Då Heia-grenda var skogkledd

Publisert onsdag 19. mai 2021 10:39
Treff: 1011

Av Sem Austrumdal

Når ein t.d. frå Storhaug-høgda i Stavanger ser innover mot Strand-sokna, ber det i augo ein krans av gardar som lyfter seg mest mot himlaleitet frå ein benk mellom Strand og Jørpeland. Denne gardkrinsen blir i bygdetalen kalla Heiå, og dette grend-namnet er nytta i det minste så tidleg som i 1602; for då står det i leidanglista «Nordland paa Hiedenn.»

Heia-grenda har frå nord gardane Nordland, Nes, Melberg, Sedberg, Helland, Tveid og Åsen. I matriklane frå 1661 og 1668 og i odelsjordebok frå 1617 finst det nokre opplysningar om desse gardane som tykkjest verd å nemne.

Alle desse gardane (med unntak av Helland) høyrde i 1661 til bispestolen i Stavanger. Alle høyrde det skog til, og om Nes er det sagt: «Tidligere schøn Schoug». No hadde bispen Loubrecke Soug, og dreiv stort sagbruk der, men tømmeret måtte i 1661 «Kiøbes och flodis fra Liusefiorden». Nemninga «tidligere schøn Schoug» på Nes syner at før bispen laut fare til Lysefjorden etter tømmer, har han hogge ut storskogen på gardane sine tett ved sagbruket. At dette er slik, tykkjest stadfest ved dei merknadane ein i 1661 og 1668 finn til garden Nag.

I 1661 («Landcommissionen») står det at landskylda på Nag, som var klostergods, må setjast ned fordi garden nå manglar bumark til så stor skyld (5 pund korn). Grunnen er at «3 ødde Gaarder er derfra fest». I matrikkelen for 1668 får ein greie på kva gardar det er meint, og det er jamvel 4 gardar. Det står (folio 148) «--- frå hoffuet gaarden er biugt, Sedberg, Meelberig, Næss och Nordland, som forige tider haffr ligget der under udj ødde, och mange aar haffr staaet for særdeelles Landskyld ---.» Landskylda på Nag vart då nedsett til 3 ½ pd. korn.

Her får ein såleis vite at desse 4 gardane som Nag bygsla av bispestolen, har lege øyde og vore nytta til slått og bumark, mens bispen hogg ut skogen. Tveid og Åsen var øyde i 1563, og vart venteleg nytta av Helland, som i seinmellomalderen tykkjest vere den einaste busette garden i Heiagrenda*). – Helland var gammalt odelsgods, og i 1617 åtte bonden Olluff Houge godt og vel halve garden. ½ laup smør og 6 b.mrk. var herregods, og 7 spann korn var benefisert Strandkyrkja.

Det tykkjest rimeleg at det er desse busetjingstilhøva på 1400- og 1500-talet som har gitt grenda namnet Heiå. Alle gardane (med unntak av Helland) har vore øyde eit par ættledar etter Svartedauden, og så har folket frå sjøgardane kalla øydegrenda for Heiå og bygsla gardane av bispestolen. Dei vart nytta til stølar, markaslått og bumark, medan skogen gav trevyrke til Loubrecke-saga.

*) Dei kan sakte og t.d. ha vore nytta av Barka.

 

Kjelde: Stavanger Aftenblad 12.10.1937 og 14.10.1937

 

PS. Ifølgje Birger Lindanger låg også Helland øyde etter Svartedauden.

SA 12101937

SA 14101937