Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Til Heimbygda mi

Olga Tau. (Strandbuen 1986)

 

Langstrakt men slett ikkje stor

ligg bygda vår her ytst i Ryfylke - fjord.

Med øyar, vikar og lange strender,

tettbygde strandstader og lune grender,

dalar og dekker, flate moar og bakkeheld

i livd av skogkledde åsar og bratte fjell.

I smilande vatn og svartstill tjønn,

speglar seg fjell og lier med skogen grøn.

Bekkjene sildrar og åane brusar,

fuglane kvitrar, i trea det susar.

Frå nutar og hei eit utsyn så vidt,

venare ser du det ikkje tidt.

Øyane, holmane og fjorden blå,

havet derute, blånande fjell med snøhetta på,

alt får du sjå.

Tidleg i old var bygda vår til,

bu for kongsette menn i sagatid.

Ennå finn ein far etter dei,

gravhaugar mange, runer i berg og bautastein.

Skatt graven ned på Erikssand

då Gunhild og sønene rømde frå land,

uheppa ingen han fann. .

Tida går, - bygda skifter både ham og kår.

Skogen vik, dei dyrkar jord og sår

meir og betre år for år.

Dei gjer seg nytte av brusande å,

også meir og betre år for år.

Menn med tiltak og arbeidshug,

brigda frå kvernhus til møllebruk,

frå sagbruk og bygdasmia til Stavanger - Stål,

og frå færing og segl til skip og racerbåt.

Bygda skifter ham, ho gjer nok det,

men nutar og fjell - dei stod, og dei står som dei var og er.

Øyane, holmane og fjorden med.

Me ferdast dagleg kring på tuftene der fedre gjekk,

nok tidast på betre vegar og ofte på trillande gummi- dekk.

Me ser, som fedre såg, at bygda vår er ven og gild,

og lagleg ligg ho til.

Men streve laut fedrene våre, og streva lyt me,

for serleg rik og lettrodd bygda ikkje er.

Med strev har me bygt våre heimar og tun,

i arbeid og strev finn me gleda og un.

 

 

Joomla templates by a4joomla