Fiskaa.jpgcontrast1.jpg

Här stannar inte Jag!

AV LARS GAUTE JØSSANG

 

Svensken hadde ikkje vore lenge på Jørpeland før desse orda kom over leppene. Det tunge vestlandsværet, regn og skodde til alle tider var utåleleg. Barkafjellet og andre fjell i ”syningom” steig elles irriterande til vers og stengde utsynet. Det vart for inneklemt og trykkande. Men klima og landskapsformasjonar var ein ting. Noko anna var dei sosiale spenningane som fortetta seg i den gryande fabrikkbyen fram mot 1920. Dei hadde også med svenskar å gjera.

 


Stålverket

 

Jørpeland og Søre Strand var frå gammalt av helst ein utkant i heradet. Det var Tau og området nord for «Hole Eiga» som utgjorde det naturlege tyngdepunktet. Her låg kyrkja, det vesle som var av kommunal administrasjon og for ikkje å gløyma Tou Mølle. Men hegemoniet til nordbygdarane låg likevel ikkje fast. Like etter århundreskiftet rann nemleg «den nye arbeidsdagen», som Christian Michelsen snakka så varmt om, over landet. Den nyutvikla kraftteknologien gjorde det nemleg mogleg å kobla hestekreftene i fossane til maskinar og produksjonsutstyr stuva saman i fabrikkar. Med mange fossefall lova dette sjølvsagt godt for eit Noreg på veg inn i industrialismens tidsalder.

På denne bakgrunn er det ikke å undrast på at grundarar også kasta augo sine på Tunglands- eller Jørpelandselva. Såleis blei A/S Ryfylke Kraftanlæg danna i 1909 med ingeniør Hallvard B. Sæther i spissen. Og eit år og to seinare kunne bysbarnet og skipsopphoggingsmannen, Ths. H. Poulsson, kalla inn til konstituerande generalforsamling for Stavanger Electro Staalverk A/S. Dermed var tungindustrien på veg til Jørpeland og Strand, til småbruksbygda med fiske og sjøfart som viktigaste attåtnæringar.

Denne artikkelen skal ikkje handla om polariseringa og spenningane som oppstod mellom den nordre og den søre delen av heradet for skuld industrireisinga. I større og mindre grad har dei gjort seg gjeldande heilt fram til i dag. Det opprivande ord­skiftet som til dømes har vore om Høgsfjord-røyret, er djupast sett ein del av denne problematikken. Men når det meir spesielt gjeld Jørpeland, kom altså denne bygda inn i det industrielle dragsuget tidleg i dette hundreåret. Det førte og til at andre kulturstraumar gjorde seg gjeldande. Såleis var det uunngåleg at møtet mellom ein «raud» og internasjonal fagarbeidarkultur på den eine sida og ein «nasjonal» jord-og sjøkultur overrisla av lekmannskristendom og tradisjonelle verdisett på den andre, med nødvende måtte gje atterljom.

 

BYGDA VART OMSKAPT

Folk med skinnbukser, breidbremma hattar og store snuslipper kom til Jørpeland i 1909/10. Mange hadde ein svensk drei på målet sitt, men det galdt slett ikkje alle. Når det både skulle byggast kraftstasjon og eit stålverk med smeltehytte, hammarverk og støyperi, skjønar ein straks at det var behov for mange arbeidsnevar. Difor var det ikkje berre rom for bresne rallarar, men og for bygdefolk. Med anleggsarbeida blei den jamne kvardagstralten broten, Jørpeland kom kort og godt under «forvandlingens lov».

Holger Barkved har skildra omskiftet, eller opptakten til det nye industrisamfunnet, i nærast poetiske ordelag: «Bygda vart liksom med ein gong umsnudd. Ingeniørane kom med sine målegreidor, rekna og stakk ut. Dei kjøpte opp vassrettar og jordeigedomar. Det strøymde til alle slags folk frå nær sagt alle land. Det song under mineboltane, det dunde tungt av sprengsmellane som gav atterljom i fjell milevidt ikring og fortalde at ein ny tid gjorde sitt inntog». Den industrielle revolusjonen kom altså med dunder og brak til Jørpeland, som til Sauda, Odda, Høyanger og andre kraftbygder på Vestlandet.

Korkje stålsmeltarar, formarar eller smedar var å oppdriva i Strand-sokna. Difor orienterte stålverks-direktøren seg mot den internasjonale arbeidsmarknaden. Ths. H. Poulsson rykte inn annonser i aviser på kontinentet, og rekrutteringskampanjen lukkast rimeleg godt. Til Jørpeland kom i alle fall tyskarar, austerrikarar, belgiarar og jamvel ein og annan franskmann. Namn som Starzengruber, Radlgruber og Guillaume bar bod om langveisfarande folk.

Skulle den nyetablerte verksemda få fram stålprodukt med høg kvalitet, var dugande fagarbeidarar ein av dei viktigaste føresetnadene. Jørpelendingane og andre strandbuar kunne i høgden nyttast som hjelpearbeidarar og handtlangarar dei fyrste åra. Det er neppe tilfeldig at så mange av dei lokalrekrutterte arbeidarane begynte karrieren på kaien, som sjauarar under taktstokken til Peder Tungland. Det var ein veg inn i føretaket til andre og meir attraktive jobbar.

Bygda som på eit vis hadde slept taket i primærnæringane, vart til eit fleirnasjonalt/fleirkulturelt samfunn. Men trass i betydlege skilnader på det nasjonale, faglege, kulturelle og livssynsmessige området, gjekk likevel dette fyrste «møtet» av i likaste laget. Visst la utlendingane for dagen eit anna levesett med andre skikkar. Og visst var fleire av dei katolikkar.

Visst blei avstanden uhorveleg stor mellom den utanlandske arbeidareliten og fiske- og jektebøndene som knapt hadde sett ein fabrikk før. Og visst var organisering av arbeidarar i fagpolitiske samanslutningar av typen Jern og Metall noko nytt. Men på bakgrunn av dei store endringane, skulle ein kanskje ha venta fleire utladningar. Dei store konfrontasjonane uteblei, så om samkvemet ikkje akkurat var harmonisk, var dette for inkje å rekna mot det som kom nokre år seinare.

 


Jørpeland i vinterskrud.

 

JOBBETID — DYRTID — REVOLUSJONSTID

Den fyrste verdskrigen kom som eit stort sjokk på det «siviliserte» og framstegsvennlege Europa. Den positive utviklinga som lenge hadde rådd grunnen, blei avløyst av liding og store atterslag. Kven kunne sjå for seg sorpefylte skyttargraver med sundskotne kroppar berre nokre år i forvegen? Sjølv om ikkje Noreg direkte blei trekt inn i krigshandlingane, deltok landet som «nøytral alliert», for å bruka ei kjend nemning.

Men nokre vart råka meir enn andre. Blant desse høyrer så absolutt Stålverket på Jørpeland. Mobiliseringsordren nådde nemleg den nyindustrialiserte bygda i ytre Ryfylke. Så sjølv om nokre la det døve øyra til, vart det oppbrot for dei fleste utlendingane. Då tyskarane glei ut Idsefjorden, vart det sunge «Deutschland, Deutchland uber alles» så det høyrtest langan lei. No skulle dei heim og kjempa for Keisar Wilhelm! Fulle av kampmot sa dei farvel til Jørpeland og arbeidsplassen sin.

Ths. H. Poulsson kom dermed verkeleg i klemma. Utan fagarbeidarar — ingen produksjon. Dei lokalrekrutterte arbeidarane hadde rett nok begynt å snusa på meir avanserte jobbar enn sjauinga på kaien, men dei hadde på ingen måte den nødvendige kompetansen til å ta over. Til dette kom at direksjonen for Stålverket hadde sagt ja til utviding av verksemda. Mellom anna skulle det byggast valseverk og endå ein kraftstasjon. Aksjeinnbydinga blei sendt ut, og responsen var slett ikkje klein.

Mangel på fagfolk var heilt klart eit trugsmål mot Stålverket. Men direktøren tok stuten så å seia ved horna. Sjølv om «svenskehatet» knapt hadde lagt seg, 1905 låg trass alt ikkje så langt attende, orienterte Poulsson seg nettopp mot dette nabolandet. I industriell utvikling, og spesielt på det elektrometallurgiske området, hadde svenskane lange tradisjonar og opparbeidd ekspertise. Vervekampanjar med god løn og andre lokkemiddel gjorde si gjerning. Det dukka raskt opp nokre forløparar, før ein strid straum av svenskar kryssa heradsgrensa. Larsson og Ljungquist og andre etternamn som enda på «son» og «quist», vart vanlege.

Det blei jobbetid på Jørpeland frå 1916 og utover. Sjølv om Stålverket opplevde flaskehalsar i råstoff-tilgangen, blei likevel ikkje drifta hemma i nemnande grad. Produksjonsprosessane gjekk sin gong, Nansenstål blei laga og skipspropellar og smidde artiklar, som pikker og spett m.m., blei skipa ut frå bygda til kundar både nær og fjern. På anleggsplassane, inne på sjølve Stålverksområdet og på den nye kraftstasjonen oppe i Jørpelandsdalen, var det også full aktivitet.

Det viste seg likevel at anleggsarbeidarane denne gongen var meir radikale enn forgjengarane hadde vore. Såleis bar mange på syndikalistiske «anskuelser», som ein gjerne sa i den tida. Denne sosialistiske retninga med opphav i Frankrike, hadde bråe og uventa arbeidarframstøytar som fremst kjennemerke. Plutseleg kunne dei legga ned arbeidet og krevja høgare løn eller andre endringar i arbeidsvilkåra. Fleire tinga «Direkte Aktion» og «Revolt», bladnamn med klare hint om den ideologiske orienteringa.

Øsinga og gjæringa i tida henta også kraft frå den sterke krigsinflasjonen. Som fylgje av dette tok arbeidarane til å forlanga «dyrtidstillæg». All den tid fagforeiningsstellet hadde kome i god gjenge att, det fall saman då utlendingane reiste i 1914, kunne dette gjerast med dess større kraft. Difor kom det også til dyrtidsdemonstrasjonar på Jørpeland, såvel som i Kristiania. Direktør Poulsson og driftsstyrar Steen lika dette berre sånn passeleg, men slik som stoda var, kunne dei likevel ikkje vera for steile. Samstundes var det også klart at stålverksøkonomien, grunna dei store investeringane, ikkje tålte ein altfor slepphendt lønspolitikk. Marginane var små og rammene kunne fort bli sprengde.

Tida arbeidde i det store og heile mot kapitalistane. Arbeidarrørsla i Noreg blei frå 1916 og utover, sterkt radikalisert. «Dynamittmannen» frå Trondheim, Martin Tranmæl, hadde sidan 1911 ivra for ei meir aggressiv linje overfor arbeidsgjevarane. Og Fagopposisjonen, som den nye retninga vart kalla, hadde vind i segla. Tranmæl og mange av dei andre arbeidarleiarane tenkte i revolusjonere banar. Det liberale demokratiet var etter deira meining ubrukande som statsform. L'ancien regime måtte vekk, eit klasselaust og arbeidarstyrt samfunn var den lysande stjerna på kamptummelen.

Syndikalistiske rallarar, stigande matvareprisar og ei generell radikalisering av arbeidarrørsla på alle nivå, dvs. lokalt, nasjonalt som internasjonalt, varsla moglege samanstøytar, også på Jørpeland. Året 1917 blei då også skilsetjande for det nye stålverkssamfunnet.

 



 

FRAM MED KNYTTNEVEN

Det var ikkje fritt for at anleggssluskane og ungkarane på Stålverket såg meir på jentene enn det bygdeungdomen sette pris på. Det hende heller ikkje så sjeldan at berusa svenskar og nordmenn for den del, kom rennande inn på basarar og liknande tilstellingar. Sjølv om dette i fyrste rekke råka folket på Jørpeland, gjekk heller ikkje nabobygdene fri. Såleis fekk Bjørheimsbygda ved fleire høve ublide vitjingar. På sin måte gav slike episodar også næring til uroa, med kvassare frontar som synberrt resultat.

Mot slutten av 1916 slo soknepresten i Strand alarm. Til heradstyret skreiv han at det var «åpenbart for alle som vil se at det i den senere tid har tiltat med misbruk av spirituosa drikke ... Der skibes hjem en mengde drikke og følgerne er ... voksende råskap». Med mindre det vart truffe «effektive foranstaltninger» ottast presten at det i desse tidene kunne alast «op en drikfældig slekt». Utviklinga hadde gått frå vondt til verre. No hadde det jamvel blitt slik at «de gode elementer av befolkningen neppe tør komme sammen, fordi de risikerer at forstyrres og forulempes av fulde folk».

Med drikkinga fylgde slagsmål. På vårparten i 1917 tørna svenskar og jørpelendingar saman i eit alvorleg basketak. Det vart så gale at bedrifta måtte ta affære. 40 arbeidarar av «de værste syndicalister paa Vestlandet» fekk påbod om å reisa frå bygda. Stålverket bestemte seg for å gjera kort prosess, dvs. «faa fjernet de umuligste Elementer af svenske Syndicalister». Slik som situasjonen var, galdt det om å statuera eit eksempel. På den måten vart utvisinga ein siger for bygda som nærast hadde blitt teken på senga.

Likevel blei det ikkje ro. Ein dag i september same året kunne Stavanger Aftenblad fortelja om «Styg sjau på Jørpeland — slagsmaal og mange revolverskudd». Journalisten kunne melda om «ondartede gatekamper». Under desse bataljane hadde «etpar svensker (også) benyttet revolver» og fyrt av «10-15 skud». At ingen blei alvorleg såra, «betegnes som et under». Sjølv om ein ikkje kan stola blindt på avisreportasjen, var tilhøva langt frå rolege og idylliske. Knytteneven sat i alle fall laust i bukselommen på folk!

Elles vekte «de uegte fødsler» ikkje så liten bekymring. Ei gruppe som kalla seg «Flere Venner af Sædelighet» skreiv såleis brev til presten å klaga si store naud. Dei hadde lenge trutt at «det Offentige vilde skride til mod den Usædelighed som foregaar her paa stedet», men åtgjerder var ikkje blitt iverksette. Greip ikkje presten inn, truga gruppa med å venda seg til «Politimand og Amtmand» for støtte og «videre forføining».

Drikking, slåssing og sedløyse var i og for seg ikkje ukjende fenomen for jørpelendingane. Det nye var i fyrste rekke omfanget og at «umoralen» blei boren fram og eksponert av radikale og framande arbeidarar. Den halvkristlege bygdekulturen blei utfordra av ein pågåande, gudlaus og sosialistisk fagarbeidarkultur. Flagget, det krossmerkte nasjonalsymbolet og 17. mai, vart ikkje vørdt så mykje på. I staden veifta arbeidarane med raude faner, særleg den 1. mai.

Slikt egga til motsegn.

 


1. mai 1918

 

DEN UUNNGÅLEGE KONFRONTASJONEN

Bolsjevikane sin siger og revolusjonstilløpa på kontinentet skapte også von og optimisme blant arbeidarar på Jørpeland. Det kjendest som ei ny tid var i emning, og difor var det all grunn til å bæra hovudet høgt. Innad på Stålverket kjempa arbeidarane for dyrtidstillegg og kortare arbeidstid. Utad blei beisk kritikk formulert mot «de lædende bønder i Strands herredstyre». Det var spesielt den slette innsatsen til provianteringsrådet som fekk gjennomgå. Blei det ikkje snart betring i mat- og forsyningsvegen, «fraskriver vi os alt ansvar for hvad det maate bli følgerne».

Kravet om 8 timars arbeidsdag blei vidare reist med styrke 1. mai i 1918. Ein deputasjon blei sendt til Stavanger, der hovudkontoret låg. Men direktør Poulsson hadde ikkje tankar om å koma utsendingane og arbeidarane i møte. «Imidlertid slaar dog ikke arbeiderne sig tilfreds med dette. Kravet ... kommer igjen, sterkere og sterkere, indtil man innser at der er ikke nogen vei udenom». Slik skulle det også gå.

Den 17. juni same året gav leiinga grønt lys for «Normalarbeidsugen» i smelteverket, og dermed var det viktige 8-timarskravet innfridd. I tur og orden blei denne arbeidstidsordninga også innført i dei andre avdelingane.

Dessutan pressa arbeidarane leiinga til nye dyrtidstillegg i 1918. I samband med tariffrevisjonen i mars året etter, var det dessutan duka for nye lønskrav. Arbeidarane i jern- og metallindustrien blei tilkjent 30 øre meir i timeløn. Men så pressa økonomisk som Stålverket var på det tidspunktet, nølte Poulsson i det lengste med å innrømma dette tillegget. Fyrst etter at Arbeidsretten den 19. juni slo fast at ingen unntak kunne gjerast, melde direktøren pass. Men det skulle visa seg at dette var ein skinn-manøver. Kort tid etter trakk bedrifta tilbodet attende, noko som gjorde situasjonen endå meir betent.

«Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon», som LO den gongen heitte, oppmoda til politisk streik 21. juli til støtte for Russland, den nye bolsjevikstaten. Stalverksarbeidarane ville gjerne visa sympati og solidaritet, og tok difor fri og gjekk i demonstrasjonstog denne dagen. Dette var ei politisk, og dermed lovleg streik. Likevel møtte arbeidarane den neste morgonen ein stengd fabrikkport. Ei slik lettferdig omgang med arbeidsplikta kunne ikkje bedrifta akseptera. I alle fall heitte det slik i den offisielle grunngjevinga for lockouten.

Etter «Utkastelsen från arbetet», som det står i ein av protokollane, blei eit fellesmøte for alle arbeidarar og organiserte grupper på staden skipa til. På denne storsamlinga blei Jørpelandkontroll med og sjølv overta «produktion og omsætning», og på den måten bana veg for «den socialistiske samfunnsorden». Konflikten tok med dette ei ny og alvorl Faglige Samorganisasjon danna. For no galdt det om å stå saman og markera styrke. Samorganisasjonen fekk ikkje uventa ein revolusjonær profil. Arbeidarane måtte vinna egare vending.

Den 23. juli kom mottrekket. Då blokkerte dei lockouta arbeidarane all anleggsaktivitet på og rundt Stålverket. Dette råka moderniseringsprogrammet som snart var ferdig. Når produksjonen kunne koma i gong att, blei med eitt meir usikkert. Noko verre kunne knapt henda verksemda, og driftsstyraren reagerte då også momentant og hardt. Å utbetala «optjent løn, betaling for opsigelse og feriegodtgjørelse,» nedla han straks forbod mot.

Då dette blei kjent, tok arbeidarane oppstilling utanfor kontoret hans. «Jeg stod alene mellom 250 mann», fortel Steen i sine memoarar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Folkemengda var «opphisset av sine ledere til å foreta seg hva som helst». Men ved «bestemt opptreden holdt jeg ... den osende skare i sjakk til politipatruljen (frå Stavanger, lgj) ... nådde fram», og det heile løyste seg opp. Frontane fraus til og konflikten blei langvarig. Iste Mai, no Rogalands avis, dekka konflikten og kom med kraftige skuldingar mot Stålverket. At bedrifta sa opp husleigekontraktane, og dermed bokstavleg tala kasta arbeidarane sine på gata, blei det særleg reagert på. «Kapitalen retter alltid slaget mot arbeiderne paa de følsomste punkter og undlater ikke et hvilketsomhelst, ja selv de aller simpleste midler».

Utan tak over hovudet var det ikkje så enkelt å føra kampen vidare. Og avisa var ikkje nådig. «Staalværket lægger tydelig for dagen i al sin optræden, at gjøre opholdet for arbeiderne saa bittert og surt at de maa forlate stedet (...) Jørpeland skal avfolkes og det ser ut som at staalverket skal faa sit ønske opfyldt. Store skarer av arbeidere, særlig ungkarer forlater stedet, men familieforsørgerne kan ikke saa lett slippe avgaarde og maa derfor, hvor ubehagelig opholdet end kan være, indtil videre slaa sig til taals derinde». Slik skreiv Iste Mai skuffa og vonbroten på vegne av arbeidarane.

 


Svenskebyen

 

Stålverket kom fyrst i drift på nyåret i 1920! Nærare eit halvt år hadde verksemda då stått stille. Byggestoppen, produksjonstapet og dei tunge investeringane hadde utmatta bedrifta. Berre dei færraste visste då at føretaket i røynda var konkurs. Etter oppstarten skjedde det eigentleg eit stille eigarskifte. Bergen Privatbank, den største aksjeeigaren og kredittgjevaren, tok verksemda under administrasjon.

 

SANERINGSPROSESS MED LANGTIDSEFFEKTAR

Poulsson og Stålverket fekk verkeleg føling med kva radikale arbeidarar kunne stella i stand. I eit tilbakeblikk frå 1921 omtalar direktøren krigsåra som «en eneste sammenhængende agitation med regelmessige eruptioner». Slik som han vurderte tilhøva, var Stålverket «utset til forsøksobjekt for de nye ideer med Arbeiderraad først og «Socialisering» efterpaa». På denne bakgrunn var det nødvendig «at vise Arbeiderne en gang at nu var det alvor ... der var saa at sige aldri Pusterom». Det stod såleis klart for direksjonen at den «maatte føre saken til ende for at faa arbeidsro».

Å setja hardt mot hardt var altså ein strategi for å koma «de fortvivlede Arbeidsforhold» til livs. Meir konkret innebar dette å pressa arbeidarane over på defensiven, og så få vekk dei mest radikale elementa. Det skjedde både i 1917 og 1919 som me såg. I samband med den siste saneringsprosessen kom særleg Jacob Sustad og Carl Nielsen, dei fremste og mest pågåande arbeidarleiarane, i skotlina. Dei hadde «ageret blæsebelg», og bar, etter Poulsson si meining, det største ansvaret for tilspissinga og konfrontasjonen.

Når Sustad blei karakterisert som «en hensynsløs Mand af Bolsheviktypen», er det ein uvanleg sterk ordbruk. Då hevinga av lockouten nærma seg, var det i alle fall eit ufråvikeleg krav at desse ikkje blei tekne inn att. Før skulle bedrifta «staa i 7 maaneder til», slo Poulsson kategorisk fast. Han fekk kravet oppfylt.

Sustad, Nielsen og andre aktivistar måtte såleis forlata Jørpeland. Som i 1917 gav dette Stålverket «en kjærkommen anledning til litt etter litt å supplere mancoen med ledig, lærelysten ung arbeidskraft fra omegnen». Så då produksjonen kom i gong att, var det på mange måtar ein ny og langt mindre opponerande arbeidsstokk som fekk sin daglege dont på Stålverket. Midt på 20-talet blei det til og med innleia eit organisert samarbeid mellom fagforeiningane og leiinga, noko som berre få år i førevegen hadde vore heilt utenkeleg.

I Jørpeland si industrihistorie framstår perioden frå 1916 til 1919/20 som ei tid med revolusjonære overtonar. Åra fram til krigsutbrotet i 1940 var i så måte mykje rolegare. Men heller ikkje i dette tidsspennet var lufta heilt spenningsfri. Generelt stod jo mellomkrigstida i klassekampens teikn, men mindre på Jørpeland og Stålverket enn elles i landet. Mykje kan forklarast med nedgangskonjunkturane som sette inn etter 1920. Men det faktum at bygdearbeidarane vart stålverksarbeidarar i langt større grad enn før, må for denne industristaden vera ei viktig tilleggsforklaring.

I motsetnad til Sauda og Odda, to nærliggande og samanliknbare industristader, har Jørpeland aldri seinare hatt nokon utprega og sterk arbeidarkultur. Heller ikkje har dei motkulturelle rørslene, bortsett frå ein periode i mellomkrigstida, markert seg noko særleg. Dette har sjølvsagt samanheng med fleire ting. Sikkert er det i alle fall at det dramatiske «møtet» mellom bygdekulturen og den framande og sosialistmspirerte fagarbeidarkulturen som toppa seg i lockouten, la viktige føringar for ettertida.

Med mindre skarpe kantar kunne også bygdearbeidarane melda seg inn i Jern og Metall, og såleis spela meir på lag enn det dei tidlegare hadde gjort. I kjølvatnet av det store oppgjeret i 1919, blei det utvikla nye sosiale, politiske og kulturelle rammer for samhandlinga mellom dei ulike befolkningselementa på Jørpeland. Den kristeleg farga lokalkulturen begynte på ein heilt annan måte enn før å svinga i takt med den «avideologiserte» arbeidarkulturen. Omskiftet førte også til at Jørpeland ikkje heilt blei tømd for svenskar. Såleis blei «Har stannar inte jag» til «Hår stannar jag»..

 

 

1.   Denne artikkelen bygger på mi hovudoppgåve i historie, «Arbeidsprosessar og arbeidarpolitikk ved Stavanger Electro Staalverk A/S 1913 - 1931», Universitetet i Bergen. AHS Serie A, 1987-2.

Elles er jo standarverket Edvard Bulls, «Arbeidermiljø under det industrielle gjennombrudd», Universitetsforlaget, 1972. Øivind  Bjørnsons,  «På klassekampens  grunn»  (1900-1920), Tiden Norsk Forlag, 1990, er også eit sentralt arbeid om den perioden.

M.t.p. vidare lesing kan eg og tilrå, Trond Nordby, «Norsk nasjonalisme som historisk problem», Nytt Norsk Tidsskrift 1/1986.

2. Til utdjuping, sjå Lars Gaute Jøssang, Brest i den kommunale einskapen i 20-åra. Sørbygda som eigen kommune», «Strand­hogg», 1/1985.

Lars Gaute Jøssang er født i 1957 på garden Jøssang noen kilometer frå Jørpeland. Han er historikar og arbeidar nå med norsk oljehistorie.

Fra: Folk i Ryfylke, Årbok for Ryfylkemuseet 1991. Artikkelen er gjengitt med tillatelse fra forfatteren og Ryfylkemuseet. Bilder hentet fra Strand Biblioteks billedarkiv.

 

Joomla templates by a4joomla