Ei god kvinne før i tida skulle berre ha namnet sitt i avisa då ho blei fødd, gifta seg og då ho døde. Ei god kvinne tok mannen sitt etternamn og stod ikkje i telefonkatalogen.
Publisert:
Heidi Hjorteland Wigestrand
Ei god kvinne skulle komma stille og gå stille, etter å ha levd i det stille, bak kjøkkengardinene der ho la sin kjærleik ned på flasker og glas,
i sausar og bakverk. Skapartrongen skulle ho gå til heklenåla med, og laga dei flottaste sengeteppe som tida så ville tære bort i ei kiste på loftet.
Ei bru og eit gjerde
Mens trådar og liv rann gjennom fingrane hennar, reiste ektemannen bautaer over seg sjølv. Ei bru her og eit steingjerde der.
Ei god kvinne fekk ei grav, nokre tårer, så var ho borte.
Mange har døydd og aldri meir blitt nemnde. I dag kan alle reisa bautaer over seg sjølv. Endåtil eit sengeteppe kan få evig liv.
Moderne menneske driv og døyr i vekevis. Først sovnar dei inn, deretter døyr dei på Facebook, og midt i den digitale lysbrenninga, blir kista seinka i grava.
Framleis fins det kvinner som føretrekk å leva og døy på gamlemåten.
Inger Talette Heng (76) sat ikkje i styret for Statoil. Ho var heller ikkje på Facebook. Så kvar var ho då?
Søker du på henne på nettet, får du få treff. Eit av dei er ei kunngjering om at ho er død, og at ho skal gravleggast 4. september 2015.
Misjonsstasjonen Kangelani i Sør-Afrika blei Inger Talettes første heim.
Privat
Den kvite negeren
Tonane frå zulusongen: «Hlal` Anje Aami» stig og synk under kyrkjetaket på Tau. Tonar og kjensler dirrar mellom veggene når folkehavet skal ta eit
siste farvel med «den kvite negeren» frå Heng. For det var det ho blei kalla dei første åra i Norge.
Inger Talette Haldorsen er 10 år første gong ho kjem til øya utanfor Tau i 1949. Jørgen Heng (27) har pynta kaien med flag og grønt.
Folk trudde Inger ville vore mørkare sidan ho er oppvaksen i Sør-Afrika.
Foreldra hennar, Gudrun frå Heng og Martinus frå Bømlo, er misjonærar i Sør-Afrika, nå skal dei vere heime i to år. Omgangsskule ventar Inger og broren Knut som kjem frå store kostskular i Durban. Barna som har høyrt om ei grøn og frodig øy, let seg ikkje imponera av Heng i mars, oppvaksne som dei er blant akasiar og aloar.
Her er Inger og broren Knut fotograferte medan dei budde i Nkonjeni i Zululand. Foreldra er Gudrun og Martinus Haldorsen.
Privat
Inger snakkar både afrikaans, zulu, engelsk og norsk. Frå ho var seks år har ho budd vekke frå foreldra sine.
Foreldra starta misjonærvirket i 1928. Inger var eit svært ønska barn, for først i 1939, etter fleire abortar, kunne Gudrun løfta eit levande barn opp til brystet. Inger blei fødd på Eshowe hospital 17. juni 1939.
Den vesle familien budde då på misjonsstasjonen Kangelani ovanom Tugela-dalen. Inger sine første minne stammar herfrå. Ho huskar at ho prøvde å lære seg zulu-lydar og at ho strekte handa ut mellom sprinklane i leikegrinda for å få tak i ein hibiskusblom.
I 1942 blir Knut fødd. Same året flyttar familien til Nkonjeni i Zululand. Søskena tumlar rundt med barnejenta Ebina i hælane. Dei klyv i hengepiletreet i hagen og leikar med zulubarn.
Inger Talette var ei sprudlande sørafrikansk frøken. Lite ante ho då om at heimen hennar skulle bli ei lita øy dryge 1500 mil borte.
Jarle Aasland
Kattedåp og raseskilje
Som dei gode misjonærbarna dei er, døyper dei kattane sine, for at dei ikkje skal veksa opp som heidningar. Dei er ikkje alltid snille med zulubarna, noko dei angrar på seinare. Barna veks opp i eit samfunn med strenge raseskilje. Dei kjenner inga anna verd enn den kor kvite og svarte lever kvar sine liv.
Då Inger byrjar på kostskule, får misjonærbarna reise heim fire gonger i året. Av og til stikk zuluane sukkerrøy inn til Inger når toget stoppar.
På Heng får ho raskt eit godt inntrykk av den unge mannen som pynta kaien så fint, men førebels er Jørgen utanfor hennar rekkevidde. Inger er 12 år då familien vender tilbake til Sør-Afrika i 1951.
Året etter byrjar ho på internatskule i Melmoth. Livet på skulen er strengt, men Inger trivst og er både skuleflink og god i idrett.
I 1955 blir Inger sendt heim til Norge for godt. Tanta hennar, lege Inger Haldorsen i Bergen, meiner Sør-Afrika ikkje er nokon plass for barna å veksa opp, og vil koste utdanning på dei. Slik hamnar Inger i Bergen kor ho utdannar seg til sjukepleiar.
I Bergen utdanna Inger seg til sjukepleiar.
Privat
Ein staut kar
I feriar dreg ho på besøk til mormor og morfar på Heng. Kaipyntaren Jørgen er framleis åleine. Få skjønar kvifor, for han er ein staselig kar der han går og smiler med sneipen i munnviken. Jørgen er fiskar og driv småbruk på øya. Nå er han 33 år. Inger er 16. Laurdagar samlast ofte ungdommen i båten til Jørgen. Snart er dei eit par. Jenta er overtydd om at han er mannen for henne.
Dette skriv ho i brev til Sør-Afrika. Foreldra er ikkje begeistra. Dei meiner ho er for ung.
Prestedottera er mild av vesen, men har ho bestemt seg for noko, så blir det slik. Paret må likevel vente med å gifte seg til Inger er ferdig med utdanninga.
21. september 1963 blir dei gifte i Bergen.
Inger Talette Haldorsen blei fru Heng i sjølvsydd brudekjole. Jørgen fekk ho sansen for ganske tidleg. Paret gifta seg i 1963.
Privat
Nesten nøyaktig 67 år etter Inger gjekk i land på Heng første gong, kjem me til øya og går langs stiane ho gjekk.
Det er eit halvt år sidan Inger døydde. Mørke vindauge stirer ut mot dei snødekte ekrene der villsauer går og grev fram gras med klauvene.
Spora etter gummistøvlane hennar er for lengst borte, men kor lang tid tek det å viska ut lyden av eit par føter på veg til ei god gjerning?
Aplane spriker med nakne greiner mot himmelen. Frå desse trea hausta Inger kilovis med eple som blei til saft.
Frå kostskulejente til bondekone
Å gå inn i huset er som å komma til 70-talet. Gryteskrammel og steikeos. Lukta av ertersuppe, den syrlege angen av saft og godlåten over ei skål lakrissnorer.
Heng blei heime for Inger. Heimen hennar var der Jørgen var.
Ho kjærteikna kvar flekk av øya med dei nakne tærne sine, og tok aldri skor på før det hausta. Den søte jenta som kostskulegutane sverma for, sette pris på å kunna kle seg etter innfallsmetoden, etter år i skuleuniform og sykepleiarhabitt. Ho skriv gledestrålande til Sør-Afrika om livet som bondekone.
Jarle Aasland
Jørgen lærer henne alt om livet på Heng, vever henne inn i si og øyas historie. Han lærer henne å kjøra båt og traktor. Han lærer henne å fiska. Inger gjer det til sitt alt saman.
Dei er eit lag, dei to.
Kona følgjer Jørgen i alle gjeremåla hans. Kan han, så kan ho. Den unge kvinna vil ikkje berre vera røysta innafor kjøkkenglaset som ropar inn til mat. Ho vil også fiksa ting med ståltråd og spiker, byta plankar i løeveggen og grava grøfter.
I bedet utanfor kjøkkenet bognar det av blomar i alle fargar. Som det fell naturleg for blomar å vera vakre, er også Inger og Jørgen det, der dei går hand i hand over øya.
Så snart ho ser at det lyser i ei hytte, står ho på døra, smilande, klar for ein uhøgtidelig prat.
No er det lenger ingen som rører tangentane på Ingers piano frå Sør-Afrika.
Jarle Aasland
Lite husmorjammer
Om somrane summar øya av liv. Ho steiker vaflar og Jørgen kokar kaffi.
Fire barn kjem til verda. Barna spring inn og ut som dei vil og får ha golvet fullt av Lego. I ei tid då mange husmødrer tek skit som ei personleg fornærming, tåler Inger rotet, klisset og fingermerka som småbarn fører med seg.
For henne ligg det inga prestisje i å vera superhusmor. Ho likar ikkje å laga mat, og let ikkje som ho gjer det. Difor blir ho heller ikkje ein gneldrande lydkulisse i barna sin oppvekst, men ei fredelig mor som likar å vera saman med barna sine.
Mot denne utsikta kunne Inger kvile auga når ho gjekk tur på øya si.
Jarle Aasland
Det er over 1500 mil mellom Heng og Sør-Afrika. I Inger sitt hovud er avstanden kanskje endå lenger. Barna ber henne snakka framande språk, men ho vil ikkje. Likevel er landet med henne, i gjestfridomen, i dei nakne føtene som spring over tunet, i den engelske fruktkaka til jul, i risen som blir kokt til middag, og som ektemannen må blanda med potet for å kunna eta, og i drivhuset med både mais og squash.
Barna må vera med og jobba både inne og ute. Inger er etter Jørgen og ber han sleppa dei til i båten.
Ekteparet likar å vitja hyttevenner på øya. Det blir spelt kort og drukke raudvin. Prestedottera som berre drikk brus, ler gjerne høgast av alle. Inger er allergisk mot alkohol. Trua hennar er lys og venleg. Ho er vidsynt og snakkar aldri vondt om nokon.
Denne saueflokken stelte Inger godt med før ho døydde.
Jarle Aasland
Kjører sin døde far
I høyonna om sommaren er ofte foreldra og hyttevenner med. Inger kokar slåttegraut til heile gjengen.
Då faren døyr i 1999, vil dottera sjølv frakta kista hans heim til Bømlo.
Inger tok sertifikat som 50-åring og er kjent for å vera hard på gassen. Skepsisen mot båretransporten er stor, men Inger står på sitt. Dama får lirka kista inn i bilen sin. Før dei kjører, lovar ho faren å kjøra forsiktig.
Då barna veks til, byrjar ho å jobba utanfor heimen, først som heimesjukepleiar, deretter som nattevakt på sjukeheimen. Kyrkja får også nyta godt av engasjementet hennar.
Mon tru om villsauene på Heng saknar matmor med det gode mjølet?
Jarle Aasland
Jørgen er ikkje alltid så begeistra for at kona er så mykje på farten. Han likar best når begge er heime, men dei finn ut av det. Paret kan kunsten å vera usamde utan å krangla. Røykinga hans er eit evig tema, men i dette får ho ikkje viljen sin. Jørgen røyker heilt til han ligg på det siste.
Han døyr frå Inger og øya si i august 1998, 76 år gamal. Jørgen er borte, men alt på Heng minner henne om han.
Når livet er vondt, teier Inger stille. Ho malar aldri ut ein hovudverk eller ein vond rygg. Fødslane og overgangsalderen hennar blei ikkje allemannseige, like lite som sorga eller hennar mest private lukkestunder blei det.
To velbrukte traktorar står like ved grinda i tunet kor Inger pilte fram og tilbake mellom dei tusen gjeremål som yrer fram på eit småbruk.
Jarle Aasland
Ein velkommen gjest
Inger likar best å høyra om korleis andre har det. Kan ho gjera ein forskjell i livet til nokon, er det viktigare enn å sitja heime i stova og fikla med pc-en. Inger vil møta menneske ansikt til ansikt. Ho er difor ein kjær og tittgjengd gjest langs stripa mellom Tau og Jørpeland.
Barnebarna blir ønskte velkomne til øya. Bestemora let dei styra på som dei vil innomhus, medan ho turer på ute.
Etter Jørgen er død, byrjar ho å arbeida meir. Båten hennar går i skytteltrafikk mellom Heng og Solbakk. Her har ho bil og kjører til arbeidet som nattevakt på Jørpeland. Ein kveld merkar Inger at det dunstar så rart rundt henne då ho kjem på jobb. Ho gløtter ned på føtene sine og ser at ho har gløymt å ta av seg fjøsskorne.
Gavlabåten «Jøring» som Inger og Jørgen Heng kjøpte i 1971, har mista skipparen sin.
Jarle Aasland
I stille netter sit ho med spøtet og vaktar dei gamle. Ho masserer vonde føter og koker mjølk til dei urolige.
Heilt til ho er 75 år arbeider Inger her. Då får ho kreft, og det går fort nedover. Dei siste vekene av livet må ho bu på institusjon, men ho saknar Heng kvar einaste dag.
26. august er kampen over. Inger sovnar stille inn med alle sine rundt seg.
Kista blir seinka i jorda 4. september 2015, på dagen 17 år etter Jørgen si.
Kvar var ho?
Å syta for at familie og vener hadde det bra var det viktigaste i livet til Inger. Ho var både bestemor og oldemor då ho døydde.
Privat
Så kvar var Inger Talette Heng når ho ikkje var på Facebook?
Ho var alle stader der så altfor mange andre ikkje er.
Ho var i dei nære møta der blikk møter blikk. Inger sat ved ein sengekant nær deg, hjå han du ikkje visste levde lenger.
Det blei gjort i det stille og prisa i det stille.
Inger Talette finst nesten ikkje på nettet. Ho sette spor i folk sine hjarte i staden, og er som ei søt duft i rommet når dei som kjende henne møtest.
Inger Heng var blant dei som gjekk stille gjennom livet, likevel stod ho også med ein fot i den nye tida.