Treff: 4729

Eit sørgjeleg 70 års minne

Fra Strandbuen 12.12.1984.

Våren 1914 var det ei sørgjeleg drukningsulukka i Strand som skaka opp folket vidt ikring.

Det var tre unge bønder frå Alsvik som omkom på ein segltur med ved til Stavanger. Tre enker vart sitjande att i heller trange kår med 12 farlause barn. Eit tilfelle gjorde at ikkje ulukka vart endå større. Olav Jonasen Alsvik hadde lånt den opne fiskebåten til Ole Bjørnsen Vervik for å segla med ei båtlast ved til byen, Det var planen at også kona hans skulle vere med. Men det var austleg vind og veret såg ikkje ut til å venta lagleg. Dette gjorde at då rutebåten frå Årdal kom innom Alsvik, vart det til at kona gjekk ombord der - og sparte livet. Dei to andre bøndene som kom bort var Kristoffer Alsvik og Kristoffer Tøge.

Ingen såg kvar ulukka hende, men truleg var det på fjorden mellom Alsvik og Tau. Dei måtte kryssa seg fram, så ho kan ha skjedd langt ute på fjorden. Ingen av dei omkomne vart funne og heller ikkje båten og veden. Berre eit par skrin rek hand på Talgje. Veden var av tung eik og kan ha sokke av eigen tyngde. Båten hadde mykje ballast av stein, og det var truleg årsaka til at han ikkje vart funnen. Det vart rekna med at han hadde teke inn mykje sjø og sokke rett ned. Alle tre var unge krattege menn, og i alle høve var ein av dei ein flink symjar. Men sjøen kan ha vore for kald så tidleg på året, så dei har ikkje kunna overlevd så lenge. Inger Alsvik, som tok rute båten til byen, fekk ikkje vita om ulukka før ho kom heim neste dag. Det vart ei tung bør å bera for alle heime i Alsvik, men Inger fekk i tillegg ei ekstra økonomisk bør. Det var mannen hennar som hadde lånt båten, så ho måtte bera tapet av båten åleine, sidan han ikkje var trygda.

Ulukka var lenge eit ope sår for heile bygda, og enno lever nokre att av dei som vart farlause, m.a. Erling Alsvik og Ole K. Alsvik, som har fortalt meg om ulukka.

Peter Barkve