Klesplagga mellom oss

Publisert lørdag 29. september 2012 22:02
Treff: 2009

Av Asgjerd Taksdal

Noko av det forunderlege med klede er at dei knyter den biologiske lekamen til den sosiale funksjonen, dei bind saman det private og det offentlege. 
(Elizabeth Wilson: Kledd i draumar. Det Norske Samlaget 1989)

 

 

Under takglaset på loftet i eit lite Ryfylkehus stod det ei vogge som hadde stilna for uendeleg mange år sidan. No var ho lagerplass for andre ting med same status: Dei var ikkje aktuelle lenger. Kva vi skulle sjå etter, minnest eg ikke, men vi stod no der og rota, bestemor, tenestejenta, og så eg, som alltid drøymde om eventyrlege skattar under haugar av rot. Og gamle klede var meir lovande enn del meste folk elles gøymde på.
Då drog bestemor opp eit forunderleg stykke undertøy, eit korsett med stive spiler tett i tett, med maljer og snøre, og polstra kanter med blondesaum. Ho heldt det saman framfor oss - «sjå kor tynn eg var. Dei kunne ta kring livet mitt med to hender, dersom dei var noko storvaksne, då.»

«Du kunne ikkje få på deg det der?» tvila teneste­jenta. 
«Nei, ikkje til kvardags, veit du. Me snørte oss om laurdagskvelden når me skulle på dans. Me måtte helst vera to i lag, til å strama snora, elles slo me snora rundt sengestolpen og drog til sjølv, men det var vanskelegare. Og så hekta me slakken oppå, med sprotta bak. Det var lomme inne i stakkesprotta, og dei gutane som likte oss, såg alltid eit snitt til å stikka ein godtepose nedi lommen.» 
Dette andletet til bestemor hadde eg aldri sett før - og løgnare vart det: «Det hende eg fann fleire posar i stakkelommen då eg kom heim att om natta!»
Jenta såg ikkje ut som ho rektig trudde at den trillrunde bestemorkroppen nokon gong kunne ha vore på plass inni det sylsmale kneppkammerset. Men sjølv såg eg korkje då eller seinare nokon grunn til å tvila på at det måtte ha vore mykje smakeleg i dei godteposane - så lenge dei varde.

 

Temaet "jente møter gut" varer så mykje lenger i vår tid.

 

VISA OG DØLJA 
Det spennande med klesplagg har alltid vore at dei omskaper oss, signaliserer rollene vi spelar til ei kvar tid, avslører haldningane våre til kropp og funksjonar, og inviterer til det sosiale samspelet med andre som vi går inn og ut av ettersom tilhøva krev. 
Ungdommen sine møteplasser har skift gjennom ti-åra og hundreåra. Måten å omgåst på har også skift utruleg. Men tiltrekkingskrafta, magnetismen som ordnar ungdom i stim mot kvarandre i dei aktuelle åra, den held seg. Den som kastar eit halvt auga på klesannonsane vi er omgjevne med, treng ikkje vera skarp over gjennomsnittet for å sjå korleis moten flagrar hektisk med ny-nytt og gammalnytt for å tena saka: Tiltrekking mellom kjønna - og trangen til å avertera seg sjølv til ulike andre føremål. Det nye er kanskje at rollespela over temaet «jente møter gut» varer så mykje lenger i vår tid. Eller som vi likar å seia det - vi er ikkje eldre enn vi kjenner oss. Og vi kler oss så vi ikkje kjenner kor gamle vi er.

Formødrene og -fedrane våre hadde mykje strengare mønster å smøya seg inn i, også i klesvegen. Eldre kvinner - over tretti på bygda i Ryfylke, gifte folk dessmeir, kunne ikkje spjåka seg til med storblomstrete kjole i sterke fargar. Kleda måtte vera samelege, og det betydde avdempa, mørke i leten, enkle i fasongen så dei ikkje framheva kroppen - og ikkje gjekk av moten dei første ti-femten åra eller så. 
Noko av det mest nedsetjande ei kvinne kunne seia om ei medsøster, var at ho kledde seg utfordrande, «akkurat som ho skulle vore skildra, så trangt var det.»

 

MED SPØT OG FORKLE 
Så fann dei då også fram til andre møteplasser etter som åra gjekk. Møteplasser der andre kvalitetar enn vepsetalje avgjorde statusen. Dei møttest hjå kvarandre, slik vi aldri gjer lenger. Dei «gjekk med spøtet», dersom alt var vel. Sa dei at dei «gjekk og såg om Kari», så fortalde det at det stod dårleg til med henne. Kanskje det var ein avskil for alltid. «Besøk» var eit by-ord. Nei, konene på garden stakk nøsta i den romslege forklelomma og vandra i rimeleg spøterytme bortover til nabohuset og fekk seg ein prat og ein kaffidrope mens dei gjorde det dei skulle likevel. Sokken voks.

 

 

Det velsigna forkleet som signaliserte så trygt og godt kva for oppgåve du hadde i livet. Ca. 1953

 

Dei gjekk og spøtte når dei skulle ut og mjølka, og mannen bar bøttene. Vegen sneia framom bislagdørene og tuna ut etter garden, og det passa godt å seja seg nedpå steingarden og spøta i lag mens drøset gjekk - og mennene fekk lunk på pipa. 
Derfor, og av mange andre grunnar, var forkleet eit basisplagg for kvinnene. Gamle fotografi viser folk i søndagspuss til heimebruk, der mennene sit i kvite skjorteermar og konene framleis dekker framsida med forkle, gjerne svart, rosete eller utsydd, brodert, til helgebruk. 
Forkleet sparte søndagskleda. Litt matstell skulle dei vel bort i då og. Men forkleet dekka også tilstandar som skulle løynast i det lengste. A gå med barn var normalt for gifte kvinner i ganske lange periodar av livet. Men likevel skulle det helst ikkje snakkast om. Ordet gravid var for klinisk, for grovt, og dei fann mange omskrivingar: Venta smått, venta seg, gå på fallande føter, koma i sengekråa, vera slik stelt, vera gale stelt, og så vidare. Men når forvitne koner i andre grender skulle fretta ut korleis det stod til der ein kom frå, spurde dei gjerne underfundig om stakken tippa opp framme på nokon av kvinnfolka.

Det fortel også at mammaklede-industrien ikkje var oppstarta. Vidare fortel det at synleg fruktsommelege kvinner var fjerna frå alle offentlege møteplassen Nokon kvar av oss vel vaksne kan ha opplevd det same: Besøk i huset, og mor med stor mage og forkledet på spil over. Du sjølv som liten jentunge vart send inn i stova med koppar og knivar, smør og mat, og kaffikjelen som mor gjorde ferdig på komfyren. Inn for å sjå etter om det trongst påfyll. Mor sin mage kunne ikkje visast fram - og ingen klede i verda kunne kamuflera den. 
No går vi som bestemødre på badestranda, der våre mødre aldri sette sin fot, og ser topplause ungjenter med ei bikinistripe under den struttande, solbrune magen - og forstår at vi har vore gjennom ei nærast ufatteleg verdiendring frå stygt til fint. Som påkledinga og avkledinga viser. 
Og forkledet er vorte fritidsplagg for herren i huset som forrettande yppersteprest ved grillfestar.

 

Andre klesplagg som viste anstendig konestatus når kjerringane gav seg i veg ut or huset, var golfjakken.

 

DEN VELSIGNA GOLFJAKKEN 
Andre klesplagg som viste anstendig konestatus når kjerringane ga seg i veg ut or huset, var golfjakken. På krambua, i foreninga, på søndagsrusletur til kyrkjegarden. Det var eit livdaplagg mot trekk og råkulde, men også ei oppgradering av kvardagsantrekket som signaliserte at ein rekna med å treffa folk der ein skulle. Golfjakken var velsigna grei til å kamuflera småmanglar med, sveitteflekkar under ermen, bøtte albogar eller manglande knappar. Og så dulde han kjolelivet som stod på spil og magebreidda som kunne tronge ein vask. Han var og av det samelege slaget, i snitt og farge.

I tretti-åra var vestastakken framleis eit greit kvardagsplagg for både vaksne kvinner og små jenter. Det var stakk med fast påsydd ermelaust liv, slik at ein kunne variera med bluse eller genser inni. I mitt minne var det særleg vi jentungane som vart iførte vestastakk til skulebruk og søndags, men også dei eldre kvinnene gjekk med vestastakk til kvardags. Utruleg praktisk bruksplagg når ullvasken var så tungvint som han var. Men vestastakken var også bestekjolen sitt neste liv - når ermane var utslitne mens det endå var bruksverdi att i resten av plagget. 
Det er ikkje vanskeleg å sjå tradisjonslinja bakover til den obligatoriske stakk- og livmoten.

 

Gutar i "stubba-stakk". Dette var vanleg klesplagg for begge kjønn til 3 - 4 års alderen.

 

BESTEKLEDE - SØNDAGSKLEDE - SKULE­KLEDE - KVARDAGSKLEDE 
Det ser ut som ei elling eller ei spå-ramse: Prest -prost - fillefant - fut! Men det var kleda sine normale aldringssteg, den trinnvise degraderinga frå den første, forventningsfulle framvisinga med lovord og misunning, så sant alt gjekk vel, gjennom normaliseringa, slitasjen, etterglansen av stordomstida, til dei enda som plagg du kunne skjula deg i til kvardags, så lenge det endå var nokre vask att i dei. Og det beste dei då hadde i vente, var å enda som striper av meir og mindre søte minne i filledekka på golvet. Ikkje rart at «Hovmod står for fall» vart eitt av dei vel innøvde ordtaka. Saman med «Ingen kjenner dagen ...»

Eg har ått ei flat øskje med besteklede i ein gong. Eg var seks år og sov i kvit sprinkelseng, med øskja under senga. Der låg silkekjolen med korte puff-ermer og kappeskjørt innpakka i kvitt papir. Kvit silkeunderbukse med strikk oppe og nede. Lange kvite kjøpestrømper med knappar til å kneppa livstykket på. Svarte lakkskor - og lyseraud hårsløyfe. Eg pakka det ut og såg på det stundom, men det var aldri snakk om å bruka stasen anna enn til syttande mai, juletrefest og konfirmasjonsselskap. Dermed var det bestekleda mine i mange år, frå lakkskoa omtrent slong sine eigne vegar med bomull i tåsnutane og til tærne jamra av plassmangel. Frå kappeskjørtet hang godt nedpå dei kvite strømpeleggene til det vart forbode av omsyn til det sømelege då det ikkje lenger dekka den kvite med strikk oppe og nede. Eg minnest enno sorga. Sjølvsagt slutta eg ikkje å gå på juletrefest for det. Ein stilte med ny kjole og ny hjartebank i årevis. Men dei eigentlege bestekleda frå barndomen låg i ei flat øskje under ei kvit sprinkelseng. Sidan kom erstatningane. 
Kanskje kappekjolen vart søndagssommarkjole etterpå. Men han må ha vore for frivol til å gå på skulen i. Skuleplagga var enklare og greiare, ogdet påverka nok valet av besteklede og, seinare. Dei måtte kunna slitast ut - på sømeleg vis.

Gutane gjekk i kortbukse og skjorte og genser - eller nikkers i tretti-åra. Tversoversløyfe og slips til fest, og skyggelue som kravde eit minstemål av folkeskikk med helsing når dei trefte folk, steig inn i hus og slikt. Men aldri i livet ei langbukse på ukonfirmerte. 
Bortsett frå den som høyrde til matrosdressen - ei dryg grunninvestering, men lønsamt på lenger sikt. Ikkje berre det at slike maskuline yrkesplagg styrkte samhaldet store og små menn i mellom, det var svært å visa fram ein liten sonemann som såg ut til å kunna bli noko gromt i verda. Men overdelen var utruleg fleksibel og kunne arvast opp og ned gjennom årsklassane, og ingenting var enklare enn å sy nye matrosbukser av faren sine med utsliten bak. Og eit festplagg var det, med kvite snorer og pipe i brystlomma - til almenn fortviling for armingen som skulle stå for dei meir høgtidsame innslaga på juletrefesten.

 

Matrosdressen var ei dryg grunninvestering, men lønsam på lengre sikt. Gutane gjekk i knebukse og trøye så lenge dei var ukomfirmerte.

 

EIN TIMES GANGE ELLER SÅ -?
Å gå på skulen betydde noko særskilt når du traska avgarde på treskor nokre kilometer. Mange gjorde for det meste det. Men utover i trettiåra vart gummi­støvlar - vannstøvlar - eit statusplagg. Dei kosta pengar, det avgjorde saka. Mor formante meg ein gong   eg   for   altfor   uvøre   i veg   med   det   nye paret:»Tenk på at han far må arbeida halvannan dag for at du skal få nye.» 
Kor lenge tenestejenta vår hadde arbeidd før ho kunne gå på Kristna-krambua og få sitt par med skinande blanke vannstøvlar, veit eg ikkje. Halve månaden kanskje? I alle fall vart dei debutframførte til sommarkjole på dans i Alsvikkrossen, og det næraste dei kom nedbør den helga, må ha vore morgondogga på heimvegen.

Det andre statussymbolet i skostellet var «tøy-skoa» - Dei var kvite og måtte setjast opp med zink-kvitt utrørt i vatn til helga. Etter ein lang vinter og blaut vår på beksaum, treskor og - i beste fall - tette vannstøvlar, var det ein ubeskriveleg lette å få tøyskor på beina. Det var som du letta frå bakken, du sprang og sprang og trudde at aldri meir kunne føtene trøytna. 
Dei kosta og pengar, og me visste det. Det meste kosta. 
Men hesteskor, lakkskor med knappar på, det var eventyret. Eit av mine første stikk av sosialt samvit er knytte til eit par nye lakkskor. Eg fekk ikkje lov å laga den festforestillinga eg hadde planlagt for å visa dei fram, fordi dei eg hadde tiltenkt rolla som måpande publikum, ikkje hadde råd til nye skor. Det var så mange føter og i det huset. Det har vore ein lærdom ein kanskje ikkje har hatt vit til å takka skikkeleg for.

Uversklede var det god bruk for, haust og vår, men slett ikkje alle hadde oljeklede til vern når det stridregna på tvers. Skulen lukta annleis om vinteren enn sommarstid. På snorene over omnen hang tjukke ullgensarar og trøyer og draup så det freste, og på zinkplata under stod surklande beksaumar og eima. Vi hadde alltid bibelhistorie i første timen, og det har sikkert medverka til den geografiske forvirringa mellom lokalitetane at det lukta så stramt av vått Vestlandsver når Raudehavet slo saman bak jødefolket på vandring.

Krigsåra sette kjøpekrafta meir eller mindre ut av funksjon. Det var ikkje stort å få kjøpt. Med vanleg livskraftig tilpassing la moten opp tilheimeproduserte siste skrik, det vi alle måtte ha var heimestrikka fanakofter, broderte Per Gynt-jakkar, og mønsterstrikka knesokkar med like raggsokkar til å bretta over beksaumane. Dei som hadde hatt lite å kjøpa for, stilte med stort forsprang. Dei strikka og sydde og kom på skulen med moteplagga varme or nevane, før vi andre hadde kome så langt at vi skjønte kva som måtte til. Alltid i bakleksa der, då dei som var flinke med hendene hadde si stordomstid. Men på basar vinteren 1942 var det uråd å koma utan sjølvstrikka knesokkar. Dei fingerflinke sat på divanen med sine flettemønstra rett ut på golvet framfor seg og venta til eg fekk fest avfellingstråden på siste tåa og kunne bli med. Men det var tydeleg for all verda at eg hadde gjort dei for korte for å bli ferdig til basarkvelden, og mønstret var forsmedeleg enkelt: Fem rette og ein vrang. 
Skuleklede og skuleskor - dei hadde og sin oppbevaringsplass i huset. For ingen måtte gå ut etter maten med skulekleda på. Og etterkvart som vi vart store nok til å sjå noko av kavet bak maten og kleda våre, kom det vesle urolege husmorstikket i magen dersom mor ein mandagsmorgon sa oppgitt:»Jaja, du får ta søndagskleda i dag.» Då var noko ute av kontroll.

 

DEI STYRANDE OG RÅDANDE 
Mannfolka kunne godt møtast på krambua i arbeidskleda sine, blåbukse og blåtrøye, det som heiter dongeri i våre dagar. Men dei reiste ikkje i banken eller til lensmann eller dokter slik. Då hadde dei dressbukse og trøye - nedgraderte besteklede. Slik gjekk dei og på samlingar og bedehusmøte. Med rein skjorte, om ho ikkje akkurat var kvit. Mørkdres-sen var til best, til gravferd, kyrkjebruk, og til offentlege oppdrag. Når bestefar tok ut til Strand på heradstyremøte, bar han full mundur: Svartdressen, svart hatt, nypussa sjevråstøvlar, og så heradstyre-paraplyen. Det låg alvor over førebuinga, der han hekta brynereima til barberkniven fast i vindaugshaspa og strauk bladet blått. Han småmulla saksutgreiingar mens han såpa seg inn. No var barbering midt i veka eit krisetiltak i seg sjølv. Men det hende han var så alterert eller rett og slett opphissa at han skar blodsprutande flengjer i dobbelthaka. 
På gamle utandørs fotografi ber dei fleste mannfolka lue. Med litt personkjennskap finn ein kanskje ut at det er læraren som står der med hatt. Og kanskje ein eller to av dei eldste og mest ærverdige. Frå skulegutar og oppover har dei luer, Rennesøy-utgåva eller rutete sixpence.

 

BYFOLK I HUSET 
Eit unntak er bileta som vart tekne når byfolka hadde innteke husa og hagen, og dei innfødde som mellombels hadde flytt i eldhuset eller kjellaren vart bedne med på utandørs søndagskaffi. Bymennene ser ut til å bruka hatt utan omsyn til alder og ære. Der han sjølv slengjer seg i graset i søndagskjorta og den utklassa dressbuksa, sit bymennene fullt påkledde i dress og slips. Gardakona har sin vanlege stakk med kvitt liv til, mens bykonene har kjole og oppsett hår. I bakgrunnen sit den veslevaksne dottera på garden med kaffikopp på fanget. Ho er fødd hausten 1900, så biletet må vera frå før første verdskrigen.

 

Døtrene som flytte til byen og fekk seg utdanning eller vart fruer, skaffa seg hatt.

 

PLAGGSTAND OG HATTSTAND
Dei eldre kvinnene viste seg oftast ikkje berrhovda. Dei bar plagg, svart til søndags og bestebruk, kvitt eller kulørt til kvardags. Kvinner frå jamne forhold på landsbygda brukte ikkje hatt før første verdskrigen, og nett hovudplagget ser ut til å ha vore eit sterkt stands symbol. Døtrene som flytte til byen og fekk seg utdanning eller vart fruer, skaffa seg hatt. Mødrene heldt på det svarte silkeplagget, lenge utover tjue- og trettitalet. 
Eg har eit slikt silkeplagg i mi eige, etter ei farmor som heldt på sin stand og ikkje skulle vita av noko byjåleskap. Ho døydde i 1963, og forsikra til sin døyande dag at hatt hadde ho aldri sett på sitt hovud. Døtrene mulla om at dei hadde som eit minne - var det ikkje ein stråhatt med blomar på? 
Ikkje tale om. Ho vart brysk når dei nemnde det.

Men her eit år kom det ut eit lite hefte med bilete frå Strand i gamle dagar. I mai 1914 var heile sokna samla i Strand kyrkje til minnegudsteneste, og forsamlinga er fotografert. Dei sit ordna som skikken var: Mennene på høgre sida av skipet, kvinnene på venstre. Med eit prangande unntak: Langt framme på mannssida sit det eit kvinnemenneske ved sida av mannen sin, iført ein kvernstein av ein stråhatt. Der tener hatten eit kvinnepolitisk føremål, han er ei fane for henne som først for eit år sidan hadde fått stemmerett.

 

På biletet av ei gravferd på Slevåg på Fogn i 1936 sit alle kvinnene i mørke kåper og med hatt.

 

YTTERPLAGG 
På biletet av ei gravferd på Selvåg på Fogn midt i 30-åra sit alle kvinnene i mørke kåper og med hatt. Det sit tre sørgjande søstrer kring kista. Ingen kan sjå på biletet der kven av dei tre som er bakarfrue frå Pedersgata og kven som er gardakoner frå Strandalandet. Skilnaden mellom by og land er i ferd med å forsvinna, i høgtidskleda. Men det er først i vår eiga tid at gardakoner og kontordamer og byfruer - om nokon enno gjer krav på ein slik yrkes- eller standstittel - ikkje lenger er til å skilja frå kvarandre i klesvegen. 
Mannfolka hadde sjeldan frakk, same kor kaldt det var. Berre nokre få sit med frakk på gravferdsbiletet. Trøya var ytreplagg. 
Heime på garden gjekk kvinnfolka gjerne med strikka snippsjal over kjolelivet, snippane krosslagde over brystet og knytte bak på ryggen. Var det bikkjekaldt, kunne dei slengja eit vove ullsjal over akslene, eit diagonalbretta pledd gjorde nytta. 
Men til bytur og høgtidsame høve trong dei kåpe. Jentene som reiste ut og gjekk på skule eller fekk seg arbeid, gjekk med kåpe. Og portrett av klasse­venner frå lærarskulen sist på 1890-talet viser emansiperte unge kvinner med drakt og drusne skinke-erme, til hatt og kanskje lorgnettar.

 

BUKSEDAMER OG BADEDRAKT
Då byfolk vart evakuerte i 1940, fekk vi strandpysjamasane og rhumbabuksene og shorts og solliv innpå livet. Vi sydde og hekla og strikka oss badedraktar og bada i lag med dei. Lærte å symja, gav blaffen i gutekvelpane som hadde gjort krav på dei beste badeplassene. Det står vel heller ikkje til å nekta at vi kanskje spekulerte litt i den nye oppvisingsscena vi hadde lagt under oss,  og  i våre heimestrikka todelte. 
Men vintersporten var ein plagedom. For ein ting var å hiva av oss lette sommarplagg og kasta oss i vatnet når både me og omgivnadene trong nedkjøling. Noko heilt anna og mykje meir omfattande var å få tak i varme klede som ikkje gjorde det til ei helsespille å sveiva rundt på stokkaskeisene på isen med 20 kuldegrader under stakken. Eller å hiva seg på tønnestavskia eller fara på kjelke nedetter hålkereinane så den fortærande stakken stod som ein fallskjerm over hovudet og snøspruten hadde fritt leide. Vi kunne vel alltid ha funne oss ei utsliten mann-folkbukse og fjerna gylfen - dersom det hadde vore godteke. Men jente i mannfolkbukse - det var berre toleleg i potetopptaket når vi låg og kraup i åkeren og handplukka jordeple. Sjølv då hadde dei eldre kvinnene berre sekkebreidd til vern.
Nei, kle seg i bukse for å halda varmen og fara og skreva som eit mannfolk berre for løye - å, ikkje vissare. Sjølv var eg femten år og skulle på skidag på realskulen før eg fekk lånt ei sid og romsleg skibukse for å gjennomføra vågespelet. Omtrent samstundes fekk ei yngre jente mor si til å sy skibukse til kvardagsbruk - av helsegrunnar. Ho må ha vore ei motig lita fjør.

 

Portrettet av klassevenner frå lærarskulen sist på 1890-talet viser emansiperte unge kvinner
med drakt og drusne skinke-erme.

 

HUD OG HÅR 
På den tida - i 1940-åra, var nok dei fleste jentene kortklipte, og dei unge vaksne kosta på seg permanent. Men det hadde ikkje gått like fredeleg for seg i alle heimar. Vaksne gifte kvinner hadde langt, opprulla eller fletta hår i dult, enno eit tiår. Dei heldt seg til gamal folkeskikk: Jentungane gjekk med håret i fletter nedover ryggen så lenge dei var ukonfirmerte. Men til konfirmasjonen måtte dei setja håret opp - samstundes med at dei fekk lang stakk. 
Det er rimeleg å tru at byfolka sitt langtidsopphald på bygda endra haldningane litt. Men håret har til alle tider vore eit sterkt erotisk symbol - slik plaggskikken understrekar, og at vaksne kvinner aldri viste seg med utslege hår for andre enn ektemannen. 
Frå erotisk symbol til religiøst tabu er ikkje vegen lang, og skikkelege, truande kvinner korkje klipte eller krølla seg. 
Midt i 40-åra vart det tilsett ei ny lærarinne ein stad på våre kantar. Tilsetjingsnemnda hadde høyrt seg føre og slått fast at ho dreiv søndagsskule der ho kom frå. Alt skulle vera i bra stand. Dei mest forvitne stod ytst i sjøhusdøra og glåpte då ho kom av dampen - og fekk eit sjokk så dei heldt på å tumla over kaikanten: Ho kom stigande over landgangen med kortklipt hår som stod rett til vers av ny permanent. Det stemte ikkje med mønsteret.
Det velsigna mennesket kom og vann, og gjorde mykje til å løysa ei personleg religiøs tru frå ytre framtoning. Det vart ikkje så enkelt å dømma over tru og liv lenger.

Sjølv lurte eg meg til å kjøpa ein boks talkum for sparepengane mine ein gong. Det lukta så forførande godt - og det var vel ikkje tilrådeleg for ein jentunge. Eg fekk ei dugleg preik. Like sterkt var det å få gjennomslag for å bruka Nivea-krem over kviser og styggedom. Heldt ein på å bli pyntesjuk? Kva slag byjålekrapyl skulle det bli av ein då? 
No blir ingen forundra lenger om kona på nabogarden tek seg ein ekstra time i byen og lærer å sminka seg - «colour me beautiful». Og ho kan tru­leg gå til alters i dongeribuksa si. 
Men ingen skal koma og tru at klede og hår derfor ikkje signalisererlenger, kven vi er, kva vi står for, på våre møteplasser.

 

Asgjerd Taksdal er født i Strand i 1930. Ho er utdanna lærar og har tidlegare arbeidd som museumspedagog ved Stavanger Museum. Nå er ho kulturvernleiar og dagleg leiar av pedagogisk senter i Time kommune.

Fra: Folk i Ryfylke Årbok for Ryfylkemuseet 1991. 

Artikkelen er gjengitt med tillatelse fra forfatteren og Ryfylkemuseet.