Av Peder Egeland, 1994

 

INNHALDSLISTE

  1. 1.LITT OM JØRPELANDSVASSDRAGET
  2. 2.DALAVATN, SVORTINGSVATN OG TØMMERVATN
  3. 3.TINTUSVATN, LIARVATN OG LONGAVATN
  4. 4.HENGJANDEVATN
  5. 5.JØRPELANDSÅNÅ OG LIVET RUNDT
  6. 6.BILETE AV GAMLE VÅGEN
  7. 7.KRAFTSTASJONANE
  8. 8.FISKET I ELVA
  9. 9.ENDRINGAR ETTER EVENTUELL UTBYGGING
  10. 10.HOVEDDATA OM DEI NYE KRAFTSTASJONANE


INNLEIING 
Det gløymte vassdraget! Alle i Strand har høyrt om Jørpelandsvassdraget, men det er svært få som har vert innover heia og sett.  Alle kjenner til Svortingsvatnet, Dalavatn og Liarvatn, men Longavatn, Venavatn og Krokvatn er det mange færre som har vert ved. Eg har valgt å gå inn i sjølve vassdraget med fakta om dei fleste vatn, litt om fisket og om pH verdien i vassdraget. Det er jo vassdraget Jørpeland er bygd på, hadde det ikkje vert for vassdraget hadde nok ikkje Jørpeland vert den store tettstaden det er i dag.

Jørpelandsvassdraget det alle har sett, men ingen har skreve om. Sjølve Jørpelandsånå strekjer seg frå ca. 291 m.o.h. og ned til 0 m.o.h. Jørpelandsvassdraget får tilførsel av vatn frå både Forsand, Hjelmeland og Strand kommune. 
Jørpelandsvassdraget vore nytta til mange ting, alt frå kraft til fiske. Det starta som drikkevatn å fiske. Det blei oppretta kvernhus, smie og sag. Møbelsnekkeria i Vågen var og eit godt eksempel på at elva kunne nyttast. I den seinare tid kom Staalverket med sine utbyggingar. Det blei regulert og krafutbygginga var i gang. Etter dei siste planane vil Lyse Kraft bygge ytterliggere ut.

k

Jørpelandsvassdraget startar tilførselen heilt oppe i Krokavatnet som igjen får tilførsel av Krøysatjødn, Fiskatjødnhommen, Hillranvatn og nokre småtjødn i nerleiken. Frå Krokavatn renn det videre til Venavatn der også vatn frå Brogavatn blandar seg inn. Frå Venavatn ber det videre til Longavatn. I Longavatnet kjem det vatn frå; Gammlestølstjødnane, Stortjødn, Skivatn, Varhustjødnane, Grydeholltjødna, Svartvatn og nokre småvatn. Frå Longavatn renn det videre til Fårenesvatnet og ned i Liarvatenet. Til Liarvatnet kjem det vatn frå; Holmavatn, Smaasildtjødna, Botnatjødna, Midttjødna og nokre bekker. Det ber videre til Dalavatnet der vatn frå; Hengjanevatn, Øyavatn, Store og litle Nagatjern, Krogavatn og Svortingsvatnet blandar seg inn og renn videre ned Jørpelandsånå. På vegen ned kjem det vatn frå Tintusvatn, Tømmervatn og nokre småbekkar.                                                
Vassdraget slynger seg gjennom tre kommunar og her ein ca. lengde på 2 mil i luftinje.

 

Dalavatnet, Foto Bjørn G. Lyse

 

Dalavatnet 
Dalavatnet ligg på 268,02 m.o.h. og ligg i Strand kommune. 
Vatnet har eit areal på 0,26 km2 
Vatnets regulant er Scana Staalverk a/s, som har til formål å bruke det til kraft utbygging. 
Reguleringshøgda er 1,47 m. 
Auren i vatnet er middels god, men svært overbefolket. pH-en: 
20/6 83   5,13

Svortingsvatnet.
Svortingsvatnet ligg på 463,5 m.o.h det ligg 
eit areal på 2,45 km2  Vatnets regulant er Scana Staalverk a/s. 
Vatnet er regulert 9,5 m og har ein dam i enden mot Lågalia.
Det som er av fisk er tynn aure som er meget god. 
pH-en: 
14/8 78      5,0 18/6 82      4,95 17/6 83      4,95 23/6 83      4,90 
12/9  83          5,0 
02/9  93          4,85

Tømmervatnet
Tømmervatnet ligg 365 m.o.h. og ligg i Strand kommune. Arealet på vatnet er 0.13 km2 og det renn ned i Jørpelandsånå mellom Selemork og Dalen kraftstasjon. 
Vegetasjonen i vatnet består av siv, botngras og algevekster Aure bestanden er over befolket, men den er meget god. 
pH-en: 
14/9 78 5,7 
18/6 82 5,4 
23/6 83  5,06

Tintusvatnet 
Tintusvatnet ligg 465 m.o.h. og ligg i Strand kommune. Største lengde be 750 m og største bredde er 450 m og eit areal på ca. 18 ba. 
Frå Tintusvatnet renn det videre til Tømmervatvanet. 
Vegetasjonen består av botngras, brasmegras, moser og alger. Det vart sett ut 7 garn av umse slag og i løpet av ei fangstnatt blei det tatt inn 28 aurar fordelt på forskjellige størrelsar. 
pH-en: 
09/02 70    5.6

Liarvatnet, Foto Bjørn G. Lyse

 

Liarvatnet
Liarvatnet ligg 296,5 m.o.h. og ligg på grensa mellom Strand og Hjelmeland kommune. Arealet av vatnet er 100 ha.(hektar). Dybden på vatnet er ikkje målt, men vatnet er såpass stort at det vil vera vekslande. Nedslagslinja omfatter skogsmark, myr og snaufjell. Det veks i hovedsaken bjørk i liane rundt. Hovudtilsiget kjem frå nord-aust ned "Grimsliåni" der Forenesvatnet, Holmavatnet m.fl. fell inn. Og i sør-aust frå "Smaasildtjernet." Avløpet renn ut i sør til Dalavatn og videre til Jørpelandsånå. 
Sikt måling gjort om hausten tyder på 6.5-7.5 m. djup. Vatnet har ein brun-gul farge som tyder på humus (myr). Fiskeslaga er ål og aure. 
Det vart sett ut 7 garn av ymse masketettleik hausten 72, i løpet av ei fangstnatt vart det 59 aurar. Dei fleste var mellom 18 - 20 cm 
pH-en: 
20/09 72    5.1 17/06 83    5.22 02/09 93     5.92

Longavatn
Longavatn ligger 451 m.o.h. i Hjelmeland kommune. 
Vatnet er svært langt ca.3.1 km. 
Tilsiget kjem frå aust, frå Krokavatn, Venevatn, m.fl. 
Utløpet renn ned til Forenesvatnet videre til Liarvatn osv. 
Det er bygd éin demning ved ut løpet som er ca.3-5 m høg. 
pH-en: 
12/09 83     5.12

Hengjandevatn 
Hengjandevatn ligg 474 m.o.h. i Strand kommune. Hengjandevatn ligger sør-aust for Svortingsvatnet, I størrelse på lik linje med Regnarvatn. 
Fiske forholda er svert dårlege. Miljøvernsledaren meinte vatnet er heilt tomt for fisk. Det vil seie at det stor fisk og at yngelen ikkje veks opp. 
pH-en: 
18/06 83    4.95

Jørpelandsånå og livet rundt. 
Jørpelandsånå strekkjer seg frå Dalavatn til fjorden. Den har eit fall på 286 m. Jørpelandsånå har lenge vore ei grense mellom Tunglands garane og Jørpelands garane. På Tunglands sida har det vore ei kvern i område ved Tunglands-brua og ei oppe på Selemorks garden. Jørpelands garane hadde to kverner; Begge låg omtrent der kraftstasjonen i vågen ligg i dag. Førlands garen hadde sine kvernhus oppunder fossen. I Vågen her det og vore sager og møbelsnekkerier. På møbelsnekkeria var det mest fåre det gjekk på, men også finare møbler i eik. 
Elva er i dag nytta til to kraftverk og som drikke-vatn til Staalverket. Dei to kraftstasjonar langs ånå: Jørpeland 1 og Jørpeland 2.

 

kl

KRAFTSTASJONANE

Jørpeland 1 
Jørpeland 1 er i dag nedlagt. Den sto ferdig i 1912, dei hadde då bygd ein demning ved Skjedhavn og ei røyrgate derifra ned til stasjonen. Høgdeforskjellen er 74 m og stasjonen hadde ein Francisturbin på 1500 H.K.(heste krefter.)

 

Kraftstasjon I, vågen 

Jørpeland 2 
Vatnet til stasjonen kjem frå dammen ved Storåsfossen. Dammen er 7.5 m høg og 37 m, frå dammen går det ei røyrgate i jern 20 m til eit ventil hus der dei kan stengje vatnet av. Videre går det ei 1500 m. lang røyrgate i tre til ein 300 m. lang tunnel i Førlandsåsen. I tunnelen er det eit basseng og frå dette går det to røyr på 650 m. ned til Kraftstasjonen. Høgde forskjellen er 182.5m. Den eine røyren driv 2 Relton-turbinar. Den andre driv ein turbin.

 

Kraftstasjon II

 

FISKET I ELVA 
Fisket i elva er variabelt, men ikkje noko å skryte av. De går laks opp i elva, men dessverre så kjem den ikkje lengre enn fossen. Fiskaforeningen har lenge ønsket å få til laksetrapper opp fossen, men det har ikkje gått igjennom i kommunestyret. 
pH-en i elva: 
Over kraftst. i Dalens 
02/09 93   6.07 
Over fossen° 
02/09 93   5.47

 

Lengdefordeling for aure og laks, stn 2, Jørpelandselva 26.05.92

 

Endringer etter eventuell utbygging. 
Den utbyggingstanken som ligger bak Lyse Krafts planer for Jørpelandsvassdraget er at dei i størst muleg grad prøver å konsentrere reguleringane. Men dei klarer ikkje å gjere det uten å gjere inngrep i naturen. Lyse Krafts planer medfører regulering av følgande vatn:

Svortingsvatnet, Hengjanevatnet i bakgrunnen. Foto Bjørn G. Lyse


Svortingsvatnet 
Svortingsvatnet vil bli inntaksmagasin for Dalavatnkraftstasjon. Vatnet er i dag regulert 9,5 m mellom 454 og 463 m.o.h. Det vil bli regulert opp ytterligere 11 m til 474,5 m.o.h. Det vil gi ein magasin kapasitet på 55 mill. m3 vatn. Oppdemmingen av Svortingsvatn vil seia at 0,46 km2 vil bli ned-demmd.

Hengjandevatn 
Hengjandevatn er i deg uregulert, dette vatnet ville Lyse Kraft senke med 20,5 m, med ein høgaste vatnstand på 474.5 og ein lågaste vatnstand på 454 m.o.h. Dermed oppnås eit magasin på 10 mill. m3. Med lågaste vatnstand vil Hengjandevatn gi eit tørrlagd område på 0,21 km2. Men etter dei nye planane skal Hengjande fredast. Det vil seie at det ikkje skal byggjast ut.

Longavatn 
Longavatn vil ikkje bli regulert meir enn det er i dag. Det vil seie ein svingning mellom 451 og 454 m.o.h. Ved vatnet vil det i følge planen bli bygd ein pumpestasjon som skal pumpe vatnet opp til overføringstunnelen som fører vatnet til Svortingsvatn.

Liarvatn 
Liarvatn vil heller ikkje bli meir regulert. Her vil vatnstanden svinge mellom 4 m.

Dalavatn 
Dalavatnet vil ikkje bli endra. Sånn som nå vil det vera regulert 1.5 m.

Hoveddata om dei nye kraftstasjonane
Dei to nye kraftstasjonane som er planlagt er Dalavatn og Jøssang kraftverk. 
Dalavatn kraftverk skal utnytte eit fall på 180 meter fra Svortingsvatn til Dalavatn. Aggregatet i Dalavatn kraftverk vil bli ein Francis turbin som yter 25 MW, og gjennomsnittleg årsproduksjon på ca. 82 GWh. 
Jøssang kraftverk skal utnytte eit fall på 285 meter frå Svortingsvatn til fjorden. Aggregatet i Jøssang kraftverk vil bli ein Francis turbin som yter 65 MW, og gjennomsnittleg årsproduksjon på 182 GWh.

 

Stemmen ved Storåfoss. Foto Bjørn G. Lyse

 

Peder Egeland
Klasse 8 A
18-3-1994
Jørpeland Ungdomsskule


Kjelder:
Stranda sågå
Teknisk etat
Regulerings planar frå Lyse Kraft
Kartbok frå Asplan

Stoff og bileter frå biblioteket.