Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Olav Voster forteller om fiske

Olav Voster forteller om livet på Geitaskjær, om gårdsdrift, fiske, mat og stell, om oppveksten på en liten gård i årene før og under krigen.

 

Fiske og fangst.

         Konrad Voster hadde kilenot til og fiska laks, det same hadde Johannes Gjeteskjær, men han leigde retten ut til Lars Åsevik. Johannes hadde ein del av fangstresultatet. Konrad hadde og nokre år laksenot inne i urda, det var ein mindre bra fiskeplass. Me hadde lyregarn, seiegarn, trollgarn, makrellgarn, sildegarn, auregarn og slyenot. Laksenøter og torskeruser og fleire kasser med utlegg.

         Me pleide og sette utlegg eller line som det gjerne kalles, og det var midt borti fjorden på nordsida av Kværa, der var det ein del stor lange og hyse. Ein gong fekk me ein stor fisk som dei kalla Adla….., han var halvannan meter lang og vog 37 kg. Me sende han til byen og fekk 1 kr. pr. kg for han. Me pleide og sette lyregarn på sørøstre sida av Litlekværa, men det var så uført, at garna hengde seg opp i opsene og me reiv dei mykje sundt, men der var stor lyr gjerne på 6-7 kg. Det var farleg når garna hengde seg opp for når me sleit og best så losna dei og da var det lett og få overbalanse og dette over bord. Når me skulle ha småsei så sette me på Storeflu og når det gjaldt torsk så var det sørøstre siden av Litleholmplassen.

 

         Storfin aure fekk me på sandbunn på Hala, der var det og stor steinbit. Vestafor Svinahaien var Laksaberget. Der tok me laksanota på land og gjorde ho rein. Me breidde ho godt utover og tok vekk slyet. Bøyegarnet på laksanota var festet i land på ein stein med ein bolt, står den der nå mon ?

 

Der var masse steng inn forbi Hala mot urda og like til Ålmsteinen. Landslott.  Det var veldig fiske inn med Nordskår og ut fjorden.

 

         Elles var det Kristoffer Jonsen som verkeleg fiska på Gjeteskjær då særleg ål, han satte teiner frå Høylandsneset til Årdal og inn Fisterfjorden. Han hadde 360 åleteiner på det meste, og når han laste dei inn i båten, såg det nærmast ut som ein skog, dei låg i ein høyde på 2 m.

         Agn fekk han frå byen med ”Jøsenfjord». Dei sette det på land på dei forskjellige kaiane, det kunne vara Sørskår, Nessa, Årdal, Fiskå alt etter kor han sette teiner. Han fiska og mykje med garn.

          Johannes Gjeteskjær fiska ein del med dorging. Rein hadde fast fiskeplass på Långaskjærsgrunnen, der sette han sine trollgarn og her hadde han sin plass. Me fiska ein del med slyenot om vårane, me kunne få opptil 20 kg. om kvellen på det beste. Dei beste fiskeplassane etter aure var på Halahoen og Åsensteinen. Det var ein god plass for garn, men det var mange om plassen der. Mort og sild fekk me alltid utafor det gamla naustet, det var og ein god makrellplass.

        

 

         Det største sildafiske var i Ryfylke i 1929, det var eit fiske som dei snakka lenge om iflg. Lars Rasmus Nordbø, f. 1917. Det var ein god lakseplass på Gjeteskjær for eg har funne papirer på at dei måtte betala lakseskatt på Gjeteskjær så seint som i 1968. Ser og rekneskapspapirer at det var godt fiske.

 

         Det største brislingfske me hadde var i 1937-38, då blei det låssatt rundt 50 steng på Gjeteskjær med Litleholmen og Kværa. Brislinglaga betalte 3% av bruttofangst hugsar eg så det blei ein del pengar den gangen. (Landslott). Det var stort sildefiske i Årdalsfjorden i 1943, det var ein heil del store snurpebåtar, som fekk store fangstar, det har aldrig hendt sidan.

 

         Me fiska ein del små ørret både i Gjeteskjærbekken og Grødemsbekken om høsten, men det var ikkje mykje. Når ørretlysten blei rektig sterk gjekk me til Holta-vatnet med stang og mark og oter, han var småfallen, og god var han og. Fiske var i nordenden av vatnet der me satt på ein stein.

 

 

fiske

         Ein bymann som heitte Svend, budde på Gjeteskjær frå 1953 og til 1980 då han kjøpte hytte på Krogevoll. Han fiska mykje med stang, han fekk ikkje alltid så mykje, men han var fornøyd berre dei nappa og han kjende at der var fisk som beit. Det var og ein bymann som heitte Reinert Evertsen som kom på lørdagen og skulle fiska. Han fekk sjelden fisk. Eg sat bak i båten og nappa i snøret og han trudde det var fisk og det tykte eg var morsomt. Det var ein gong Svend skulle ut og fiska, han hadde tenkt seg til Kværa sa han, det var litt rusket og kaldsleg og da han hadde vore borte i 2-3 timar kom han tilbake. Eg sat på kjøkkenet og drøste med Else, kona hans. Eg såg ho smørte på 12 stk. skiver på ein asjett, det var ein heil haug. Eg spørte om han greidde all den maten på ein gang og det trudde ho. Når han kom inn døra såg eg at han var sulten. Han sette seg ned og begynte og eta og drøste. Etter ein tid hadde han ete alle skivene og så retta han opp tri fingrar og ho måtte legga på 3 nye skiver, han åt 15 skiver til saman. Han var innkjøpssjef hos Dreier og var til vanleg fin i matfatet.

 

 

 

Olav Voster

1929 - 2003

Joomla templates by a4joomla