Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Prolog - Ryfylkevegen sitt 50-års jubileum i 2015

Laga til Ryfylkerådet sitt møte 11.juni 2015

ved markeringa av Ryfylkevegen sitt 50-års jubileum.

Forma som eit epos!!

Av Tora-Liv Thorsen

RYFYLKEVEGEN – som ei perle i ein musling!

 

Kor kom det første sandkornet frå

i den stride straumen av alle vegar som ville fram?

For framtida, den kom rullande på fire hjul i ein farleg fart.

Så krettur blei avskremde og sprang til skogs.

 

Medan båten gjekk til byn i si faste rute.

Og kva i alle dagar hadde ein i grannebygda å gjera?

Var innom kaiane som snarast.

Kaiane med dei små krambuene, og ein sparebank oppi bakken.

Side om side: Handelslaget og den private kjøpmannen.

I evig konkurranse om dei få kronene

det var råd å tyna ut av Ryfylke-folk på 30-talet.

 

Det var akkurat då sandkornet smatt innunder muslingskalet.

I det lykkelige øyeblikket,

då folk greidde å dra i lag og dra i gang

dette uhyret av ein veg på 18,7 mil

Heilt frå Sandnes til Sand.

Med ein totalkalkyle på 5,5 millionar.

Eit tal med så mange nullar,

at det knapt fanst ein mann som kunne skriva det

 

Hadde det ikkje funnest eit sandkorn før, spør du?

Jo, det skal eg lova:

Sand i maskineriet!

Men det blei lite perler av akkurat det.

 

På eit vegmøtet i 1893,

for å få veg mellom Årdal og Tau,

blir dei samde om å senda eit skriv.

 

Det fekk bli ein komite til å ta seg av det:

”Til Affattelse af Andragendet og for øvrig til Fremme af sagen

Nedsettes en Komite bestaaende af Ordførerne fra de tre herreder Strand, Aardal og Fister, samt Lensmænderne i Aardal og Strand.”

 

Ikkje ein millimeter veg kom etter det ”andragendet”!

 

Og så får dei sjansen igjen i 1905.

Og her kjenner alle politikarar seg att:

Amtsingeniøren ligg på reis for å sjå på

vegarbeidet mellom Årdal og Hjelmeland.

Strandbuane legg gullegget:

Me skal ta imot han på Tau og skyssa han over Tysdalsvatnet.

Fri skyss heilt fram skal han få.

Då vil han skjøna det, at her treng me veg!

 

Og ingeniøren kjem!

Båten ligg klar på Vatne.

Han stig om bord med sitt følgje som ein annan keisar.

Og karane ror i passeleg tempo.

Det blir preika og peika og påpeikt:

Her langs vatnet må vegen liggja!

Berre sjå på ura her: Murestein i massevis.

 

Han er klok ingeniøren.

Han teier til skyssen er framme i Tysdal,

og vel oppe på stranda seier han:

Her kjem det aldri nokon veg i mi tid!

 

Tjue år går som ein lang dag.

Og det blir både sagt og skrive:

Det er fjordabåtane som passar i Ryfylke.

 

Men på Forsand sit ein framsynt mann.

Ein mann med makt og ansvar i sine hender,

og ordførar nettopp då: Torgeir Espedal.

Han hadde vore i Amerika, Torgeir.

Sett den verda som er bortanfor fjella

Sett ein flik av den nye tida før dei andre!

Og så hadde han denne evna berre få er gitt:

 

Evna til å få folk til å dra i lag.

Folk som i grunnen er programforplikta til å vera usamde,

klarer å sjå noko dei kan vera samde om.

Og dei ser det på ein gong.

 

Sandkornet kjem inn i muslingen!

I 1933 startar 25 mann frå Stavanger på vegen i Bjørheimsbygda

og på papiret står det: Ryfylkevegen.

 

Og smerter skal det så visst bli nok av

til å skapa denne perla!

 

Vegen skal gå frå A til Å,

men mellom dei punkta er det eit langt alfabet.

Alle veglause gardar og grender

visste at det var nå eller aldri.

 

Når vegnemnda drog ut på synfaring,

følgde journalistar etter som eit slep av sannings-vitne.

Og jammen tok dei på seg rollen å driva politikk og.

Vegard Sletten i Aftenbladet høyrer på diskusjonen

om kryssinga av Høgsfjorden i 1935 (?)

og gjer seg like godt sine refleksjonar:

 

”Men det fell i augo

at Forsand ikkje treng verta liggjande avstengd

um ferja går mellom Bergsagel og Lerang.

Gjer ho ein sving kvar dag bortum Forsand,

skulle det verta til god hjelp for bygda.”

 

Strandbuen Holger Barkved hiver ut sin brannfakkel:

Me må ha ei stor ferje mellom Stavanger og Tau!

Til eit samband over Høgsfjorden måtte det greia seg

med ei lita ferje, der bilane kunne køyrast på eller av ferja frå sida.

Det kallar nå me ei skjøtta då!

 

Og så klaskar bymakta neven i bordet:

”Det er all mulig grunn for Stavanger

til her å gripe aktivt inn,

for å gjøre sjøforbindelsen nordover så effektiv som mulig

og til å sikre seg at Ryfylkeveien med sine fangarmer,

fører trafikken til Stavanger

og ikke bort fra eller forbi byen.”

 

Dette blei sagt for 80 år sidan,

men somme ting går aldri ut på dato,

som akkurat dette:

Byviljen og bymakta vil alltid vera sterk!

Dette var ein bukk det ikkje nytta å hoppa over!

Dette var ein bukk ein fint måtte hoppa i lag med.

Akkurat nå, når Stavanger kjem med på laget,

aukar løyvingane til vegen og dermed framdrifta.

 

Og den som er stor, kan stilla store krav.

Og det gjorde Stavanger den gongen:

”Nødsmidlene” frå staten skal arbeidsledige

frå Stavanger ha førsteretten til!

 

Og så sende dei andre individ avstad i same slengen.

Folk dei gjerne ville ha bort frå gatene i byen.

Det blei fart i arbeidet på vegen på den måten, kan du tru!

Stavanger var ikkje interessert i god framdrift på Ryfylkevegen.

 

Det toppa seg ei laurdagsnatt,

då taket på brakka i Kilavågen blei sprengt til himmels.

Desse ”skytebasane” var til både plage

og fare for stødige og seriøse vegarbeidarar.

 

Og la oss følgja dei til den staden,

kor kanskje den vakraste perlemoren blei skapt:

 

La oss gå etter lyden av dei taktfaste slaga av hammar og feisel.

Me kan velja den vesle tunellen som ennå står der,

mellom Hålandsosen og Erfjordbrua.

Dei hamrar så steinsplintane sprett.

Og ein brakabusk ligg over holet, for å dempa vasspruten.

Vatn må til for å skylja ut slagget.

Slag for slag på gråberget, dag etter dag i veker og år.

 

Og når boren blir sløv må smeden til.

Det gløder i essa og hammarslaga kvesser stålet

Inst i det mørke rommet ser han når tida er inne,

og stålet må kjølast i vatn.

Ikkje for tidleg, då blir det sprøtt

Ikkje for seint, då blir det mjukt.

Kan du ikkje den kunsten

har du ingen ting på eit veganlegg å gjera.

 

Og dei som borer ”Engelskmann” skal heller ikkje vera skvetne.

Øvst oppunder tunnell-taket,

med boren på skrå oppover over hovudet på seg, står dei.

 

Og så treffa med hammaren, stødig og fast,

i denne kinkige vinkelen,

som kan gi oss nakkesmerter berre ved tanken.

Og alt du peisar laust, det rasar ned i augo og syn.

Ufatteleg kva menneske kan tola,

for ei perle si skuld.

 

Ferjer og ferjestøer måtte på plass,

og i verste fall bruer over fjordar…

Kalkyler og berekningar for den nye tida

Men med den gamle tida sine økonomiske rammer.

 

Rådløysa og vegløysa

må ha kjempa om plassen mang ein gong.

Eller gjekk dei hand i hand?

 

To fjordar var det uråd å smøya seg framom:

Høgsfjorden og Jøsenfjorden.

Her måtte det ferjer til.

Men det var lang veg fram til ferja kunna lenda i ei stø.

Skulle dei velja kortaste veg over fjorden

Eller den kortaste vegen til ferjestøa,

og frå ferjestøa vidare ?

Det badla seg til som den gordiske knuten mang ein gong.

Og berre ei fast og godt ankra avgjerd kunne løysa problemet.

Var avgjerda vaklande, blussa striden opp att.

 

Klart det var smerter!

Når eit valg blei tatt,

og eit JA blei lagt på vektskåla,

skulle det vega opp imot alle dei NEI,

som måtte tolast, og berast og levast med andre stader.

 

Mang ein ordførar måtte reisa heim

med sitt livs tyngste bør: Dei valde ikkje vår veg!

At du kunne finna deg i det, sa folk.

Me trudde du var sterkare enn som så.

Ja vel.

Den fekk trening i å bera byrder

som ei perla ville skapa.

 

Høyr, dei skyt på vegen, sa folk.

Denne salutten for framtida,

lydde i 20 år før målet var i sikte.

 

Så begynte ryktet å spreia seg:

Dei har visst bestilt ferjer, har eg høyrt.

Veit de kor mange bilar dei skal ta?

12 på Høgsfjordferja, ja, 14 små, og 20 på Jøsenfjorden.

Dei må vera galne!!

Kor tenkjer dei desse bilane skal koma ifrå?

 

På Forsand-kaien stig ordførar Rossavik

opp på ein eplekasse og talar til folk,

når ferjevidunderet er på plass i den nye støa.

Nei, han naudber folk:

Nå må de bruka denne ferja, elles går rutelaget konkurs.

 

Aldri har prognosar slått så feil som her.

Og ordet ”ferjekø” glei inn i vokabularet i Ryfylke på ei helg.

Klokka halv to om natta kom dei siste bilane

over Høgsfjorden ein søndag i juni 1962.

Ei uforgløymeleg natt for alle involverte.

Fleire skulle det bli.

Og desse pioner-turistane i bil, fekk seg mang ei overrasking:

Smale, grusvegar snirkla seg framom kjøkkendører

og bakom vedaskutar, før dei smøygde seg rundt neste nabbe.

 

Og spør du koss den nye tida kom til Ryfylke

Så er svaret: Ho kom med ferja!

 

Så har femti år gått sidan opninga av Ryfylkevegen 2. sept. 1965.

Mon det blei eit tidsskifte?

Eg vil sitera ein av dei gamle hovdingane,

kloke Karl Helgeland frå Erfjord,

og første ordførar i nye Suldal kommune i 1965.

Han fekk spørsmålet ein del år etter,

om Ryfylkevegen hadde svart til forventningane.

Det er ikkje lett å svara på, sa han,

for me veit ikkje koss det hadde gått utan vegen.

 

Nei, det meste gjekk som før i vande spor.

Kamp om kronene og kor dei skulle brukast.

Med utviding og vøling og flikking her og der.

Der det var aller mest nødvendig, sjølvsagt.

Og det sa seg sjølv, når ein lastebil med kapell,

kjører seg fast i ein tunnell og ikkje er til å rikka.

 

Då lyser det raude lampar, og illsinte beskjedar

gir gjenlyd langt inni makta sine korridorar.

Det måtte bli verre før det kunne bli betre.

Kjærkomne omleggjingar og nye trasear

slyngde seg etterkvart fram i eventyrleg breidde.

 

Og bruplanar har blitt til bruer.

Akkurat nå heng ei bru i lause lufta og ropar etter feste.

På presis same staden over Sandsfjorden,

kor ho var teikna inn i planane for Ryfylkevegen sist på 30-talet.

 

Bruer over avgrunnar.

Bruer for den gamle kongstanken:

Ein samanbindingsveg på tvers av alt som kan skilja oss.

Ei perle for heile Ryfylke!

 

Men me opnar ikkje muslingen etter dei 50 første åra.

For me veit at ei perle ikkje blir skapt i ein fart.

Ei perle kan berre bli vakrare!

 

Og det har vel historia lært oss: Å halda ut!

Halda ut for dei som har gått føre oss,

og halda ut for dei som kjem etter!

 

Gratulera med dagen til ein veg

og til alle som har bore vegen fram hit til dags dato!

 

Takk for følgjet på vegen!

 

Endelig fullstappet sal igjen!

Tirsdag kveld 21. september 2021 kunne Strand Historielag holde det første åpne møtet igjen etter at pandemien stengte Norge ned 12. mars 2020. Det skjedde med fullstappet sal i Grendahuset på Idse, der Tora Liv Thorsen holdt et særdeles engasjert og engasjerende foredrag om Ryfylkevegens historie, om et "uslåelig prosjekt" som ble kjempet gjennom i strid og samarbeid, i krangel om hvor ferjeleier skulle ligge og vegtraseer skulle gå, og med mye slit underveis. Her var bilder som de fleste i salen kunne kjenne igjen, fra brubygging mellom Kvalvåg, Idsal og Idse, fra sprengningsarbeider i Kolabygda og på Svines, og brubygging over Tunglandselva. I tillegg sørget Strand toraderlag for frisk musikalsk underholdning, mens Grendalaget på Idse var medarrangør og sørget for kaffe og lapper. Det var storartet å kunne møtes igjen!

 

Bilde1 28092021j

 

 

Bilde2 28092021j

 

 

Bilde3 28092021j

 

 

 

HISTORISK VANDRING PÅ HEIA 18.9 - REFERAT

 

Strand Historielag arrangerte en historisk vandring på Heia lørdag 18. september.

Marie ønsket velkommen til 26 historieinteresserte personer, før vi beveget oss oppover mot Åsen.

Vel framme hadde Lisa slektshistoriske betraktninger og historier fra gamle dager. Utvandring til Amerika, med slektninger der og lokalt. En del av de frammøtte hadde bånd til plassen, og kunne fortelle.

Etterpå tok vi en tur rundt i det gamle huset, og kunne selv erfare at det nok hadde sett sine beste dager. Men kanskje noen så muligheten for å renovere huset til fordums stand?

Neste punkt på programmet var et besøk i smia til Jan Gunnar, og den karen har samlet og spart på verktøy og redskaper fra de eldste tider. Imponerende samling i både tak og vegger!

En dobbelbooking på Heia skole gjorde at vi heller tok en fortjent matøkt i det fri. Matpakke og kaffi smaker fortreffelig utendørs.

Etter matøkta var mange forsynt, og klar for tur hjemover.

Men noen av de ivrigste ville bli med Lars Asbjørn opp til Sedbergåsen for å se på en forhistorisk bygdeborg. Restene av denne lå litt gjemt i skogen, men kunne fortsatt gi oss et innblikk av tidligere tider.

Alle var enige om at det hadde vært en gild vandring på Heia!

Ole Grødem

Heia 18092021 1 just

 

 

 

Heia 18092021 2just

 

Heia 18092021 3just

 

 

 

 

Heia 18092021 4 just

 

 

 

Tur Heia 18092021 6just

FORTELJARKVELD PÅ IDSE - RYFYLKEVEGEN

Ryfylkevegen – bygd på samarbeid og strid.

Tysdag 28. sept. klokka 19.00 inviterer Strand Historielag til forteljarkveld på Idse grendahus. Temaet for kvelden er Ryfylkevegen, og me skal følgja vegen gjennom heile kommunen frå Tysdalsvatnet til Oanes. Og sidan me er på Idse, vil me også ta med sidearmen til øyane Idsal og Idse og bruene som stod ferdige i 1975. Den gongen var folk delte i synet på bru kontra båtsamband til Idse. Det var eit drastisk inngrep i fri ferdsel i Idse-sundet, som skjedde då brua blei bygd. Toradaren blir med og litt allsang må me vel og få til. Husk 1 metersregelen. Me tek registrering ved inngangen.

 

Fortteljarkveld 2809202 just

Biletet er av arbeidarane ved Tunglandsbrua med Lars Jøssang som formann.

Tormod Langeland sitt bilete

 

Historisk vandring på Heia

Strand Historielag arrangerer en historisk vandretur på Heia lørdag 18. september 2021 kl. 12. Parkering og start i Tveitekrossen. Vi går til Åsen og videre til Heia skule. Det vil være mulig å gå opp til bygdeborga på Sedbergåsen.

 

.Bilde1

Foto: Audun Rake

Underkategorier

  • Lagsmøte om Kolabyda 15-1-2020

    Mote 15012020b

    Tora-Liv Thorsen fortalte for ivrige lyttere..

     

     Levende historie fra Kolabygda

     

    Et fullstappet kjellerlokale i Folkets hus på Jørpeland ble onsdag kveld 15. januar presentert for levende historie fra Kolabygda, det nyeste tilskuddet til Strand kommune. Engasjert og kunnskapsrik forteller var Tora-Liv Thorsen, med god assistanse fra Eli Helena Stein. Det var en historie om et liv i små kår, på små gårdsbruk med noen få kyr, noen sauer og høns, der det for det meste var nødvendig å kombinere med fiske for å skaffe seg nok til å leve av. Den som eide skog, var også bedre stilt. Bygda har jo navnet sitt fra brenning av trekull, som ikke minst ga tjære til å tjærebre båtene. Tre sagbruk har det også vært i Kolabygda. Det var også en historie om godt naboskap og samhold, og en sjelden gang om store lykketreff, som det eventyrlige brislingkastet i Skeivik for 60 år siden, da 75 tonn brisling plutselig skaffet et notlag mer penger enn de hadde sett før. Vi ser fram til å høre mer fra Kolabygda i Strand Historielag.

     

     

Joomla templates by a4joomla