Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Ordtak samlet av Peter Barkve

Alle lemer har blemer, alle sørper har sår.

Alvor og gaman går godt saman.

Arbeid adler mannen.

Av to vonde ting vel ein det minste.

Annan manns hest og annan manns kona skal ingen mann låne.

Alderdom og fattigdom er et rikt fylgje.

Alle kjenner apekatten, men apekatten kjenner ingen.

Altfor sødt kan og smaka ille.

Arbeidshug og sparevet er meir verdt enn pengar i banken.

Avund er ein vond fylgjesvein.

Ask gjer kua rask, hegg set marg i legg og osp legg smør i trøsk. - Frå Hjelmeland

Alle skal ha tak i meg, sa jenta da ho hang fast i klungen.

Alle veit råd med ei galen kjerring utan han som har ho.

Betre å spara frå helen enn frå tåa.

Det er`kje berre presten som har bok.

Det er lita hjelp i det blinde auga.

Det er fleire flekkete bikkjer enn presten si.

Det gror ikkje gras på allfarveg.

Det er lett å løysa det som er lett bunde.

Det er lita mun i om kua mjølkar mykje når det er hol i bøtta (eller ho sjølv spennar ho ned).

Det skal (vil) alltid vera eit svin i laget.

Det er som å tøma vatn i eit sold (øsel).

Betre tynt øl enn tomt kar.

Billig fridom er falsk vara.

Betre tjukk tråd enn berrt lår.

Betre å ha føresorg enn ettersorg.

Berre gift deg, sa mannen, han såg katten leika.

Han lyge så ein hest drege.

 

Joomla templates by a4joomla