|
Referat fra besøk på Statsarkivet
På omvisning i Statsarkivet i Stavanger. 12.02.2009
Me var 3 medlemmer i Strand Ættesogelag som var med Lisa Knutsen på omvisning i Statsarkivet i Stavanger. Dei som var med var Birte Larsen, Kjellaug Oftedal og underteikna. Det var ein stor og mektig erfaring.

Der var det hyllemeter på hyllemeter med kyrkjebøker, bøker om gardene i Rogaland. Blant anna fant eg informasjon om garden Sæbø på Hjelmeland. Vidare var det permer der alle dødsannonser frå Rogaland frå 1933 til 1957 var alfabetisk organisert. Eg må nevna at eg fann dødsannonsa til min bestefar som døde i 1946 og min onkel som døde i 1935 berre 29 år gamal. Fleire - dei fleste faktisk - av bøkene var håndskrevne og tjukke. Dei kunne skriva på den tida, du for ei vakker håndskrift. Det var skreve med så lita skrift at me ikke kunne lesa det som sto der uten lupe, det var nok gjort for å spara på papiret. Me lånte ei lupe, og då var det ikke vanskelig å lesa det som stod skreve. Du skulle sett den vakre håndskrifta, det var mest ikkje til å tru.

Lisa fekk og ordna med omvisning nede i arkivet. Normalt får ingen koma ned dit, men det fekk me! Imponerande. Hyllemeter på hyllemeter med Rogalandshistorie. Me kunne lesa om Stålverket, Jøsenfjord ruteselskap, Hjelmeland meieri (som for i flaumen på Hjelmeland i 1940) for å nevna litt.
Me var og innom biblioteket i byen og fekk sett det dei har av gamal historie. Der er og mykje interessant å lesa i.
Dette var ein tur som gleda og inspirerte oss. Eg kjem heilt sikkert til å gå innom Statsarkivet fleire gonger, og då skal eg ha god tid til å leita og studera, for det var utrulige muligheter for å finna fram til spennende historier om hus og heim frå gamle tider. Takk Lisa som tok oss med og viste oss rundt!
Olav Larsen

|