Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Vermerke

Etter Peter Barkve

 

 

Meitemarken syner kor djupt frosten vil gå om vinteren. Legg han seg i ro djupt nede i jorda, vil vinteren verta steng – og motsatt

Når hesten rister seg i selen vil de komma storm, likeeins om han rullar over rygg når han velter seg.

Ein kan venta storm dersom sauene stangast.

Ein kan venta regn dersom hunden eller katten et gras

Hjå oss held måken seg på dyrka jord langs dalbotnen, men fyk han over skogen i dalsidene kan ein venta regn

Når svala fyk høgt kan ein venta godver, men fyk ho lågt er det merke på gråver og regn

Gjel gauken på bar kvist, kan ein venta vår

Når katten kvesser klørne eller spøkjer med seg sjølv, vil det komma storm.

Det vil straks koma regn når skjera bader seg.

Det er merke på reng at hakkespetta skrik eller kråka holder seg høyt.

Det var eit sikkert merke på regn når det låg frau langs strendene, eller ”veier” i vatnet.

Det er merke på regn når sola ”trekkjer vatn”

Når torden slår ofte om hausten, vil det verta ein open (regnfull) vinter.

Det tyder godt ver når det vert glorim på omsringane eller gryta.

Liggjande måne varsla godt ver og ståande varsla dårleg. Difor sa dei liggjande måne og ståande sjømann, ståande måne og liggjande sjømann.

Var det ”garde” kring månen om vinterkveldane, kunne ein venta snø.

Et ein alt snaudt på bordet, ville det verta godver.

Dei gamle såg alltid etter retninga dei fekk nymånen. Til lenger mot aust han kom opp, til betre var merket for veret, men fekk dei nymånen i sørvest, kunne de venta regn og storm.

Slik veret er på bryllaupsdagen, slik skal det verta på likferdsdagen.

Når marka er glatt om sumaren, kan ein venta regn.

Når det gjeld veret er fredagen ikkje lik dei andre dagane i veka.

Dersom ein misser eit smørbrød på gulvet og smørsida vert liggjande opp, kan ein venta godver, men vender smørsida ned, kan ein venta uver.

Me høyrde alltid etter duren frå Regnåa. Kom kan ovenfrå, kunne me venta vind, men dura ho lengst nede, kunne me venta regn.

 

 

Mange av desse vermarka slår godt til endå, men eg høyrde mest til dei då eg var barn. Dei som eg har funne slår til, brukar eg endå. Då me var barn var altslag ver godt, så me tenkte lite på vervarslene. Men det var eit, som kom til å seia mykje for oss. Stundom vart me lova å få vera med til skyldfolka i Sørbygda, dersom det vart godt ver sundag. Me gjekk i største spaning for dette, og så visste me at ein kunne spå veret på glorimet på ovnsringane eller grytene. Var glorimet lite, var det uvist med veret, men var det stort som kronestykke, varsla det godt ver. Me torde ikkje alltid spørja etter om det heime, og eg huskar godt ein gong eg gjekk til grannen for å høyra kva dei hadde sett. Det slo visst alltid til, for eg huskar ikkje at me vart skuffa.

Primstaven har merke for mange messedagar, og desse dagane var ofte merkedagar for veret.

2. februar var Kyndelsmessedagen. Kunne dei finna tre dråpar under ufså på nordre kyrkjetak kl. 12. middag, spådde det eit godt år.

3. februar vart kalla blåsemessa. Bles det mykje den dagen ville året verta blåsande. På blåsemessedagen måtte dei ikkje nemna dagen med dette namnet, for då kune det lett blåsa opp til full storm.

22. februar kalla dei Peder stol. Merket for veret var den dagen, at slik det var den dagen, slik ville det verta i 40 dagar framover.

12. mars heldt dei Gregorsmessa. Draup det av ufsa den dagen , kunne ein venta eit godt år.

25. mars heldt dei Marimessa, og han var største messedagen i året. Vermerke den dagen lydde, at så lenge det hadde runne vatn i bekkene før Marimessa p.g.a. tøver, så lenge ville dei stå stille for frost etterpå. Her kjem også inn det kjendte merke om fastefrosten, og me får dei Marimessenettene. Det heitte at dei tre første spådde veret for våren og dei tre siste for veret om hausten.

14. april var sumarmåldage. Då kunne dei ta til med såinga. Men vinteren var ikkje langt borte, difor heitte det at kom det sludd eller snø den dagen, kunne ein venta snø ni gonger til før ein var trygg.

1. mai heldt dei gaukmesse, og frå den dagen kunne dei venta å få høyra gauken, og dei tok merke etter kva leid dei høyrde han første gongen. Høyrde dei han frå vest, kunne dei venta eit godt år for avling og fiske.

15. mai heldt dei Hallvardsmessa. Like etter fekk dei beste såtida, men det heitte at hadde dei ikkje sådd før 12 dagar etter, kunne dei lata det vera.

24. juni var St. Hansdagen. Merke for veret var, at regna det den dagen kunne ein venta ein våt haust.

20. Juli kalla dei Mari vassausa. Den dagen kunne dei venta regn, og hadde det vore tørk, stunda dei imot han, men hadde det vore regn før denne dagen, ville det koma til å ausa ned.

25. juli kalla dei Jakob våthatt, og han var ofte regnfull. Og regna det den dagen, kune ein venta ein våt haust. Det heitte også at den dagen måtte ingen røra åker eller eng, for då kunne avåt koma til å øydeleggja avlinga.

27. juli kalla dei sjusovardagen. Merke var at regna det den dagen, ville det halda fram å regna i 7 veker framover.

29. juli er Olsok dagen. Då kunne ein venta Olsokflaumen, og vart det fullmåne den dagen, kunne ein venta ein streng vinter.

10. august var messedagen for St. Lauritsius. Dagen merket veret for vinteren. Var det klårvêr, ville vinteren verta streng, men var det regn og gråver, kunne ein venta ein våt og sur vinter.

24. august heldt dei Barsok. Den natta var alle haugfolk ute og ein kunne venta Barsok rykken. Det  kunne verta frost, og det heitte at Barsok frost var det verste uveret i heile året.

1. september kalla dei kvernknurren. Om veret heitte det at slik det var den dagen ville det verta i tre veker framover. Var det så lite vatn i bekkene at kvernane knurra, kunne det verta vanskar med å få nok vatn på kvernane.

29. september var Mikeli dagen. Då heitte det om veret at så lenge det hadde rima og frose før denne dagen, så lenge skulle det rima og før gaukmesse.

28. oktober heldt dei tveggjaapostolmessa eller førebod, som dei helst kalla han. Om snøen heitte det: 

Vetternatt kan du venta meg
til førebod kjem eg visst.
Men kjem eg ikkje til helgamess
då bøyer eg bar kvist.

1. november heldt dei helgemessa. Då kunne dei venta helgemesse-flaumen. Det heitte om han, at kom han ikkje då, venta han til vinteren. Det heitte om han:

Kjem eg ikkje med vinternatt skridande,
og heller ikkje med førebod glidande,
Så kjem eg med helgamess ridande.

11. november heldt dei Mortensdag. Det heitte klår Mortensdag gjev streng vinter. Men regna det, ville det halda fram med å regna i 50 dagar.

23. november heldt dei Klemetsmessa. Då kunne dei venta Gneldrefrosten.

25. november heldt dei Karimessa. Då var det tida til å støypa juleljos, og det heitte at klårt ver på karimessa gjev vakre joleljos, men elles var dagen merke ver.

21. desember heldt dei Tomasmessa. Då heitte det at dei kunne venta tøver, og dei kalla det lefsetøyren. På Austlandet kalla dei det kakelinna.

 

Joomla templates by a4joomla