Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Olav Voster forteller om oppvekst på Geitaskjær

Olav Voster forteller om livet på Geitaskjær, om gårdsdrift, fiske, mat og stell, om oppveksten på en liten gård i årene før og under krigen.

 

Friluftsliv.

         På lørdags- og søndagskvellene sat me mykje på Dalehaug og ute hos Serina og spelte kort. Me slo også ein del ball og det foregikk for det mesta på Gatnaskjær. På Jonsok- og Olsok-kvellen kunne det hende me gjekk like opp på Gjeteskjær- fjellet eller Bustihaugen og hadde bål og der såg me vide ikring. Me reiste ein del på turar, det var gjerne med skøyte til Lysefjorden med skøyta ”Strand” med Per Høyland ved rattet eller ein bytur. Til Årdal for me også, me hadde fotballkampar mot årdalsbuane.

         Me seilte ein del det kunne vara ein salpetersekk me hengde opp i ein mast, det var ikkje alltid så nøye. Størst stas var det når Tollak Nordbø fekk låna Nordbø-båten, det var 18-19 fots seilbåt med fokke og storseil og me fekk vara med han. Det var gjerne så at me seilte ein veg og måtte ro heim igjen,    

 

Badeplassen vår var nede på Longaskjær og dokken, men for dei som ville hoppa og stypa var Kristnaberget plassen for der var det brådjupt. Der var og godt og sola seg.

         Johannes og Sverre Bygdevoll var mykje heima sjå oss. Når me bada og skulle læra og symja, så batt me ein tjukk tau rundt livet og så hoppa me uti, då var me sikre på at me kom i alle fall opp igjen. Johannes og meg holdt ein gang på attmed steikoltjøre tunna, me kom på den glupe ideen at me skulle smøra foten til Johannes inn me tjøre over heile foten, leggen og like opp til kneet, han var så svart som natta. Når me så skulle vaska foten rein igjen var det umulig og få tjera av igjen. Men eg gjekk heim i flesketunna og fant ein fleskebit og den bruka me saman med fin sand, men me holdt på i timevis på jobben, me gjorde aldrig meir det. Når me hadde bada i sjøen så måtte me alltid gå ut i bekken (Gjeteskjærbekken) og skjylja badebuksene i ferskvann. Bekken var nok reinare då enn nå. Me bada mest inne i dokken og til tider på Longaskjær, Kristnaberget blei og brukt ein del, men der var litt brådypt.

 

         Me dreiv lite idrett, det var ein del fotball, men avdi det ikje var bane så var det for det meste utelukket. Me spente fotball på Hodel attmed Grødemsveien nedenfor Bygdevoll og me spente ein del nede ved Kunes. Plassen heite vistnok Ortastykke. Det var ein gang kamp med Heiarane, då sloss Bjarne O. Fiskå og Ole Helland, dei havna oppi ein klunger til slutt. Dei blei visst forlikte til slutt.

 

 

Me spente og ein del fotball i Nesa-myra, det var mellom ytre Fiskå og Høyland, det var Ola Neset som åtte myra. Me gjekk opp attmed sommerskuten til Holger Fiskå. Det var veldig kjekt i Nesa-myra for me hadde ein god trenar det var Einar Pettersen fra byen. Han spela på SIF og me var krye av han. Einar blei sidan politi. Han var gift med Ines Flink og har hytta på Vatne.

 

Snøføre.

         Me hadde noko som me kalla krobber, det var ein kasselignande tingest med meier som var belagt med jernband under. Me drog krobbene opp den gamle grødemsveien til Kristoffer Halvorsen og der feste me alle krobbene sammen til eit langt tog. Det kunne vara opptil et tjue stk., og så var det gjerne 2 stk. på kver krobbe. Reinert Grødem var alltid førstemann i toget for han hadde ei spesialkrobba som dei kalla krakken, det var ei kort og veldig høg krobba. Så sette me ned gjennom bakkane, det var bratt og svinget med steingardar på sidene og farten den blei ganske stor, og med Brauta var det ganske livsfarleg.       Me hadde kvar sin stokk som me styrde med, det var vel helst opp til første mann og halda god kurs. Det hende at me rann inn i steingardane og det gjekk hardt føre seg. Dagmar slo seg temmeleg stygt i leggen husker eg. Det blei eit stort gapande sår av det. Me rann og i Bakkastykke-bakken på Bygdevoll der bruka me ein stor kame til Johannes Gjeteskjær. Det kunne vara 15-20 stk. oppi kamen og Johannes Gjeteskjær og Erling Krogevoll sat bak med noko lange stokkar og styrde med og det var moro tykte me.

 

         Når snøen låg tørr og god om vinteren så gjekk me på labbane, Det var vanlege sokker som det var lagt dongrytøy under og til fleire lag med dongry desto betre var dei for dei blei mykare og gå på. Dei var gode og varme, men dei sleits mykje, så det var og reparere dei om kvellene. Når det blei tinvær og blaut var det dårlegt.

         Eg hugsar gamle Tosten Fiskå, f. 1859, hadde gode labbar dei var solte med lammaskinn og var nok betre i tinvær og.

 

Sjeising.

         Me hadde ikkje så mange muligheiter når det gjaldt sjeising, det var stålisen ned i bekken, det var ein liten dam, men alltid fin is. Så var det sjøisen når den fraus til, men det var ikkje så ofte. Den gang eg hugsar at isen låg lengst og var tykkest var vinteren 1942 då var sjøisen 40 sentimeter og me sjeiste til Fiskå og Kværa og like til Ur. Samlingsplassen for ungdommen var på Storeflu nordøst av Litleholmen.

         Det var og vanleg at me gjekk til Holta- vatnet, då var ongane frå Grødem og Krogevoll med oss. Johannes Holta 1935 fortel at dei alltid venta på Gjeteskjær- og Grødemsungane skulle komme og skeisa og det lika dei. Og på Holta-vatnet møtte me ongane frå Holta, dei var som regel betre og skeisa enn oss dei hadde meir trening.    

         Skeisetypen var krøllskeiser og stokkaskeiser. Eg kan hugsa me var ute med Ingrineset og skeiste. Så kom ”Jøsenfjord” og isen gjekk i stykker. Isen brast heilt sund. Langt ute var Gunnar Nordbø på eit isflak og det såg spøke ut. Men Sverre Nordbø skeiste på flaka utover og fekk tak i Gunnar, holdt han i armane og kom innover igjen og han sprang med skeisene oppover berget på Ingrid-neset og berga Gunnar.

 Brast heilt sund. Har Gunnar gløymt det mon?

 

Olav Voster

1929 - 2003

 

Joomla templates by a4joomla