Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Ein pioner-emigrant frå Strand

Rundt hundreårsskiftet skreiv Berthel L. Bellesen fleire reiseskildringar i ”Stavanger Aftenblad” frå møte med rogalendingar i USA. I brev datert Minnesota nyårsdag 1905 fortel han om eit møte med ein strandbu i byen Lake Mills, Iowa. Sjølv om denne byen var nesten utelukkande norsk, hadde han aldri tidlegare trefft nokon frå våre kantar der.

 

Følgjande samtalar utspann seg mellom dei: "Goddag; landsmann. Jeg hører på talen at du er fra Stavanger". -"Ja da - nei Gud velsigne deg, gutten min, kem e du for ein?" -"ja, jeg heder nu -". -"Ja du, eg e ifra Helland i Strand; 90 aar gammel, du. Kom til Amerika med Svendsa-skonnerten "Ebenezer" i 1850. Konen min var ogsaa fra Strand, hun døde 6 uger efterat vi kom over, af kolera. Saa blev jeg gift igjen med en fra Søndre Sogn; hun døde for 10 aar siden. Og nu er jeg alene i 90-aars alderen". -"Har du ikke børn?" -"Jo du, eg e lige patriarken Jacob, eg har havt 12 sønner; 7 er døde, og 5 lever. Eg har ingen nau (nød), og er frisk og rask. Var i Norge for 8 aar siden, og jamen trur eg, at eg reise en gong te, eg".

Bellesen seier at det var ganske forfriskande å møta denne ærverdige 90-åringen. Trass i at han hadde vore der borte i 54 år, snakkte han morsmålet sitt så reint og uforfalska som om han skulle ha kome fra Norge i går.

Kven var så denne mannen som Bellesen møte? Utan tvil må det vera tale om Jens Jensson (Åsen) Helland (f. 1814) som så tidleg som i april 1850 emigrerte til Nord Amerika saman med kone og 4 barn. Han gifte seg i 1837 til Helland med enkja Berta Hendriksdtr. (Strand) Helland (f. 1810). Ho hadde vore gift med Pål Hendrikson Helland (f. 1815) som drukna i Bosfjorden bare 21 år gamal. Med Pål hadde ho 3 barn som alle utvandra i 1854. Sjølv om Pål var odelsborn til halve garden Helland, måtte Jens truleg nøya seg med ein plass under garden, mens garden seinare blei overleten til ein yngre bror av Pål, Gunnar Hendrikson (1822 - 1887). I alle høve ber ein stad på garden den dag i dag namnet Jensa-plasset...

 

 

 

 

 

(Strandbuen 21.10.1983, Lars Asbjørn Nag)

Joomla templates by a4joomla