare. Far har alltid vore ein stor barnevenn og kattevenn. Barnebarna budde i nærleiken, og i Bringen var dei alltid velkomne. Nå har far 7 oldebarn. I 1981 miste far eit barnebarn. Bjarte blei 9 år og døde av levkemi. Det hadde vore 6 år med håp og glede, sut og sorg for heile familien. Mor døde 1984, 71 år gammal. Ho og far var på veg heim frå Stavanger, og ho døde i bakken opp til Bringen. Korkje me eller Nils var heime, men heldigvis fekk han hjelp av ein nabo. I dei tunge dagane før gravferda, laga far middag til oss ein dag og til Nils med familie ein annan dag. Då far var 75 år, fekk han hjarteinfarkt. Han blei heilt fin att. Nå er far 90 år, og han er i god form. Han går omlag 5 km om dagen, ryddar og vaskar. Han kokar middag kvar dag til kl 11, men han er ikkje så flink til å koke lenger. Så me er ofte på plass i den tida og lagar ein saus eller anna for han. Far meiner dei må ha jordeple på garden, så dei set ein liten åker. Det er far sitt ansvar å halda åkeren rein for ugras. Far likar å arbeide, og han set si ære i at åkeren er fin. Åkeren står så fin i år også. Diverre hugsar far ikkje så godt lenger, men det gode humøret har han endå.

  

Tungland 21.06.2001

Marit Bråtveit