Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Då Ryfylke Kraftanlegg gjorde sitt inntog

Barneminner av Olaf G. (Strandbuen 1989)

Eg minnest ein store staute kar,

Som kom for å snakka med han far.

Han hadde planar å byggja ein dam

-for å føra ånå fram, i andre leier

men då i røyr som bleier.

Røyr skulle leggjast - fram til Osen

som då skulle verta - den rike Gosen.

I denne region - skulle byggjast ein stasjon

som skulle produsere - og levere - strømmen sterk

- til drift av store verk.

Dette var planen, som fram blei lagt

- men meir der burde vore sagt.

For bonden blei det ein mager avtale

-utan nokon rikdom å hale.

Det var då, som det er nå

at alltid dei store - får det siste ordet

- ved forhandlingsbordet.

Ja, bonden han måtte nå - dette forstå

at her skulle verte betre tier

med arbeid i dal og lier.

Dette blir då lønn - både for han og hans sønn.

Etter lang divedering - blei det så nivilering.

Staker blei satt opp - frå nederst til topp.

Men så kom slusjen - som ut frå busjen.

Han kom blant annet - frå grenselandet,

med to tome henner - men snus mellom alle tenner.

Han var noe sie i baken - men det vedkom ikkje saken.

Han fekk sin bolig i - Krokehøl,

men her vert ingen fyllesøl.

Dette må då være - til sluskens ære.

Om kvelden han hadde - ei kvilestund,

om natta ein liten - høneblund.

Han hadde det rette sluskelaget

og konne alt som høyrde til faget.

Alt det gjekk, som med liv og lyst,

for her var mot i barm og bryst.

Han jobba og stod i - så han svetta

ikkje berre noke - litevetta,

men i store straumar, nett som i vonde draumar.

For- med spade og spett - går ikkje alt så lett.

Til feisel klangen - høyrtes sluskesangen.

I bårehål han ladde - dynamitt

mens andre var opptatt - kvar med sitt.

Så høyrtes ropet: Varsko heer!

og like etter: Fyr er nå heer!

Så kom smellet - som ga ekko frå fjellet.

Steinen då rauk - og flisene dei fauk.

Så vart det då å ta - trillebåra fatt,

for å trilla bort - den steinen som lå att.

Men då han måtte - ha all sin tanke

på hjul og - trilleplanke. 

Skulle han nå - utfor planken kjøre,

blir det kun - hån og latter å høre.

Han hadde hverken - ro eller rast

for her var - alle tiders hast.

Han fram seg hakka - fot etter fot

og bort det måtte - både stein og rot.

Men som allting har - sin ende

blei og her - ett vende.

Når akkorden var ferdig - blei slusken verdig

ett heders minne - som ei bør forsvinne.

Men slusken han for - med all sin dont

for fram seg stilla på - ein annan front.

Men all den røyr i Tunglands strand.

Korleis få dei - oppover land?

Til dette dei kom - to volde mann

frå Ålgård med - sitt hestespann.

Dei kjørte fram - lass etter lass

tilslutt var alt - på sin rette plass.

Så skulle dei alle - saman til ett

og dette gjekk så ganske lett.

Vi ser dei idag - dei ligg der ilag

nett som ein slange - ja ein ormen lange.

Til ytterste rann - er dei fulle av vann,

for turbinens avanse - som ei må stanse.

Generatoren skal produsere - og levere

strøm til Verket - som var satt opp,

kor flagget alt var - heist på topp.

Men lyset over bygda - også strøymde,

og mørketida ein dermed gløymde,

og gleden var stor - fira sør til nor.

Men korlenge får stasjonen i Osen stå.

Ja, den som lever - han får sjå

 

Joomla templates by a4joomla