Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Olav Voster forteller om matlaging og kvinnearbeid

Olav Voster forteller om livet på Geitaskjær, om gårdsdrift, fiske, mat og stell, om oppveksten på en liten gård i årene før og under krigen.

 

 

 

Baking  spinning, spøting, sying.

 

 

 

         Brødbaking blei gjort som regel 2 ganger til veka, det var gjerne tirsdag og fredag, då sette mor brødeig (nok til 6-8 brød) på kvellen før, det blei bruka en del surdeig i staden for gjær. Om morgon etter var ho oppe kl ½ 5 og fyrte opp i vedkomfyren og i sjutiden var brøa steikte, nokre store kjempebrød, grove og fine. Når brøa var ferdige så gjekk ho i fjoset og melkte kyrne, når det var gjort kom ho inn og var med oss og åt til morgon. Sidan gjekk ho i kjellaren og separerte melka. Seinare på føremiddagen blei det gjerne steikt syrekaker, for det måtte gjerast medan komfyren var varm. Så kunne det bli både lappar og vaffelkaka. Midagen blei sett på tidleg for den måtte stå på bordet kl ½12. Så var det å laga til ettermiddagskaffe kl ½1.

 

bake

 

 

 

 

         Så når var det gjort, var det fram med rokken eller ho tok spøtet fatt, ho var ein meister og spøta, og spinna og (også) forresten. Alt garn som blei brukt til sokkar og jakkar, genserar, tepper osv. spann ho på rokken og sidan spøte ho dei. Når klokka nerma seg tre om dagen var det og fera til mellemat, og når det var gjort unna så var det ut på gardsarbeid til seks halvsjutida, då var det molketid. Når det var unnagjort så var det kvellsmat.

 

         Når ho hadde vasket opp til kvells, so tok ho det med ro, ho sette seg gjerne til med symaskinen og sydde, ho sydde alle skjortene og mykje av buksene  som me bruka. Det var sjeldan att ho tok kvell før 11-12 tiden. Var det løye ho var heilt utslitt når ho var 56 år? Døde 20 juni 1956.

 

         Som tidlegre nevnt var det lauv-ris som ble brukt brukt ein del av i komfyren og ein del tråsa pinnar, det var små-ved av toppar når ein hadde skoga, dei hogde me på veastabben og blei gjerne også kalt ”Elling eller illingved”, det siste er gjerne rett. Illingveden blei hoggen inn om høsten då var svåla fylt opp av småved og den var tørr og god utpå seinhøstes og vinteren.

 

         Garnet var for det meste kvitt eller svart, men når ein tvinde garnet så kunnen ein få grått garn. Mor farga mykje garn og, då bruka ho kvitt og sette den fargen ho ville ha, entan det var blått, grønt, gult eller brunt. Fargane fann ho mykje ute i naturen av planter.

 

         Tannlegene Ådne og Terje Grødem kan ikkje gløyma dei gode brødskivene som dei fekk når dei var med meg heim.

 

 

 

skinne

 

 

I fjoset var det berre trebåsar, men me hadde fått keramatiske krybber og det var veldig flått, det var skille mellom kvar bås, men nedi botn av krybba var det ein opning så når dyra skulle ha vatn så tappa me i den eine enden og så rann vatnet heile vegen til andre enden. Sidan fekk me automatiske drikkekar der dyra sette nasen på ein luke og så rann vatnet inn i drikkekaret.

 

 

 

 

Sild

 

         Me brukte mykje sild det kunne væra til midag og kvells. Når me hadde sild til kvellsmat var eg aldri i godlag, det hende at eg åt eple og smør, men når det lei utpå kvellen var det å gå i brødskuffa og skjæra skjeva. Silda blei brukt i alle fasonger, det var stekt, kokt, sildekaker, sildekarbonader, spekesild. Tørket og flekt, veggsild, lobbesild, krydret sild, saltet sild, røkesild.

 

 

 

sild

 

 

 

         Til drikke attåt silda var det mykje skummet melk. Det blei sjelden brukt grønsaker attåt. Det blei og brukt ein del saft til midagen, saftsuppe og suppe som vart laga av melk og havregryn, og det var nerande kost.  Kjøttsuppa blei og brukt mykje og det var det og havregryn i. Den mest brukte grauten var nok havregrynsgraut, og en del havremjølsgraut, men me bruka og semule og sagogrynsgrøt. Var det stas så fekk me risengrynsgrøt, men det var ikkje under krigen.

 

         Under krigen fekk me noko mjøl som hette hirsemjøl, det kom frå Ukraina, det var tyskerne som kom me det. Me fekk det på rasjoneringskort av og til. Det smaka ganske godt og foresten alt var bra når berre me var sultne nok. Silda begynte dei å fiska ca. nyttår og utover til slutten av februar, då var det storsild, frå mars og utover var det vårsild, det var når silda hadde gytt, då blei det dårligare kvalitet, silda blei magrare.

 

         Til kvellsmat bruka me og ein del hagletta, det var melk som blei kokt opp og så sprengde dei melka og då skilde ho seg, slik att det blei nokre store kvite ballar og resten var grøngul møse, det smaka godt. Me hadde det på djupe tallerker og me bruka skjei og eta med. Alt syltetøy blei laga heime, me kjypte aldrig syltetøy. Me laga syltetøy av rips, solber, blåploma, gulploma, søteple, bringeber, bjørneber, blåber og av og til mikkelsber, Viktoria og Grev Althans –ploma og av og til Ombo-ploma. Men det sytlteøyet som stod i høgsete var sureple, for dei var det so mykje stivelse i og når me koka det blei det til gele, ganske gult på farge og det var beste sort. Pæra skrelte me og la den på Norgesglass og hermetiserte dei, og det gjorde me mykje me ploma og. Då hadde me deser heile vinteren. Kjøt hermetisera me ein heil del av det var den einaste måten utan å salta og tørka det på. Det kunne stå seg i åravis.

 

 

 

Slakting.

 

         Når me skulle slakta griser så måtte me ongane vara inn, for me skulle ikkje sjå på det som føregjekk, men eg hugsar at me var i bestestova og såg ut glaset når dei slakta. Det føregjekk på den måten at dei sette ei stor gryte vatn på ei murt gruva att med bakveggen, det skulle visst ha ein temp. på 70 grader. Så hukka dei av døra inn til grishuset og la den ute på plassen.

 

          Når så alt var klar tok dei ein taustomp og sette på trynet til grisen og drog til. Og til hardare dei drog til meir hylte grisen og stritta imot, kva det skulle vara for at dei drog så mykje veit ikkje eg, men når grisen var attmed døra, så stod ein med ein økse-hammar og slo han i hovudet så han datt. Så stakk dei han og blodet rann opp i ei gryte og dei måtte røra så lenge at det ikkje fanns liv i grisen. Så var det fram med gradestokken og når tempen var i orden så var det å ha grisen oppi karet og så skulle dei skolla busta av grisen Når han var ferdig skolla hadde vi ein steinbukk som me heisa grisen opp i og så spretta dei han opp. Så var det å laga innmaten til dei forskjellige sorter. Det hende at grisen spente til blodgryta så at ho føyk av garde.

 

Når me slakta bukkar det var for det mesta i august måned, for det måtte ikkje vara brønnlukt av dei. Det var jamt Ola R. Fiskå som slakta, han bandt hornet til ein påle og bøyde hodet ned, og så hadde han ein bolt med skyteinnretning som han bruka.

 

 

 

 

Olav Voster

1929 - 2003

 

Joomla templates by a4joomla