Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Det gamle grannelaget

Grannelaget var ein samanvaksen og samanvoven heilskap i den gamle bygda.

 

Fra : Jon Bergsaker : Bygd og trygd.
Frå grannelag-skyldnad til trygdelag -skipnad

 

 Det kom til syne i kvardagen og i helg og ved høgtid. Ein kjenner gjensidige skyldnader dei hadde overfor kvarandre i grannelaget og skipnader som hadde vorte fasttømra institusjonar. Ein kan i så måte ta dugnaden i tankar, når arbeid skulle gjerast der anten omfanget eller tida kravde større innsats enn den einskilde heimen og huslyden kunne makta åleine. Ein kjenner be-laga ved livsens høgtider og veit korleis både bryllaup og likferd var gjensidige samanskotslag i grannelagskrinsen. Ein kjenner i det heile grannelaget som ei eining og ein heilskap under flest alle dagsens og livsens tilhøve og med dei einskilde sine gjensidige skyldnader overfor einannan. Slik også om uheppe og ulukke kom på.

I så måte levde det fram til ny tid i bondesamfunnet minningar om innhald som ein fann i dei reppane som landnåmsmennene på Island munne ha teke med seg heimanfrå Norge alt i forhistorisk tid, og i gilda frå mellomalderen, - og for så vidt også minningar om gjensidige skyldnader som folket i dei gamle landsby­institusjonane ute i Europa, og på sør-skandinavisk område, hadde i hopehav og samliv.

 

Eldskade var ei materiell ulukke som kunne koma på. Det går tvillaust langt tilbake i tida i landet vårt med gjensidige skyldnader i grannelaget når slikt bar til. Det munne ha vore skikk og bruk heimanfrå dei utflytte nordmennene tok med seg til det nye samfunnet på Island, når ein der høyrer om grannelagsinstitusjonen hreppr. Etter føresegnene skulle det vanleg vera minst 20 bønder i kvar repp, og dei gjensidige skyldnadene om å gje hjelp innan reppen galdt m.a. når gardshus brann ned. Elles galdt skyldnaden også om ein bonde miste minst fjerdeparten av krøtera sine av fallsott, som det heiter, og som vel må vera ein smittsam krøter­sjukdom.

I samband med den gildeskipnaden som skal ha festna seg i landet vårt frå Olav Kyrre si tid i siste halvpart av 1000-åra finn ein også føresegner som ber i seg gjensidige skyldnader ved eldskade. Gildebrørne gjekk god for at hus og fjøs vart atterreiste etter brann. Ein finn også detaar om den mengd korn kvar skulle gje den skadelidne i tilfelle løa hans brann, og då med skildnad i mengd korn om brannen kom på før eller etter jul. Brann høyløa og gjorde bonden høylaus, skulle gilde brørne etter fastsett norm ta på seg vinterforing av krøter fram til våren og beitetida.

Ut over dei skyldnadene som grannelaget med sine sosiale skipnader hadde lagt på seg når eldskade i krinsen skulle bøtast kunne det vera naudsynt med vidare åtgjerder. Det kunne vera omfanget av skade som tilsa det, eller andre omstende som gjorde den vanlege grannelagshjelpa for liten. Då veit ein at det kunne søkjast hjelp utover den avgrensa grannelagskrinsen. Det kunne gjevast løyve til at ein tok eit større område for seg for å «be i eldskade», som ein sa. På grunnlag av utsegn om stadfest trang frå lågare embetsmann og/eller ved tingsvitne var det amtman­nen som gav løyvet til at ein brannskadd kunne «be i eldskade». Då vart det i det einskilde tilfellet fastsett kor stort område ein kunne ta for seg på slikt vis og kor lang tid løyvet galdt, alt etter omfanget av skaden og trangen for hjelp.

 

Elles veit ein at det til å bøta materiell skade kunne gjevast løyve til pengeinnsamling i kyrkja. Såleis skal slikt ha vore gjort etter brann i byar. Ved brann i bygdene tykkjest likevel ikkje kyrkje-innsamling ha vare brukt. Ein bonde i Stavanger amt fekk i 1724 ikkje stetta søknad om slik hjelp etter brannskade: han «faar som en Bonde la sig nøie med den Skattefrihed han kan nyde», heitte det. Dermed er ein inne på ein annan måte til å døyva skadeverknadene for ein brannskadd bonde: han kunne verta fri skattlegging for ei viss tid. I slike høve måtte trangen for skattefritak stadfestast på ting og med tingsvitne.

Mellom døme som kan nemnast frå Høgsfjord, der skattefritak kunne koma på tale, kan dragast fram storbrannen i Øvre Espedal natta til 12. april 1682, då så godt som heile gardsbygnaden til dei seks gardpartane - der då sat Gunnbjørn, Håvar, Mikkel, Torgeir, Sveinung og Tore - vart lagd i oske og då likeeins krøter og innbu og alt strauk med. Mogens Rettedal og Johannes Barkved stadfeste skaden på Idse skipreideting. Det må ha vore den store brannen i Høgsfjord gjennom hundreåra, ein brann som kunne skapa tidnemning og som det feste seg tradisjonar om.

Brannskade av slikt omfang som i Øvre Espedal i 1682 kunne lite ventast bøtt einast ved gjensidige skyldnader som grannelagsskipnaden føresette mellom dei einskilde innan dugnads- og belags-området. Om ein elles reknar med Øvre Espedal som eigen grannelagskrins, og med alle i krinsen skadelidne, kunne det di mindre ventast. Ein måtte venda seg ut over grannelaget om hjelp etter den store brannen.

Om ein her ser Øvre Espedal, i 1680-åra med seks gardseiningar, utgjera sjølvstendig grannelagskrins, så er det likevel eit fåtal av grannelags-krinsane i Høgsfjord-Strand som var avgrensa til berre ein matrikkelgard som her. Det kunne ymsa etter kor store gardane var og kor mange busette gardseiningar garden femnde om.

 

Det gamle grannelag et levde lengsti be-laget som var grannelags-institusjon ved livsens høgtider, og lengst fram i tida var grannelaget/be-laget i slik funksjon ved likferder. Forsamhjelp av mindre omfang kunne det elles vera avgrensa grannelag innan det større grannelaget. Slik ein kjenner grannelaget ved be-laget ved tider då skipnaden gjekk i opp løysing over i 1900-åra kan det setjast opp slike grannelags­krinsar for Høgsfjord-Strand:

Døvik: Sørskår, Ur.
Sørskår: Døvik, Ur.
Ur: Døvik, Sørskår, Geitaskjær.
Geitaskjær: Ur, Kråkevoll, Grødem, Veland, indre Fiskå. Kråkevoll: Geitaskjær, Grødem, Veland, indre Fiskå.
Grødem: Geitaskjær, Kråkevoll, Veland, indre Fiskå.
Veland: Geitaskjær, Kråkevoll, Grødem, Voster, indre Fiskå. Voster: Veland, Lekvam, Varland.
Indre Fiskå: Geitaskjær, Kråkevoll, Grødem, Veland, ytre Fiskå. Ytre Fiskå: indre Fiskå, Høyland.
Høyland: ytre Fiskå.
Ravnås: Vervik, Kjøllevik.
Vervik: Ravnås, Kjøllevik.
Kjøllevik: Ravnås, Vervik, Vatland.
Vatland: Alsvik, Amdal, Kjøllevik.
Alsvik: Vatland, Amdal.
Amdal: Vatland, Alsvik.
Ugelid: Tau, Kvam, Monane (under prestegarden). Tau: Ugelid, Kvam, Monane (under prestegarden). Kvam: Tau, Ugelid, Monane (under prestegarden).
Monane (under prestegarden): Tau, Ugelid, Kvam, Tjøstheim. Tjøstheim: Monane (under prestegarden).
Vasstveit: Meltveit, Heggheim.
Meltveit: Vasstveit, Heggheim, Lekvam.
Heggheim: Vasstveit, Meltveit, Lekvam, Varland.,
Varland: Lekvam, Heggheim, Voster.
Lekvam: Heggheim, Meltveit, Varland, Voster.
Holta: Øvre Bjørheim.
Øvre Bjørheim: nedre Bjørheim, Østerhus, Rodabakken, Vaula, Holta. Nedre Bjørheim: Øvre Bjørheim, Østerhus, Rodabakken, Vaula. Østerhus: Øvre Bjørheim, nedre Bjørheim, Rodabakken, Vaula. Rodabakken: Øvre Bjørheim, nedre Bjørheim, Østerhus, Vaula.. Vaula: Øvre Bjørheim, nedre Bjørheim, Østerhus, Rodabakken. Prestegarden: Strand.
Strand: delar av prestegarden.
Tuftene (Solbakk): Melberg, Nes, Nag, Heng.
Nordland: Nes, Melberg, Sedberg, Helland, Åsen, Tveit.

Nes: Melberg, Sedberg, Nordland, Helland, Åsen, Tveit, Tuftene, Heng. Melberg: Sedberg, Nordland, Helland, Nes, Åsen, Tveit, Nag, Tuftene, Heng. Sedberg: Melberg, Nordland, Nes, Helland, Åsen, Tveit, Nag.
Helland: Nordland, Melberg, Sedberg, Nes, Åsen, Tveit. Åsen: Nordland, Melberg, Sedberg, Nes, Helland, Tveit. Tveit: Nordland, Melberg, Sedberg, Nes, Helland, Åsen. Nag: Sedberg, Melberg, Tuftene.
Barka: Barkved, Øvre Fjelde, nedre Fjelde. Barkved: Barka, Øvre Fjelde, nedre Fjelde. Øvre Fjelde: Barka, Barkved, nedre Fjelde. Nedre Fjelde: Barka, Barkved, Øvre Fjelde. Førlandsheia: Førland, Langeland, Jørpeland. Førland: Førlandsheia, Langeland, Jørpeland. Langeland: Førlandsheia, Førland, Jørpeland. Jørpeland: Førlandsheia, Førland, Langeland. Dalen: Fureneset, Seljeskog, Tungland.
Fureneset: Dalen, Seljeskog, Tungland. Seljeskog: Dalen,. Fureneset, Tungland.
Tungland: Fureneset, Dalen, Seljeskog, Notvik,  Jøssang.
Notvik: Tungland, Jøssang, Botne.
Jøssang: Tungland, Notvik, Botne - og Torsnes i Forsand.
Botne: Jøssang, Ådnanes, Svines.
Ådnanes: Botne, Svines.
Svines: Botne, Ådnanes.
Erlandsdalen: Kvalvåg, - og Berge og Bergsvik i Forsand.
Kvalvåg: Idse, Idsal, Erlandsdalen - og Berge og Bergsvik i Forsand. Idsal: Idse, Kvalvåg.
Idse: Idsal, Kvalvåg.
Heng: Tuftene, Melberg, Nes.
Hidle: belag for seg sjølv.

(Dei gamle be-laga i Strand er sette opp i samråd med Ola Lekvam, som held ope at det kan ha vore delar av gardar som låg «i skøyten» mellom be-lag som då kan ha vore med båe stader. Elles skal ein merka at når det gjeld opphavelege husmannsplassar er desse berre tekne med og namngjevne når dei var med i anna be-lag enn garden dei låg under)

 

Joomla templates by a4joomla